Teatervitskap på NTNU
I slutten av november fekk vi vite at det humanistiske fakultetet ved Universitetet i Bergen hadde bestemt seg for å kutte ei av tre stillingar på teatervitskap, og det ville føre til at det ikkje lenger var mogeleg å ta ein master i teatervitskap i Bergen. Spesielt ille var dette ettersom faget tidlegare hadde blitt lagt ned på Universitetet i Oslo, og at det no berre var Bergen som underviste i teatervitskap. Med andre ord ville kongeriket bli fritt for…