Stillferdig opposisjon
TEATER

«Ikke!»
Hålogaland Teater, Scene øst
Av: Gro Dahle og Svein Nyhus
Dramatisering og regi: Bård Bjørknes
Scenografi og kostymedesign: Christina Lovery
Figurdesign: Ella Honeyman-Novotny
Komposisjon: Espen Mauno og Ellen Andreassen
Lysdesign: Erlend Østrem Nielsen
Med: Kristine Henriksen, Julia Bache-Wiig, Gina Lindås Theodorsen og Ellen Andreassen
Ei vakker og poetisk lita framsyning om at ungar aldri skal vere skjøre egg til utstilling.
Nyfikna og utforskartrongen er ein vesentleg ingrediens i vår menneskelege utvikling. Særleg i dei første formative leveåra er det mykje som skal bli testa, utprøvd og forstått. Då er det ikkje greitt at dei vaksne handterer deg som eit skjørt egg som ikkje toler ei einaste utfordring. Kvar gong du testar ei grense, kjem det frå ein eller annan velmeinande føresett: «Ikkje!». Det er farleg, Du må ikkje klatre, hoppe, smake osb. for då kan det gå deg ille. Dei gløymer at skrubbsår også er ein del av læringsprosessen for eit lite barn. Om dette har Gro Dahle skrive boka «Ikke!», illustrert av Svein Nyhus. Den handlar om vesle Tiki som opplever trongare og trongare rammer, og som har sin eigen reaksjon på det. Og nå har Bård Bjørknes dramatisert historia som figurteater for Hålogaland Teater der han sjølv også har regien.

I fjor sette HT opp «Bukkene Bruse begynner på skolen». Det var ei vakker, leiken og poetisk figurteaterframsyning som blei Heddanominert for beste barneteater. Oppsetjinga av «Ikke!» er av same kunstnarlege lag, og nok ein gong er det blitt ei humoristisk, vakker og poetisk framsyning, og kanskje meir enn den førre, med ein bodskap egna til ettertanke for dei vaksne i salen. På biscena til HT har scenograf og kostymedesignar Christina Lovery skapt eit opplevingsrikt univers i tråd med illustrasjonane til Svein Nyhus og med særs talande kostyme. Og Ella Honeyman-Novotnys figurdesign byggjer vidare på det same. Her møter vi Tiki (ei dokke ført av Kristine Henriksen), ei lita jente som vil klatre i tre og utforske verda, men som har eit par føresette (Julia Bache-Wiig og Gina Lindås Theodorsen) som er altfor beskyttande. Det er NEI her, og IKKJE der.

Til slutt blir det for mykje for Tiki, og noko må gjerast. Som Oscar i «Blikktrommen» av Günter Grass, har ho si eiga løysing. Men der Oscar vel å slutte å vekse, er Tikis val meir drastisk. Ho blir mindre og mindre, nydeleg vist gjennom saumlause skifte av dokker. Til slutt endar ho opp som det vesle, skjøre egget dei føresette trur ho er, plassert i ei glasklokke til pynt. Og ikkje som eit menneske i utvikling. Korleis det vidare går, skal eg ikkje avsløre, men ungar er kjende for å ville sprengje grenser, så du kan jo tenkje sjølv….

Dei fire aktørane på scena (Kristine Henriksen, Julia Bache-Wiig, Gina Lindås Theodorsen og Ellen Andreassen) greier den fine vekslinga med både å spele reelle personar og å vere dokkeførarar. Spelet og skifta er synkrone, og dei tar godt vare på det poetiske og undrande i framsyninga. Eit vesentleg element for å understreke det siste er den nyskrivne musikken av Espen Mauno og Ellen Andreassen