Tid for håp

TEATER

ODE TIL HÅPET: Med referansar til mellom anna antikken og mytologien fekk vi ei godt framført musikalsk reise som ein ode til håpet. FOTO: VEGARD EGGEN

«Størst av alt er kjærligheten»
Trøndelag Teater, Gamle scene
Av: Jonas Corell Petersen
Regi: Jonas Corell Petersen
Scenografi og kostyme: David Gehrt
Musikalsk ansvarleg: Gaute Tønder
Lysdesign: Magnus Mikalsen
Med: Sunniva Du Mond Nordal, Jo Saberniak, Marte M. Steinholt, Tor Ivar Hagen, Trond-Ove Skrødal, Natalie Grøndahl Tangen og Åsmund Flaten

I ei tid der vondskapen vinn fram er det godt å kunne gle seg og sjå lys og håp.

Som eit lite lys i ei elles mørk verd har Trøndelag Teater late Jonas Corell Petersen lage ei upretensiøs musikalsk framsyning som utforskar kjærleiken. Det handlar ikkje om kjønnsdrifta, men om dei store eksistensielle kjenslene, desse valdsame kreftene som både kan gi fortaping, død, håp og glede, men mest det siste.

Seks av teaterets habile songarar, som også kan å traktere ulike instrument, saman med den dyktige kapellmeisteren, Åsmund Flaten, gir oss halvannan times vandring i lengt, håp, einsemd og sjølvsagt den heilt utslettande og euforiske kjærleiken. Det tar til i foajeen på teateret der Flaten serverer oss pianospel av Maurice Ravel før ensemblet under leiing av Tor Ivar Hagen varmar opp publikum, introduserer oss til det som skal skje, og får oss med i allsong av «What the World Needs Now Is Love» av Burt Bacharach og Hal David. Då er stemninga sett, og vi flyttar oss inn i teatersalen.

På ei relativt nake scene der eit stort Eros-hovud heng som eit Damokles-sverd over aktørane og ein steinhoggar held på oppe i lufta, får vi eit inntrykk av at kjensler kan vere flyktige, og at lite er hogd i stein. Gjennom ei rekkje tablå, og eit tjuetals songar i spennet frå Schubert, Bach og Grieg til Rolling Stones, Prince og Kate Bush tek ensemblet oss med på ei underhaldande musikalsk utforsking av desse store kjenslene som kan skape så ulike reaksjonar som død og den høgste lykka. Det kryr av referansar til antikken, gresk mytologi og tragediar. Men trass i alle dei ulykkene som kan kome i kjærleikens kjølvatn, er hovudretninga likevel tydeleg, for mest av alt er framsyninga blitt ein ode til håpet. Det er ei feelgood-oppsetjing som gjer oss glade og litt meir fortrøystingsfulle i eit vintermørke med både krig og uvêr. Musikalsk er dette særs bra, toppa av ei framføring av Princ sin «Nothing Compares 2 U» der alle aktørane tek del både med song og instrument. Det er eit leikent, samstemt og samspela ensemble, gode skift og framifrå musikk. Men tekstgrunnlaget til Jonas Corell Petersen kunne nok med fordel ha vore spissa litt meir. Likevel var det, trass i det upretensiøse, ei framsyning som gjorde godt og faktisk ga litt håp. Kanskje er det nok?

(Meldinga stod i Klassekampen onsdag den 7. februar 2024.)

Leave a Reply