Stemmer frå Utøya
TEATER

«15 år»
Det Norske Teatret, Rommen scene
Av: Kathrine Nedrejord mfl.
Konsept: Tatu Hämäläinen, Kathrine Nedrejord og Ingrid Weme Nilsen
Regi: Tatu Hämäläinen
Scenografi og kostyme: Tove Dreiman
Koreografi: Siri Jøntvedt
Komponist: Natali Abrahamsen Garner og Magnus Skavhaug Nergaard
Musikar: Natali Abrahamsen Garner
Lysdesign: Martin Myrvold
Med: Mohammed Aden Ali, Serhat Yildirim, Thea Lambrechts Vaulen og Vetle Bergan
Statistar: Eira Ystrøm, Apollo Xavier Adriana Villanueva Storsve, Viola Tetlie Stangenes, Live Dransfeld Mortensen og Kasra N. Mahani
Ei framsyning som både får oss til kome under huda på ungdomane på Utøya i 2011 og som samstundes greier å peike framover.
I sommar er det femten år sia terroråtaket mot regjeringskvartalet og sommarleiren til AUF på Utøya. Sjølv om det ikkje er så lenge sia, er heile ungdomskullet vårt i dag for unge til å ha opplevd eller hugse noko frå det som skjedde, rosetoga og den skilsetjande sommaren 2011. Femten år er ikkje lenge, men nokre av ofra på Utøya fekk ikkje bli eldre, og mange av deltakarane var berre femten år gamle då dei opplevde det ingen av oss andre kan fatte omfanget av. Saman med regissøren Tatu Hämäläinen og dramaturgen Ingrid Weme Nilsen har dramatikar Kathrine Nedrejord gjennom lang tid snakka med og intervjua etterlatne og nokre av dei som var på Utøya, og 10. juni var det urpremiere på «15 år» på Rommen scene. Nennsamt og varsamt har dei tre nærma seg tematikken, og det er blitt eit lågmælt og særs sterkt lite drama som med ein overraskande finale syner både at livet går vidare, og at det er håp om vi berre engasjerer oss og snakkar saman.
Framsyninga tek til med at vi står saman med dei fire skodespelarane i eit stort ope rom. På bakgrunn av intervjua som er gjort, fortel dei fire i eg-form fleire ulike historier om korleis og kvifor desse ungdomane engasjerte seg og blei med i AUF. Ettersom dei beveger seg blant oss, blir vi på eit vis del av det heile, eller at desse ungdomane er «nokre av oss» som blir engasjerte politisk. Det heile skjer heller ikkje utan humor, for det er mang ein grunn til å bli medlem av ein politisk ungdomsorganisasjon.
Etter denne halvtimens intro, blir vi inviterte på dugnad (ja sjølvsagt dugnad for slik er det på sommarleir, og vi er alle deltakarar), for å rigge om rommet til å bli eit landskap ved vatnet, med teltdukar, steinar og leirbål, ikkje ulikt Utøya. Medan vi sit på campingstolar og kosar oss med sjokolade og jus, fortel dei fire nye historier, denne gongen om å kome til Utøya, om første dagen, om møtet med alt det spennande og nye, for så å vakne opp til striregn og kulde – og gryande heimlengt. Dei fortel om aktivitetar, føredrag og etter kvart om meldingar om eksplosjonar i hovudstaden. Alt er uvisst, og ingen veit heilt kva som skjer og har skjedd, men her er dei trygge, for dei er jo på ei øy.

Så tek dei til å høyre skot, men trur det er alt anna enn det det er, før det gradvis skjer ting som gjer at dei fattar alvoret. Sakte, varsamt og med låge, men intense forteljarstemmer får vi repetert hendingsforløpet. Men fakta er ikkje det viktigaste i denne framsyninga, men skildringa av uvissa og etter kvart redsla ungdomane kjende på. Meir enn i noka forteljing frå denne dagen, greier dei fire å formidle kjenslene som fylte ungdomane., Dei visste ikkje kva som skjedde og når dei ringte politiet, fekk dei beskjed om at hjelp var på veg og ikkje meir. Var det statskupp? Og kven kunne ein lite på? Dei såg ein politimann som skaut og drap folk. Var ikkje politiet heller til å stole på? Om ein kasta seg i det kalde vatnet og la på sum, ville ein kanskje bli skotne av folka i fritidsbåtane. Redsla og alle desse kjenslene blei formidla på eit vis som verkeleg kom under huda på oss av fire skodespelarar som greidde den fine balansen ved å syne oss, og ikkje fortelje, kva som gjekk gjennom hovudet og kroppane på desse ungdomane.

Så er det heile over, trur vi. Og vi veit jo alle korleis det gjekk. Men når vi sit litt i villreie om vi skal klappe for dette eller berre vere stille i taus respekt og ettertanke, kjem ein heilt uventa finale. Inn frå bakscena kjem fem ungdomar mellom 16 og 20 år, alle for unge til å ha opplevd eller hugse Utøya. Dei set seg i ring, presenterer seg og fortel kvifor dei har aktivisert seg i politiske ungdomslag eller interesseorganisasjonar. Og det flotte er at dette er ikkje noko ekkokammer, for her er folk frå heile det politiske spekteret. Utan manus, heilt naturleg, og eg vil tru ulikt frå kveld til kveld, fortel dei om si eiga politiske oppvakning, og dei snakkar avslappa og innsiktsfullt om ulike politiske tema. Fem kloke ungdomar som syner vegen fram, og kor naudsynt det er at vi ikkje berre engasjerer oss, men snakkar saman.