Hemnas anatomi

TEATER

MYTOLOGISK: Lavinia (Julie Sofie Reite), dotter av Titus (Rune Storsæther Løding) er ein symboltung figur, og den einaste i framsyninga som berre er eit offer, til gjengjeld må ho ofre det meste. FOTO: MARIUS FISKUM

«Titus Andronicus»
Nordland Teater
Av: William Shakespeare
Omsett av Ragnar Olsen
Tilarbeiding: Birgitte Strid
Regi: Birgitte Strid og Terje Skonseng Naudeer
Scenografi og kostyme: Nora Furuholmen
Lyddesign: Kjetil Schjander Luhr
Lysdesign: Johan Haugen og Vegar Angel Nordheim Andreassen
Med: Rune Storsæther Løding, Inga Ibsdotter Lilleaas, Julie Sofie Reite, Sondre Krogtoft Larsen, Stein Elvestad, Piotr Misztela, Sindre Bergfall, Kristoffer Hjulstad, Roger Opdal Paulsen og Mats Gukild

Ei over 400 år gamal dissekering av hemna som rettsprinsipp, og diverre framleis like aktuell.

Av William Shakespeares rikhaldige produksjon er det faktisk framleis drama som ikkje er sette opp på ei norsk scene. Så om det ikkje var ein sensasjon, var det likevel ein teaterhistorisk milepåle då Nordland Teater laurdag hadde norgespremiere på Shakespeares «Titus Andronicus», truleg skriven i tida mellom 1588 og 1593.

«Titus Andronicus» blir rekna som Shakespeares første tragedie, men er nok meir eit hemndrama, ein sjanger som var populær på 1500-talet. Stykket blei straks ein suksess, men på grunn av den ekstreme valden blei det etter kvart mindre populært og er lite spela i hundreåra etter. Men avtroppande teatersjef på Nordland Teater, Birgitte Strid, og regissøren Terje Skonseng Naudeer, båe med sterke band til Shakespeare, har lenge sysla med tanken om å setje det opp. Og med ei solid omsetjing til nordnorsk av Ragnar Olsen, tilarbeidd av Strid og regissert av Strid og Skonseng Naudeer saman, var det laurdag norgespremiere i Mo i Rana.

Vi er i ei litt ubestemmeleg tid på slutten av Romarriket, men også i førkristen tid. Den store hærføraren Titus Andronicus (Rune Storsæther Løding) kjem heim til Roma etter å ha vunne ein ti år lang blodig krig mot gotarane. Hærtoktet har kosta dyrt og Titus har sjølv mista 21 av sønene sine. Frå krigens kaos trur han at det nå skal bli orden, men slik blir det ikkje. Som skikken er, må han gjere eit offer til gudane når han kjem heim, og dotter til gotardronninga Tamora blir drepen. Tamora (Inga Ibsdotter Lilleaas) sver sjølvsagt hemn. Samstundes har keisaren døydd, dei to sønene hans slåst om trona, og det går mot borgarkrig. Folket ber Titus overta, men han avslår, og peikar ut eldste keisarsonen, Saturninus (Sondre Krogtoft Larsen) til keisar. Som i dei fleste Shakespearedramaa er intrigen komplisert, og eg skal halde meg frå å gi eit resymé, men det gjer ikkje konfliktnivået lægre at den nye keisaren tar gotardronninga Tamora til kone, og at Lavinia (Julie Sofie Reite), dotter til Titus er trulova med den forsmådde broren til keisaren. Handlinga vidare er nærast ein valdsorgie der Shakespeare dissekerer hemna som rettstilstand og syner kva for ein endelaus spiral slikt fører til. Det er oss og dei andre, det er løgn, svik, og dehumanisering og demonisering av motparten. Parallellane til dagens verdssituasjon er diverre skremmande klåre. Hendingane i Midtausten dei siste vekene har gjort framsyninga ufriviljug aktuell.

Alt før framsyninga tar til set Kjetil Schjander Luhrs illustrerande lydbilde standarden for produksjonen. Eg får straks assosiasjonar til det dystre, men også det sakrale. Og Nora Furuholmens uvanleg stramme scenografi understrekar inntrykket. Aksialt og heilt symmetrisk, nokre mørke veggskiver og eit opphøgd podium som kan tene både som romersk bad, keisartrone, slaktarbenk og middagsbord. Men som også kan vere eit alter der offerhandlingane blir utførte. Og når finalen kan minne om eit morbid nattverdsbord, er den sakrale ringen slutta utan at eg skal røpe meir.

I denne stilsikre settinga har Birgitte Strid og Terje Skonseng Naudeer vald å gi oss ein særs stilisert versjon av historia bygd opp av mange tablå der ikkje alle sceneskifta er like synkrone og saumlause. Den stiliserte presentasjonsforma er vellukka ved at framsyninga ikkje blir ein motbydeleg valdsorgie, men i staden eit titteskap inn i menneskeleg vondskap og kor lite konstruktiv hemna er som straff. Men på same tid er det eit problem ved at dei fleste rollene også blir så stiliserte at dei ikkje får dei menneskelege trekka som gjer at vi kjem under huda på dei. Unnataket er Titus sjølv og dei to kvinnene. Inga Ibsdotter Lilleaas syner på infamt vis den intrigante Tamora som ikkje skyr noko for å hemne ofringa av dottera. Og Julie Sofie Reite som Lavinia gir oss ein mytologisk skapnad, ikkje heilt av denne verda, og den einaste som berre er eit offer og ikkje sjølv vond. I ei setting der alle har mørke og uniformsliknande klede, er ho kledd i kvitt som ein openberr kontrast. Rune Storsæther Løding har gjennom tidlegare produksjonar synt seg som ein habil Shakespearetolkar, og gjer ikkje noko unnatak denne gongen. Han er generalen og faren som i utgangspunktet er rettskaffen, som blir korrumpert og riven med av valden, men som gradvis kjem til ei erkjenning, alt formidla overtydande og tydeleg.

«Titus Andronicus» speglar diverre samtida vår alt for godt, men kan framsyninga seie oss noko om vegen ut anna enn at hemna er eit blindspor? På det gir ho ikkje noko svar, men avsluttar i staden med ein cliffhanger som stiller eit ope og grunnleggjande spørsmål.

(Meldinga stod i Klassekampen måndag den 6. november 2023.)

Leave a Reply