TEATER
«Tåkefall»
Rogaland Teater, Intimscena
Av: Noah Haidle
Omsett av: Gunstein Bakke
Regi: Kjersti Haugen
Scenografi og kostyme: Katrin Bombe
Komponist: John Derek Bishop
Lysdesign: Haakon Espeland
Med: Marianne Holter, Øystein Martinsen, Helga Guren, Even Stormoen og Anders Dale.
Formidabelt ensemblespel i ei absurd og tankevekkjande oppsetjing om at ein i alle fall må forsøke for å lukkast.
Den amerikanske dramatikaren Noah Haidle (f. 1978) har trass ung alder alt ein omfattande produksjon både for scene og lerret. Stykka hans blir sette opp over heile verda og han har vunne ei rekkje prisar. Her heime er berre tre av dei blitt sette opp, alle ved Det Norske Teatret, og det er også alt. Teatersjefen ved Rogaland Teater, Glenn André Kaada, var sjølv regissør for ein av dei, «Herr Marmelade», i 2016 og såg nok kvalitetane i forfattarskapet, for nå har han vald å setje opp «Tåkefall» («Smokefall») frå 2013 på Rogaland Teaters intimscene.
Framsyninga er eit tett og intimt kammerspel som vekslar humoristisk og leikent mellom realisme og det absurde, og som har eit særs relativt forhold til omgrepet tid. Vi startar ein stad i Amerika på tidleg femtital der Violet (Marianne Holter) ventar tvillingar som barnefaren Daniel (Øystein Martinsen) ikkje vil ha. Frå før har dei ungjenta Beauty (Helga Guren), farens augestein. For nokre år sia proklamerte ho at ho hadde sagt sitt, og slik blei det. Ho slutta å prate. Pater familias er obersten (Even Stormoen), Violets mor, enkemann og lettare dement, men i ljose augeblikk formidlar av stor livsvisdom. Anders Dale er forteljaren som leverer den eine forklårande fotnoten etter den andre. Så følgjer vi denne vesle familien gjennom fem-seks generasjonar i ei setting der tida korkje er lineær eller konstant, men fullstendig flytande. Dei same fem skodespelarane går ut og inn av roller i dei ulike generasjonane der omdreiingspunktet heile tida er den vanskelege kjærleiken, at alle forhold på eitt eller anna vis før eller seinare er dømde til å mislukkast. Men at vi likevel må forsøke. For denne framsyninga er ein humoristisk og underhaldande hyllest til freistnaden. Du vinn i alle fall ikkje om du lar vere å forsøke.
Kjersti Haugen har regien, og ho har gjennom mange år synt seg som ein god historieforteljar. Det kjem godt med, for denne historia er både litt innfløkt og omstendeleg, og det tar ei stund før det losnar heilt, men då sit ein også nesten trollbunde og freistar å følgje med på den langt frå kronologiske handlinga, full av uventa brot og skift, surrealisme og absurditetar, tidvis presentert på hysterisk artig vis.
Katrin Bombes scenografi er ein rund, opphøgd plattform der publikum sit på båe sider. Dei einaste scenografiske elementa er ein stol, eit epletre som nærast er del av familien, og eit puslespel som aldri blir ferdig. Og over det heile ein lysande sirkel. I denne manesjen følgjer vi den vesle familien på si absurde, litt triste, men også humoristiske leiting etter både meining og lykke. Trass i enkel scenografi, er den særs symboltung, og det sirkulære illustrerer effektivt mantraet om at alt berre går rundt og rundt utan start og mål.
I fleire tidlegare meldingar av oppsetjingar på Rogaland Teater, har eg framheva teaterets spesielle evne til å lage godt ensemblespel. Denne produksjonen er nok eit solid prov på det. Fem ekstremt samspela skodespelarar som alle leverer på høgste nivå med både timing og spel. Eg må likevel få trekkje fram framsyningas store høgdepunkt der vi får bli med inn i Violets livmor og møter dei to tvillingane (Anders Dale og Øystein Martinsen). I eit særs fysisk og fullstendig absurd spel vekslar dei mellom stor intellektuell kapasitet og heilt infantile spedbarnsrefleksar medan dei ventar på og gruar seg til fødselen. Den scena er åleine verd besøket.
(Meldinga stod i Klassekampen måndag den 5. februar 2024.)