Peers versjon

Peers versjon

TEATER

INTENST: Maria Kristine Hildonens formidling av Peer Gynts tankar og refleksjonar er eit imponerande stykke skodespelarkunst. FOTO: BÅRD GUNDERSEN

«Peeropolis»
Kulturfestivalen Peer Gynt, Gålå
Ein samproduksjon med Teater Innlandet og Teater Ibsen
Basert på Henrik Ibsens «Peer Gynt»
Tilarbeidd av Maria Kristine Hildonen og Sjur Miljeteig
Regi: Maria Kristine Hildonen og Erik Ulfsby
Komponist: Sjur Miljeteig
Scenografi og lysdesign: Øyvind Wangensteen
Med: Maria Kristine Hildonen, Sjur Miljeteig og Elisabeth Mørland Nesset

Ei innsiktsfull musikalsk reise inn i Peer Gynts indre, nyskapande og annleis, men likevel så tru mot Ibsens tekst.

Mang ei oppsetjing av «Peer Gynt» har freista å gjere ei indre reise i tankane og ideane til drøymaren, løgnaren og fantasten Peer. Men alle desse tolkingane let likevel forteljinga om livet hans vere grunnstamma i framsyninga. Slik skil Maria Kristine Hildonens «Peeropolis» seg frå alt eg tidlegare har sett. Saman med Sjur Miljeteigs musikk, utan noko handlingsforløp og strippa for all staffasje, gir ho nytt liv til Henrik Ibsens tekst.

UTTRYKKSFULLT: Maria Kristine Hildonen har eit så stort register at diskré og detaljrik mimikk er meir enn nok. FOTO: BÅRD GUNDERSEN

Trass ung alder og berre seks års profesjonelt virke, er Maria Kristine Hildonen alt blant landets mest meritterte skodespelarar. Mange vil hugse henne frå «Prima Facie» som turnerte med Riksteatret i fjor der ho samarbeidde tett med perkusjonisten Elisabeth Mørland Nesset og komponisten og lyddesignaren Sjur Miljeteig. Mindre kjent er det at ho gjennom nesten halve livet har vore med i «Peer Gynt» på Gålå, først som friviljug og seinare som profesjonell skodespelar. Med bakgrunn i si spesielle interesse for Peer, har Hildonen nå tatt opp att samarbeidet med Nesset og Miljeteig, og saman skapt framsyninga «Peeropolis», ein samproduksjon frå Kulturfestivalen Peer Gynt, Teater Innlandet og Teater Ibsen. Det er blitt ei opplevingsrik musikalsk reise inn i Peers indre.

KOMPONIST OG MUSIKAR: Sjur Miljeteigs musikk smyg seg om og følgjer framsyninga, men yter også Peer motstand. Her er Miljeteig med trompet. FOTO: BÅRD GUNDERSEN

Hildonen har fjerna så godt som all ytre handling og dei fleste av menneska Peer møter. Attende står hans eigne refleksjonar, draumar, forklaringar og freistnad på sjølvinnsikt. Og sjølv om ho er særs tru mot Ibsens manus, for her er inga omskriving, berre reine utdrag av teksten, så har ho late vere å følgje Peers liv kronologisk. I staden har ho kappa historia opp i bitar og fragment og sett dei saman att som ein musikalsk mosaikk, tilsynelatande ganske tilfeldig, men berre tilsynelatande. For gjennom komposisjonen av desse fragmenta av liv og tekst greier ho å kome djupare inn i kven Peer var, og presenterer alt vi trudde vi visste på eit vis som gjev ny og annleis innsikt.

«PEERKUSJONISTEN»: Med sitt energiske spel understrekar Elisabeth Mørland Nesset rytmen og musikaliteten i Ibsens tekst. FOTO: BÅRD GUNDERSEN

I forarbeidet har det vore eit særs tett samarbeid med Sjur Miljeteig, for han har skrive musikk som følgjer, smyg seg om og understrekar teksten på eit imponerande vis Men musikken blir også Peers einaste motspelar ved i stor grad å yte han motstand. «Peer Gynt» er i utgangspunktet ikkje tenkt som teater, men er eit dramatisk dikt der den bundne forma er ein heilt avgjerande ingrediens. Gjennom musikken, ved bokstavtru sitering, og ved å halde på metrikk og den bundne forma, har «Peeropolis» greidd å ta vare på og understreke musikaliteten og rytmen i Ibsens tekst. Og sjølv om Hildonen først og fremst formidlar utdrag av teksten, skjer det også at alle tre nynnar til. I tillegg til at Hildonen i ein sår passasje også er innom «Solveigs song» til Edvard Griegs tonefølgje.

KLOKKESPEL: Elisabeth Mørland Nesset nyttar også andre «instrument» for å få fram ulike delar av lydbildet. FOTO: BÅRD GUNDERSEN

Scena er eit nytt, lite amfi på Gålå. Med transparent bakvegg ser vi både skogen og Gålåvatnet. Vi er i Peers rike, og meir treng ikkje scenograf og lysdesignar Øyvind Wangensteen. I staden har han fylt scenerommet med ei mengd lysrøyr som i takt med musikken er med på å skildre og understreke stemningar og innhald. På eine sida av scena sit perkusjonisten Elisabeth Mørland Nesset med slagverk og klokkespel. På andre sida står Sjur Miljeteig med trompet og elektronikk. Og i midten ei nøytralt kledd Maria Kristine Hildonen som framfører teksten til innlevande, heftig og tidvis særs suggererande akkompagnement av dei to andre. Her er minimalt med fysisk spel, men Hildonen har eit så enormt register at hennar diskré, men detaljrike mimikk er meir enn nok. Ho er på same tid intens, lågmælt, medrivande og heilt magnetisk. Saman med Erik Ulfsby har ho sjølv regi på ei framsyning som på berre ein dryg time greier å formidle meir, og ei heilt anna innsikt, enn mange fullskaloppsetjingar.

(Meldinga stod i Klassekampen fredag den 7. august 2026.)

«Peeropolis» blir vist på Nationaltheatret i samband med Ibsenfestivalen i haust før det blir turné både i Innlandet og Telemark.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Finn ut mer om hvordan kommentardataene dine behandles.