Konfliktar på mange nivå
TEATER

«STREIK!»
Spel i Folldal, Plana ved Folldal Gruver
Idé, manusutkast og musikk: Ragnhild Moan og Synnøve Brøndbo Plassen
Regi og manus: Sandra Bringsjord Pape
Scenografi: Siri Lien
Kostyme: Helle Lie Jakobsen
Hår og sminke: Thea Skomakerstuen
Orkester: Erlend Tredal, Ester Thunander, Astrid Garmo og Vegard Staum
Med: Erlend Rødal Vikhagen, Christoffer Masters, Signe Dorthea Krohn Gjessing, Mads Gukild, Håvard Moe og femti lokale statistar
«STREIK!» er eit underhaldande musikkspel som på velspela vis dokumenterer Folldalsstreiken, ein av landets mest langvarige arbeidskonfliktar.
Høgt til fjells, grensande til Rondane og Dovrefjell, ligg den karrige vesle kommunen Folldal. På midten av 1700-talet blei det funne malm, og i 1748 starta det opp med gruvedrift. Etter ein konkurs i 1878 gjekk engelske investorar inn og tok opp att drifta i 1903. Den berre 25 år gamle ingeniøren Worm H. Lund blei tilsett som direktør. Han var ein dugande gründer som fekk eigarane til å investere og bygge ut, nesten over evne. Men Lund hadde inga forståing for fagorganisering, nekta å melde gruva inn i Bergverkernes Landssammenslutning, og difor blei det heller ikkje nokon tariffavtale. Tidleg på 1920-talet gjekk arbeidarane til ein eittårs streik som det kom lite ut av. Men ettersom lønsnivået i Folldal var mykje lægre enn i gruvene elles i landet, låg misnøya latent.

I 1929 gjekk arbeidarane ut i ny streik, og det blei starten på ein av dei lengste konfliktane i norsk arbeidsliv. Den vara i 22 månadar, og det var tøft nok med ei ikkje alt for stor streikekasse. Men i Folldal åtte gruveselskapet alt, infrastruktur, husvære og skule. Ikkje nok med at arbeidarfamiliane blei kasta ut av husværa sine, ungane blei også nekta skulegang. Så blei det hyra inn streikebrytarar, «pjalt», blant arbeidslaus ungdom frå Toten. Stemninga var oppheta, og det kom til mang ein konfrontasjon mellom pjalt og streikande. Direktøren rekna nok med at utan husvære for dei streikande, ville han få ein lett siger, men der forrekna han seg. Småbøndene i Folldal opna heimane sine og delte på det vesle dei hadde.

plassoppseiing til direktør Worm H. Lund (Erlend Rødal Vikhagen). FOTO: AMUND GRIMSTAD
Dei engelske eigarane var meir opptekne av produksjon og botnline enn fagforeiningsknusing, så det heile enda med at direktøren blei sparka og arbeidet tatt opp att våren 1931. Streikebrytarane måtte gjere avbikt og betale ei bot til fagforeininga. I første omgang var ikkje streiken nokon suksess, for løna blei ikkje betre. Men samhaldet hadde gjort at arbeidarane sette seg i respekt, og det gav løns- og velferdsmessige resultat på lengre sikt. Folldalsstreiken blei også viktig i den nasjonale kampen for organisasjons- og streikerett, og mot streikebryteri.

skrittet å kaste ungane til dei streikande ut av skulen. Her må læraren, Frøken Halvorsen (Lena Bydel Hauge), lese utkastingsbrevet for elevane. FOTO: AMUND GRIMSTAD
Denne konflikten har i lang tid nærast ropa på ei større dramatisering eller spel. For nokre år sia sette to unge folldølar, Ragnhild Moan og Synnøve Brøndbo Plassen, seg føre å gjere noko med det. Dei to er urøynde med teater, men er velmeritterte så det held innan musikk. Saman med regissøren Sandra Bringsjord Pape har dei skrive eit musikkspel som hadde urpremiere for to år sia, og onsdag var det duka for nypremiere. Med Plana på Verket som naturleg scenografi nyttar dei den verkelege historia som solid bakteppe, men har dikta inn nokre situasjonar for å skape betre dramaturgi. Direktøren (Erlend Rødal Vikhagen) og den sindige fagforeiningsleiaren Ole Beck (Arne Olav Vårtun) er historiske personar, men elles er det ein del fri fantasi. Eit særs vellukka grep er at Einar Kvennom (Christoffer Masters), nestleiaren i fagforeininga, er frå Toten, og storebror til Johan (Håvard Moe) som etter kvart kjem til Folldal som streikebrytar. Slik får dei konfliktnivået også ned på det personlege planet. I framsyninga har kvinnene fått stor og velfortent plass. Møta med Liv Kvennom (Signe Krohn Gjessing), kona til Einar, og det aktive arbeidarkvinnelaget, syner at kvinnene gjorde langt meir enn å halde fortet på heimebane.

arbeidarkvinnelaget, leia av Åse (Lena Nylend). FOTO: AMUND GRIMSTAD
Framsyninga blir spela i dagslys, med mange folk og på eit stort område. Det fører til at det ofte er vanskeleg å oppfatte kven som snakkar. I Sandra Bringsjord Papes regi er historia godt formidla, men dramaturgien kunne ha vore strammare, og nokre av sceneskifta litt meir saumlause. Fem profesjonelle skodespelarar i dei viktigaste rollene er grunnfjellet i framsyninga, og mange av statistane gjer også framifrå tolkingar. Men med nærare femti lokale statistar, og berre ein regissør, har det ført til litt sviktande personinstruksjon for nokre av dei. Det tar dei fleirfaldig att på songen. Det mest imponerande ved denne oppsettinga er den særs gode musikken til Moan og Brøndbo Plassen. Den er ei herleg sjangerblanding som står godt til framsyninga. Eit kompetent orkester på berre fire gir solid tonefølge til dei mange songane. Både koring og dei individuelle songinnslaga er overtydande godt framført.

«STREIK!» står framleis litt attende på personinstruksjon og regi, men er likevel blitt eit mangefasettert sosialt drama som vekslar fint mellom dei store og dei meir personleg konfliktane. Samstundes er det ein god dokumentasjon av ein viktig del av norsk arbeidarhistorie.

Det blei bror mot bror når Einar Kvennom (Christoffer Masters) opplevde at den arbeidslause litlebroren, Johan (Håvard Moe), var mellom streikebrytarane som blei transporterte inn frå Toten. FOTO: AMUND GRIMSTAD
(Meldinga stod i Klassekampen fredag den 24. juli 2026.)