I nattas mulm og mørke

I nattas mulm og mørke

TEATER

IKKJE ALLE SØV: Bakaren og dottera Murielle er vakne ogfår sjå kva som skjer. FOTO: ERLEND DALHAUG DAAE

«Når alle sover»
Unge Viken Teater, og Teater Joker
Basert på ei bok av Nicolai Houm med illustrasjonar av Rune Markhus
Dramatisering: Niels Peter Underland, Amalie Ibsen Jensen og Patrick Børjesson etter ein idé av Gjermund Andresen
Regi: Niels Peter Underland
Scenografi og kostyme: Gjermund Andresen
Komponist: Raymond Enoksen
Figurdesign og figurmakar: Anna Granberg
Med: Amalie Ibsen Jensen og Patrick Børjesson

Ei enkel, men gjennomført og umåteleg vakker lita framsyning for dei aller yngste, men som kan knuse hjarta på oss eldre.

ØYDELEGGINGSTRONG: Alle kan ha lyst til å øydelegge litt, men for Boba har det ngått noko over styr. FOTO: ERLEND DALHAUG DAAE

Ei av dei mest rørande barneframsyningar eg har sett på lenge, er «Når alle sover» av Unge Viken Teater i samarbeid med Teater Joker. Det er ei berre tretti minutt lang vakker, opplevingsrik og sanseleg framsyning for ungar i alderen 3 til 5 år. Eg såg den i foajeen til Scene 3 på Det Norske Teatret, og blei så rørt at tårene pressa på.

Den aldri kvilande scenografen Gjermund Andresen fekk ideen til å skape eit scenisk univers av boka «Når alle sover» av Nicolai Houm med illustrasjonar av Rune Markhus. Regissøren Niels Peter Underland har saman med skodespelarane Amalie Ibsen Jensen og Patrick Børjesson dramatisert det heile, og i Gjermund Andresens scenografi, med musikk av Raymond Enoksen og med dei flotte figurane og dokkene til Anna Granberg er det blitt eit lite kunstverk av ei framsyning som nok ein gong viser at det er ikkje omfang, påkostnad og staffasje som avgjer om noko blir god scenekunst.

REPARASJON: Litle Fetir Lutemann ryddar opp etter Boba. FOTO: ERLEND DALHAUG DAAE

På golvet i foajeen er det skapt eit lite bysamfunn med bustadhus, rådhus, kyrkje, og eit bakeri. Det er natt og vi må vere stille, for her søv alle. Med nokre få unnatak. I huset til bakaren lyser det for han må vere oppe og gjere ferdig baksten til byen vaknar opp. Dottera hans, Murielle, skulle nok ha sove, men greier det ikkje, og blir slik vitne til det som skjer i den vesle byen medan alle søv. For då kjem den 32 meter høge kjempa Boba fram frå bakom byfjellet. Alle har av og til lyst til å øydeleggje litt, men for den etter måten ganske milde kjempa, har lysta gått noko over styr. Han veltar hus, riv av dei pipene og bøyer kyrkjespiret så byen ser mest ut som ein slagmark. Men når Boba trekk seg attende og før byen vaknar til liv, dukkar nok ein fargerik figur opp. Litle Fetir Lutemann er Bobas motsetnad, og ryddar opp i kaoset. Så når borgarmeisteren om morgonen spør byens politimann om alt er i orden, kan han trygt svare stadfestande på det, utan å ane kor nær han er ved å ha tatt feil.

Men så ei natt blir litle Fetir Lutemann skadd og får ikkje til å rette opp øydelegginga til Boba. Kva skjer då? Det skal eg sjølvsagt ikkje røpe. Men det eg kan seie er at nå må ungane i salen på banen for å hjelpe til. Korleis det skjer, får du sjå sjølv, men ungane lever seg inn i situasjonen og går til verket med full dedikasjon. Og det er då ein nok ein gong får stadfesta at det knapt finst betre og meir opplevingsrik scenekunst enn barneteater som blir skikkeleg interaktivt. Og det blir det her.

UFARLEG: Ungane elska å bli omfamna av Boba. FOTO: ERLEND DALHAUG DAAE

Dei to skodespelarane, Amalie Ibsen Jensen og Patrick Børjesson, er både forteljarar, dokkeførarar og skodespelarar og går saumlaust ut og inn av dei ulike oppgåvene. Dei tek seg tid til å vende seg til og involvere dei små i salen, og sjølv om det er særs synleg dokkeføring, gir den godt liv til Anne Granbergs mange fine dokker og figurar. Alle figurane ser ut til å vere tru mot illustrasjonane i boka. Kjempa, eller monsteret om du vil, er sjølvsagt diger, men lodden og mjuk som han er, verkar han ikkje spesielt skremmande. Det får vi synleg prov får når Patrick Børjesson let ungane bli omfamna av kjempa, og dei ser ut til å elske det. Scenografien til Gjermund Andresen er ein liten by ein kan vandre inn i, og samspelet han har hatt med figurmakaren Anne Granberg er framifrå. Dei har greidd å leggje inn fullt av små humoreskar og komiske gags, særleg med pipene på hustaka. Og som om ikkje dette er nok, har dei også fått plass til nydelege songar komponert av Raymond Enoksen. I det heile tatt er denne framsyninga, trass sine berre tretti minutt, stappfull av opplevingar, humor og gode forteljingar. Og i botn ligg det ei vakker historie om vennskap. At finalen er ganske open og at framsyninga heller ikkje har nokon openberr moral, er for denne meldaren også eit stort pre.

«Når alle sover» blir spela i barnehagar, men eg håpar at den i tillegg vil få fleire opne visningar slik at vi vaksne også kan få lov til å ta del i og bli med inn i barnas opplevingar.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Finn ut mer om hvordan kommentardataene dine behandles.