Makt, løgn og attrå

TEATER

KJENSLEVART: Nære og finstemte tablå mellom Blanche (Nina Ellen Ødegård) og Stella (Mari Strand Ferstad). FOTO: GRETHE NYGAARD

«En sporvogn til begjær»
Rogaland Teater, hovudscena
Av: Tennessee Williams
Omsett av Leif Schiødt-Helgeland
Regi: Maria Kjærgaard-Sunesen
Scenografi og kostyme: Simon Holk Witzansky
Komponist og lyddesign: Sjur Miljeteig
Lysdesign: Steinar Lohne
Med: Nina Ellen Ødegård, Kim Jøran Olsen, Mari Strand Ferstad, Matias Kuoppala, Kim Fairchild, Svein Solenes og Edvard Rossland.

Nokre fine, vare tablå, men for fragmentarisk og overspela til å lukkast.

Då den amerikanske dramatikaren Tennessee Williams (1911-1983) skreiv «En sporvogn til begjær» i 1947, blei dramaet raskt ein stor suksess. Året etter premieren fekk han Pullitzer-prisen, og med den ikoniske filmen frå 1951 med Marlon Brando og Vivian Leigh i hovudrollene skreiv dramaet seg inn blant det aller beste av amerikansk samtidsdramatikk. Den mangefasetterte tematikken om attrå, makt, klassereiser, sanning, livsløgn og kjønnsroller, for å nemne nokre, er stadig like aktuell. Frå dei første norske oppsetjingane alt i 1949, er stykket spela eit utal gongar også her heime, og onsdag var det premiere på Rogaland Teaters hovudscene i regi av Maria Kjærgaard-Sunesen.

Handlinga tek oss til det franske kvarter i New Orleans rett etter verdskrigen, men i denne oppsetjinga lett modernisert til vår tid. Blanche Dubois (Nina Ellen Ødegård) har reist frå sitt fransk-amerikanske tilsynelatande aristokratiske liv på ein herregard i Mississippi for å vitje systera Stella (Mari Strand Ferstad). Stella er gravid, bur i eit kummerleg tilvære og er gift med den polskætta machomannen Stanley Kowalski (Kim Jøran Olsen), ein enkel arbeidarklassegut nett heimvend frå militærteneste og krig. Systrene har gått kvar sin veg i livet, og den ikkje så reint lite snobbete Blanche feiar inn i det vesle og fattigslege husværet med ein eim av kultur, overklasse og velstand, og syner tydeleg forakt for arbeidarklasselivet ho møter hjå systera. Mellom Blanche og Stanley oppstår det gjensidig mistillit, men også eit sterkt erotisk, nærast dyrisk, forhold, og det er i denne motsetnaden mykje av dramaets suksess ligg. Oppi det heile oppstår det også ein meir stillferdig romanse mellom Blanche og Mitch (Matias Kuoppala), ein av Stanleys bestevenar. Etter kvart syner det seg at Blanche slett ikkje er den rike, vellukka dama ho gir seg ut for, familiegodset er seld på tvangsauksjon, ho er sparka som lærar på grunn av eit forhold til ein elev, og er mentalt heilt i ubalanse. I denne historia er det ingen heltar, og dei ber alle på sitt.

Den danske regissøren Maria Kjærgaard-Sunesen har vald ei lett modernisering og flytta handlinga til vår tid med mobiltelefonar og der mennenes kortspel er erstatta med dataspel. Det er eit greitt val. Simon Holk Witzanskys scenografi gir oss eit illustrerande bilde av eit fattigsleg husvære, sjølv om flyttinga av scenografiske element og altfor synlege scenearbeidarar på bakscena er ganske forstyrrande. Det heile opnar lovande der Eunice (Kim Fairchild), husvertinna til Stella og Stanley, har ein fin intro og der hennar stemningsskapande songar saman med komposisjonar og lydbilde av Sjur Miljeteig bind mykje av framsyninga saman. Det trengst, men er diverre ikkje nok. For dette er blitt ei for fragmentarisk framsyning der tablåa ikkje alltid heng godt nok saman. Ein viktig del av denne historia er den gradvise demaskeringa som skjer med Blanche. Lag for lag, og nesten umerkeleg går ho frå å vere ein velståande diva med masse kulturell kapital til å bli eit forhutla vrak. Med alle brota forsvinn mykje av denne kvaliteten og utviklinga går ikkje så gradvis som i teksten. Når regissøren har vald å gjere ein del av aktørane og handlinga meir outrerte enn naudsynt, blir det tidvis meir overspel og forsøk på malplassert komikk enn boring i dei ulike personane. Då hjelper det ikkje at to av teaterets fremste skodespelarar fyller rollene som Blanche og Stella. Nina Ellen Ødegård er tidvis formidabel og infam i tolkinga av Blanche, men får aldri skikkeleg høve til å syne den gradvise avkledinga. Mari Strand Ferstad er som Stella riven mellom den dampande kjærleiken til Stanley, trass i at han viser seg å vere valdeleg, og forholdet til systera. Ho er den einaste som kjenner og forstår Blanche, og Ferstad balanserer desse to sidene fint, men har også fått for lite å spele på. Men blant alt overspelet og dei litt merkelege påfunna i denne produksjonen, er det nettopp i dei vare og finstemte scenene mellom Ødegård og Ferstad at framsyninga lukkast.

(Meldinga stod i Klassekampen fredag den 2. februar 2024.)

Leave a Reply