Tre nære venner har lurt kvarandre – trur dei

Tre nære venner har lurt kvarandre – trur dei

TEATER

KVEN VEIT KVA?: Tre gode venner, der Jesper (Pål Fredrik Kvale) har eit forhold til Emma (Hedda Emilie Østrem) medan Robert (Henrik Hoff Vaagen), Emmas mann og Jespers bestevenn, er heilt uvitande. Trur dei. FOTO: MOTIEJUS KURMIS

«Utro»
Haugesund Teater
Av: Harold Pinter
Omsett av Morten Joachim og ensemblet
Regi: Morten Joachim
Scenografi og kostyme: Heile produksjonsgruppa
Lysdesign: Ole Frederik Melhus Olderkjær
Med: Hedda Emilie Østrem, Pål Fredrik Kvale og Henrik Hoff Vaagen

Eit humoristisk lite drama der alt det usagde spelar hovudrolla slik at ein aldri veit heilt kva ein skal tru.

Berre eit par veker før pandemien råka oss i 2020 hadde Haugesund Teater premiere på José Saramagos «En beretning om blindhet». Ein skulle tru teatersjef Morten Joachim var synsk, for dette stykket handlar om ein pandemi. Men vel så interessant var kva teateret gjorde då alt måtte stengjast. Der andre teatersjefar sløkte lyset og permitterte dei tilsette, sende Joachim skodespelarane heim med kvart sitt videokamera. Og med rekordrask ny dramatisering av det same stykket lagde dei føljetongteater med vekentlege episodar på YouTube. Det var kreativt, artig, ganske meta og særs underhaldande. Men mest av alt viste det at det går an å hive seg rundt og tenkje nytt når situasjonen krev det.

DEN FORSMÅDDE?: Robert (Henrik Hoff Vaagen) har truleg visst meir enn dei to andre trudde. FOTO: MOTIEJUS KURMIS

Nå har det vesle regionteateret gjort eit liknande stunt. For fire veker sia fann dei ut at dei hadde litt ekstra kapasitet for tre av teaterets skodespelarar. Så brukte dei halvanna veke på å finne rett drama, og enda opp med Harold Pinters «Betrayal». Dei omsette det på nytt medan dei tok til med førebuingane, og etter to og ei halv veke med omsetjing, scenerigg, kostymelaging og prøver, var det torsdag premiere på det som blei ei overraskande god og leiken tolking.

Den britiske forfattaren og nobelprisvinnaren Harold Pinter (1930-2008) var ein av førre hundreårets fremste dramatikarar. Spesielt var han ein meister i å formidle det usagde. «Betrayal» frå 1978 er eit særs godt døme på dette. Det er også eitt av hans mest spela drama, og handlar om utruskap der ei kvinne gjennom sju år har eit intimt forhold til bestevennen til mannen sin. Spesielt er det at dramaet blir spela i revers der vi tar til eit par år etter at forholdet er avslutta, for så i tablå etter tablå å nøste oss attende til då det heile starta.

I tidlegare norske omsetjingar har dramaet fått tittelen «Bedrag». Haugesund Teater kallar det i staden «Utro», som i større grad går rett inn i tematikken. Dei har også gitt deltakarane norske namn, og referansane er lokale og stundom ganske artige. For sjølv om dette er eit alvorleg tema, ligg det mange humoristiske skråblikk i Pinters tekst.

VINBAR: Emma (Hedda Emilie Østrem ventar på at Jesper (Pål Fredrik Kvale) skal kome, to år etter at dei avslutta forholdet sitt. FOTO: MOTIEJUS KURMIS

Opninga er løyst særs kreativt reint scenisk. Som publikum benkar vi oss i Øst Vinbar, ei triveleg lita vinstue rett ved sia av teateret. Der sit vi og hygger oss når med eitt Emma (Hedda Emilie Østrem) og Jesper (Pål Fredrik Kvale) kjem inn, som om dei var to av oss. Dei har i mange år hatt eit forhold bak ryggen på Robert, Emmas mann og Jespers bestevenn. Som fluger på veggen blir vi vitne til ein intim og særs velspela samtale mellom dei to der vi får presentert mykje av historia, og at Emma kvelden før har fortald Robert om det heile. Emma går og Jesper ringer Robert (Henrik Hoff Vaagen) som kjem etter ei stund. Så blir det ein komisk og litt klein samtale mellom dei to. Men også denne med mykje underliggjande humor. Og i tillegg eit hav av undertekst.

KOS: Emma (Hedda Emilie Østrem og Jesper (Pål Fredrik Kvale) i «dekkleiligheit» medan det stod på.. FOTO: MOTIEJUS KURMIS

Deretter bryt vi opp og flyttar oss over i teaterbygget der scena er eit opphøgd golv som kan vere både ei dobbeltseng og eit stuegolv. Her blir vi, lag for lag, tatt attende i historia der tablåa blir skilte frå kvarandre med musikk, små rekvisittskift og ved at skodespelarane på symbolsk vis går baklengs.

Trass stutt prøvetid er dei tre aktørane blitt overraskande fortrulege med rollene, og dei gir oss nydelege og varierte portrett av tre nære venner som i ni år har lurt kvarandre. Trur dei. For så syner det seg på finurleg vis at det meste ikkje er som dei trur, og til slutt er det ganske uvisst kven som har lurt kven. Det mest openberre er at dei nok alle har lurt seg sjølve.

FINALEN OG STARTEN: Robert (Henrik Hoff Vaagen) då Emma og Jesper fann kvarandre. FOTO: MOTIEJUS KURMIS

Morten Joachims regi har vore tru både mot Pinters skrivne og uskrivne tekst, gitt skodespelarane rom for mimikk og pausar der orda ikkje strekk til, og han har gjort dette til like mykje ein humoristisk forviklingskomedie som eit psykologisk drama om å lure og bli lurt. Ein ørliten nedtur var det å flytte frå den kreative vinstueopninga og ned i det tradisjonelle titteskapsteateret, men det blei meir enn kompensert med den nydelege løysinga av ein heilt open finale.

(Meldinga stod i Klassekampen onsdag den 3. juni 2026.)

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Finn ut mer om hvordan kommentardataene dine behandles.