Verdas svanesong, – eller?

TEATER

OKKULT: Spiritisme, magi, røyndom og det hinsidige i ei naivistisk og barokk blanding. FOTO: ATLE AURAN

«Svingende skygger»
Trøndelag Teater, Studioscena
Av: Lisa Lie
Regi: Lisa Lie
Scenografi og kostyme: Ida Grimsgaard
Komponist: Ingvild Langgård
Lysdesign: Steffen Telstad
Med: Christian Eidem, Anna Ladegaard og Fabian Heidelberg Lunde

Ei barokk metaframsyning der det aldri er godt å vite kva som er spel, røyndom, – eller hinsidig.

Etter nærare ti år som performancekunstnar i det frie feltet, blei Lisa Lie i 2013 invitert inn på Trøndelag Teater med framsyninga «Blue Motell». Den fekk Heddapris for særleg kunstnarleg innsats, og etter det har Lie levert produksjonar på fleire av dei større institusjonsteatera. Nå er ho attende på Studioscena på Trøndelag Teater med urpremiere på «Svingende skygger». Og på mange vis er ringen slutta, for tematisk er denne framsyninga i nær slekt med «Blue Motell». Den gongen var vi i dødens forgard der folk venta på transport til det hinsidige. Nå tek ho oss med til både det okkulte, det verkelege livet, og til det etter døden. Om det er noko der?

I Ida Grimsgaards scenografi er Studioscena innreidd som i eit 1880-tals drama med tunge gobeleng og barokke møblar som nok har sett betre dagar. Og sjølvsagt med islett av ganske mykje anna. Det opnar med dei tre skodespelarane, Christian Eidem, Anna Ladegaard og Fabian Heidelberg Lunde, kledd opp som om dei var siamesiske trillingar og som gjer naivistiske triks. For dette handlar mykje om magi. Etter berre femten minutt er det eit kvarters pause før siste akt. Den er på si side dryge to og ein halv time. Slik er Lisa Lies univers. Her gjeld heilt andre reglar enn i verda og teateret elles. Det får vi eit utal prov på i denne produksjonen.

Etter pause tek ei metaframsyning med ei mengd lag til. Ramma er teateret, og dei tre er skodespelarar som øver seg på eit fin de siècle-drama. Etter kvart er det ikkje alltid like greitt å sjå kva som er spel og røyndom, og slik skal det også vere. Lisa Lie har gjennom produksjonane sine skapt sin eigen særs sjangeroverskridande sjanger der det er hennar reglar som gjeld. Ho leikar seg med ulike sceniske verkemiddel. På same tid kan ho både vegetere på og peike nase av teaterkonvensjonar og scenespråk. Ho låner hemningslaust i aust og vest, men stort sett med raffinement og fingerspisskjensle, og sjølvsagt ispedd litt bad taste. Denne gongen er ho også langt meir humoristisk enn det eg har sett i tidlegare produksjonar.

Framsyninga viser ein skapande prosess og kva som kan hende undervegs, det vere seg i skriving, innøving eller anna. Mystiske og magiske ting tek til å skje, okkulte fenomen dukkar opp, og det er ikkje alltid godt å fatte kva som er spel, røyndom, eller hinsidig. Etter kvart kjem det også ein symboltung dekonstruksjon, for på same vis som historia blir dissekert og endevendt, blir scenografien nærast riven.

Den nykomponerte musikken til Ingvild Langgård spelar ei viktig rolle. Den er både ei vedvarande lydkulisse som gjer framsyninga meir komplett, og songar som er minst like sjangeroverskridande som oppsetjinga i seg sjølv. Det heile blir toppa av ein nydeleg arie mot slutten, vakkert framført av Anna Ladegaard.

Dei tre skodespelarane, Christian Eidem, Anna Ladegaard og Fabian Heidelberg Lunde, leverer solid ensemblespel i ei mengd roller som både er tekstrike og tidvis fysisk krevjande med tilløp til akrobatikk og mykje fin slapstickhumor. Dei er openbert fortrulege med alle rollene dei går ut og inn av, men det er ikkje alle skifta som er like synkrone. Som mange av produksjonane til Lisa Lie, er også denne i lengste laget, men ettersom Lie har eigne reglar og likar å utfordre publikum, så kan denne testinga av tolegrensa vår vere ein medviten del av framsyninga.

Og lurte du etter dette på kva Lisa Lie vil seie oss med «Svingende skygger», så er du ikkje åleine. Tolkingshøva er legio. og i tillegg er opplevinga stor. Er ikkje det nok?

(Meldinga stod i Klassekampen måndag den 23. oktober 2023.)

Leave a Reply