Imponerande autentisk

Imponerande autentisk

TEATER

BERRE MENN: Skipinga av AKP (m-l) blir presentert av den homofile Jacob (Alexander Rindestu), klakkøren Thormod (Alexander Martinsen), lokallagsleiaren Stian (Sindre Arder Skildheim) og arkitektstudenten Ove (Espen Mauno).. FOTO: KNUT ÅSERUD

«Grønnegata»
Hålogaland Teater, Scene Vest
Av: Maja Bohne Johnsen
Regi: Nina Wester
Scenografi og kostymedesign: Dagny Drage Kleiva
Lysdesign: Øystein Heitmann
Lyddesign: Alexander Aarøen Pedersen
Med: Espen Mauno, Trude Øines, Guri Johnson, Ketil Høegh, Sindre Arder Skildheim, Alexander Rindestu, Hanne Mathisen Haga, Alexander Martinsen og barn frå Lille HT

Med «Grønnegata» har Hålogaland Teater greidd å skildre tidsanda frå 70-talet på eit varmt og forståeleg vis.

25. SEPTEMBER 1972: Valnatta som skapte optimisme og framtidstru. Folket sa nei til EEC (EF).. FOTO: KNUT ÅSERUD

For ti år sette Hålogaland Teater opp «Vestregate» om livet i ei gata i Tromsø, skrive av Maja Bohne Johnsen. Som utanbys meldar trefte den ikkje meg sjølv om den blei ein lokal suksess. Nå har Johnsen skrive eit drama om ei anna gate, «Grønnegata», og nok ein gong i regi av Nina Wester. Den handlar om 1970-talets ungdomsopprør, draumar og visjonar, og meir spesifikt om AKP (m-l) og Oktoberbokhandelen i Grønnegata som i 1977 blei sprengd av nynazistar i det første terroråtaket i Norge etter krigen.

OKTOBERBOKHANDELEN: Det gamle trehuset i Grønnegata som blei Oktoberbokhandel nokre år før nynazistar sprengde den. Ein funfact er det at mykje av denne teatermeldinga er skriven på same staden, for i dag står det eit hotell på tomta som eg brukar å nytte når eg er i Tromsø. FOTO: KNUT ÅSERUD

Det er skrive fleire bøker om denne tida, og dei fleste av folk som ikkje opplevde henne og som difor rett og slett ikkje forstår kva som skjedde frå streikane i 1970, EEC-kamp i 1972, skipinga av AKP (m-l) i 1973, Vietnamkrigen, den nye kvinnerørsla og gryande miljøkamp. Difor er det imponerande at Maja Bohne Johnsen (f. 1972) i så stor grad har greidd å fange tidsanda og draumane som låg til grunn for eit engasjement som nok «gikk vel langt, men va ganske interessant» for å sitere Hans Rotmo.

EIN (NESTEN) VANLEG FAMILIE: Arkitekstudenten Ove (Espen Mauno) og kona og kvinnefrontaren Marianne (Trude Øines) med ungane Lennart og Leni (frå Lille HT). Kvardagen deira er som for familiar flest. Nesten.. FOTO: KNUT ÅSERUD

Det tar til med valnatta 25. september 1972 då folket sa nei til EEC. Vi møter jublande ungdomar, og i neste scene held fire av dei pressekonferanse etter skipinga av AKP (m-l) året etter. Så følgjer vi ein gjeng politiske aktivistar i Tromsø gjennom dette tiåret, med hovudvekta på arkitektstudenten Ove (Espen Mauno), kona hans Marianne (Trude Øines) og dei to ungane Lennart og Leni. Ove studerer i Oslo, men vil hoppe av studiet og proletarisere seg. Den partilause Marianne har lita forståing for det valet jamvel om ho blir særs aktiv i Kvinnefronten. Det går opp og ned med ekteskapet, og Ove slit også med forholdet til faren (Ketil Høegh) som driv konfeksjonsforretning, er ein borgar, men som også har si løynde historie. Vidare møter vi «Fine-Jacob» (Alexander Rindestu) som er i ferd med å kome ut av skapet, og som blir sjokkert over «Fråsegna» frå leiinga i AKP om at homofili er eit seksuelt avvik med rot i samfunnstilhøva. Ein som forsvarar det meste, er den lokale AKP-leiaren Stian (Sindre Arder Skildheim) som berre blir meir og meir firkanta. Og så er det forvaltaren av den sunne fornuft, Laura (Guri Johnson) som er ei mor godhjarta alle kan søke råd hos.

PÅ STAND FOR AVISA: Å stå på stand og selje Klassekampen var ei av mange plikter arkitektstudenten Ove og resten av partilaget hans måtte gjere. Nok ein funfact: Denne meldaren var sjølv ml-ar og arkitektstudent på 70-talet. Men rollemodellen for Ove (overtydande tolka av Espen Mauno) var min studiekamerat Erling «Struppen» Steenstrup (1949-2025), arkitektstudent som proletariserte seg og vende heim til Tromsø.. FOTO: KNUT ÅSERUD

Sentraldirigering, dogmatiske utspel, redsla for fleire naziåtak og endringar i verdssituasjonen gjer at mykje av gløden og entusiasmen falmar utover tiåret, og Ove blir meir og meir desillusjonert. Men for dei fleste av desse entusiastane hadde rettferdskjensla sett seg fast som ein ryggmergsrefleks, så finalenummeret indikerer at det framleis er grunn til å arbeide for ei betre framtid.

VASSHOL: Møtestadane var mange, og sjølv om aktivismen blei ein livsstil, var det også eit rikt sosialt liv. Ikkje alle var ml-arar. Eva (Hanne Mathisen Haga) lengst opp til venstre (berre på bildet, men ikkje i røynda) vurderte å melde seg inn i Arbeidarpartiet , og det til hoderystande reaksjonar frå resten.. FOTO: KNUT ÅSERUD

Scenografien til Dagny Drage Kleiva er bokhandelen i Grønnegata plassert på dreiescena, og ulike heimar og møtestadar på sidene. Det fungerer godt, men blir noko glissent i andre akt. Kostyme og rekvisittar er imponerande autentiske. Det er også både historia, lydspora, regivala til Nina Wester, og ikkje minst spelet til heile ensemblet. Tolkinga av Ove er gjort med varme og overtydande innsikt av Espen Mauno. Det same gjeld Sindre Arder Skildheim som greier å gi liv til den dogmatiske partileiaren utan å gjere han parodisk. Og så gjer Guri Johnson ei strålande tolking av den kloke Laura som har gode råd til alle. «Grønnegata» er blitt eit innsiktsfullt og både kritisk og lunt skråblikk på vår nære historie.

(Meldinga stod i Klassekampen tysdag den 22. september 2026 under overskrifta «Skråblikk på ml-historia».)

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Finn ut mer om hvordan kommentardataene dine behandles.