Hybris vs. ansvar

TEATER

TRUVERDIG: Jakob Oftebro gir oss ein Peer som ein nokså vanleg gut, berre full av hybris og utan særleg evne til å ta ansvar. FOTO: AMUND GRIMSTAD

«Peer Gynt»
Peer Gynt ved Gålåvatnet
Av Henrik Ibsen
Bearbeidd av Njål Helge Mjøs
Regi: Sigrid Strøm Reibo
Musikk: Edvard Grieg/Simon Revholt/Sjur Miljeteig
Musikalsk ansvarleg: Simon Revholt
Scenografi: Gjermund Andresen
Kostyme: Gjermund Andresen og Helena Andersson
Koreografi: Oleg Glushkov
Lysdesign: Øyvind Wangensteen
Lyddesign Simen Scharning
Med: Jakob Oftebro, Nils Ole Oftebro, Marianne Nielsen, Jan Sælid, Nina Ellen Ødegård, Mari Strand Ferstad, Anne Krigsvoll, Anders Dale, Preben Hodneland m. fl.

I Sigrid Strøm Reibos tydelege og moderniserte versjon av «Peer Gynt», er vi tilbake til Henrik Ibsens treffsikre kritikk av norsk overmot. Det er både modig og godt gjort i ei setting der det er særleg freistande å spele på det nasjonalromantiske.

Det har vore spela «Peer Gynt» ved Gålåvatnet sia 1989, dei første 25 åra i regi av Svein Sturla Hungnes, så nokre år med Erik Ulfsby som instruktør før Sigrid Strøm Reibo overtok i fjor. Eg må vedgå at eg, etter å ha sett Hungnes’ og Ulfsbys versjonar, hadde eit ganske anstrengt forhold til oppsetjingane ved Gålåvatnet. Rett nok melde eg framsyninga i 2007, og sjølv om eg la fram ein del skepsis, var eg vel i hovudsak positiv. Eg konkluderte med at oppsetjinga fort kunne bli seg sjølv nok, at ho førebels balanserte på rett side, men at det var lite som skulle til før det blei eit ritual og stivna teater. I ettertidas litt klårare ljos, og etter å ha sett Ulfsbys produksjon i 2015 der han tok det spektakulære og showprega til nye høgder, ser eg nok at eg var i snillaste laget i meldinga mi i 2007. Dei balanserte ikkje på rett side, tvert om. «Peer Gynt ved Gålåvatnet» var under desse to regissørane først og fremst eit spektakulært show, eit folkloristisk oppkok med haugevis av publikumsfrieri og relativt meiningslause effektar samt ein god dose nasjonalromantikk. Det var diverre lite att av Ibsens ganske ramsalte kritikk av nordmannen og hans overmot, og det vesle som var, drukna fort i alle effektane.

Så eg hadde i stor grad avskrive produksjonen som lite interessant utifrå eit scenekunstperspektiv. I fjor overtok Sigrid Strøm Reibo regien, og sjølv om eg året før hadde late meg verkeleg forføre av hennar oppsetjing av «Orlando» på Rogaland Teater, gjekk det ikkje fram av dei teatermeldingane eg las, at det det var gjort revolusjonerande endringar på Gålå. Men tidlegare i sommar lét eg meg likevel overtale til å sjå framsyninga, som i år er Reibos andre og siste sesong. Og eg må berre vedgå med ein gong at fredagens premiere var noko heilt anna. Dette var ei tolking av Peer som kan forsvare plassen blant dei beste eg har sett.

Reibo gir oss ein Peer som vi følgjer frå oppvekst i Fron på sekstitalet, gjennom åttiåras jappetid og fram til i dag. Som bakteppe har ho stadens temmeleg mislykka forsøk på å byggje fornøyingsparken Gyntiana, ein metafor for Peers mange storslagne prosjekt som det aldri blir noko av. Akkurat dette bakteppet er kanskje litt søkt, men å ta historia fram til dei siste seksti åra, er særs vellukka, og kan på mange vis minne om Catrine Telles legendariske oppsetjing av Peer Gynt i eit vegkryss på sekstitalet slik det blei framført på Trøndelag Teater hausten 2000.

Oppsetjinga er relativt teksttru, og følgjer i stor grad den kronologiske handlinga. Mye er stroke, men av dei større scenene er det berre skipbrotet som er borte, og det gjer ikkje noko for korkje handling, dramaturgi eller tematikk. Jakob Oftebro er ein kaut, skrytande, og sjølvsagt særs sjarmerande Peer, men kanskje ikkje fullt så brautande som han ofte blir framstilt. Det gjer at han blir meir nedpå, og slik sett lettare å identifisere seg med. Peer er eigentleg ganske vanleg, korkje helt eller skurk, korkje særleg vond eller god, – han er berre full av overmot og prosjektmakeri, men fri for ansvar og evne til å gjennomføre det han set seg føre. Jakob Oftebro leverer ei solid, truverdig og leiken tolking, og fell aldri for freistinga til publikumsfrieri. Det er reint og stramt framført, og gjennom ei slags dobbeleksponering der Nils Ole Oftebro som den gamle Peer i samspel med den unge møter to tilsvarande utgåver av Anitra, glir framsyninga saumlaust over i finalen der den gamle møter seg sjølv og ser attende på levd liv både gjennom møte med knappestøyparen (Anne Krigsvoll) og prestens tale (Marianne Nielsen). For ikkje å snakke om ettermælet hans som Aslak Smed (Anders Dale) og Mads Moen (Preben Hodneland) leverer, før det avsluttar med eit symbolsk møte med Solveig (Mari Strand Ferstad) der hennar til vanleg ganske uforståelege venting faktisk kan representere ein motsats til Peer. Ho satsa på kjærleiken og stod ved valet sitt medan han sprang frå alt som kunne lukte av ansvar. Slik greier Reibo å snu Solveig-rolla frå det ganske kleine sett i eit kjønnsperspektiv, til å bli eit spørsmål om å ta ansvar.

FORFØRING: Peer lèt seg lett forføre av den grønkledde (Nina Ellen Ødegård). FOTO: AMUND GRIMSTAD

Her er mange einskildscener å framheve, men eg vel å dvele ved to. Peers møte med den grønkledde og reisa hans til Dovregubbens hall er blitt ei lita framsyning i framsyninga både fordi vi her fekk illustrerande døme på alt det gode ved denne produksjonen slik som fantastiske kostyme, eit utal statistar som openbert har fått uvanleg god personinstruksjon og det burleske ved Peers liv, men først og fremst fordi Reibos casting verkeleg er på øvste hylle. Jan Sælid som Dovregubben og Nina Ellen Ødegård som den grønkledde er båe overtydande, infame og også ganske underhaldande. Ødegårds tolking er også eit døme på at Reibo har vore medvite på kva ho vil med kjønnsperspektivet og kvinnerollene i oppsetjinga. Kanskje er det også difor presten denne gongen er ei kvinne? Prestens (Marianne Nielsen) tale er etter mitt syn ei av dei viktigaste scenene i «Peer Gynt». Der mye anna blir framført med ein god porsjon halloi, er dette lågmælt og skore til beinet, og ein verkeleg augeopnar for Peer. Framsyninga blir i år presentert ein time seinare enn vanleg, og slik fekk vi prestens tale i eit nake og nesten mørkt landskap med ein dyster og mørk himmel der både Peer, presten og gravferdsfolka berre blir silhuettar mot nattehimmelen. Det er dystert, sjølvsagt vakkert og skilsetjande, men først og fremst ei uvanleg tydeleg framføring av det eg oppfattar som eitt av Ibsens credo.

«Peer Gynt» blir ofte sett opp i ei nasjonalromantisk påkleding, og mye av skulda for dette må nok tilskrivast Edvard Grieg. Musikken hans er sjølvsagt vakker, men står ofte litt i motstrid til Ibsens tema. Nokre regissørar har løyst dette ved å skrive ny musikk, men Reibo har i staden late Sjur Miljeteig og Simon Revholt herje litt med Grieg og lage arrangement som står betre til handlinga. Det har vore særs vellukka. «I Dovregubbens hall» framført med sprø trompet, «Solveigs song» så mollstemd som det går, og «Morgonstemning» framført på engelsk i eit litt kitschy og nærast sjølvironisk arrangement som gjer det nesten umogeleg å kjenne att originalmelodien, nydeleg framført av Preben Hodneland på taket av ei campingvogn midt i ei jappetid då ingen tok ansvar.

JAPPETID: Peers storslagne prosjekt illustrert som eit kitschy jappelandskap der ansvar er eit framandord. FOTO: AMUND GRIMSTAD

Gålåvatnet og det naturlege amfiet ned mot det, er sin eigen scenografi, og med unnatak av utanlands-scenene (som ofte blir tona ned), er det ikkje mye ein treng å gjere. Men medan tidlegare produksjonar har pøst på med effektar, gags, merkelege påhitt og mye staffasje, har Gjermund Andresen vore langt meir forsiktig. Det gjer sjølvsagt at Ibsens tekst får større rom, men også at det Andresen faktisk nyttar, blir meir effektfullt. Og medan tidlegare produksjonar har laga tivoli og sirkus og ført inn småfly og segways som det ikkje finst noka naturleg forklaring for å nytte, er det også mange spektakulære opptrinn i denne framsyninga. Men dei er forståelege og står på solid grunn slik som mopedkøyring i eit sekstitals bygdebryllaup, og lastebil som hentar Mor Åses (Marianne Nielsen) få eigedelar etter utpanting, for ikkje å snakke om det infernoet som blir presentert ved scena i møte med dårekista og Begriffenfeldt (Preben Hodneland).

LYSDESIGN: Øyvind Wangensteen har vore ein trollmann med lys i eit uvanleg godt samspel mellom kunstlys og naturens eiga lyssetting. FOTO: AMUND GRIMSTAD

Å presentere utandørs oppsetjingar byr på store, og ikkje minst andre tekniske problem enn i ein teatersal. Lydkøyringa er eitt, og på premieren fredag var ikkje alt heilt på stell då myggane fell ut av og til, og det var problem med interferens mellom fleire myggar. Slikt går seg nok til, men i ei oppsetjing med så mye og god tekst er det viktig at alt kjem fram. Lyssetjinga er ei anna utfordring, og her må eg verkeleg gje ros til Øyvind Wangensteen for eit uvanleg dyktig samspel mellom kunstlys og naturens eige. Det blei skapt stemningar som var som vakre måleri, og særleg avslutningsscenene der jorda skifta farge i eit nydeleg samspel med den dramatiske nattehimmelen var imponerande.

«Peer Gynt» blir ofte omtala som Norges nasjonalepos. I så fall er vi ein nasjon av sjølvpiskarar. Det er sjølvsagt langt frå sanninga. Det går ei strak line frå Peers hybris til Gro Harlem Brundtlands «Det er typisk norsk å være god». Det er overmot og ikkje sjølvpisking som er kjennemerket vårt, og det er sjølvsagt dette Ibsen tek opp i «Peer Gynt». Men som alle store litterære samfunnsrefsarar, er også Ibsen blitt ufarleggjort og avpolitisert. Det er ein lagnad han deler med mange, for også her går det ei strak line gjennom historia, frå Henrik Wergeland via Ibsen, Nordahl Grieg og til Alf Prøysen, for å nemne nokre. Då er det godt at Sigrid Strøm Reibo held fram Peer som den han var. Det er ei både tydeleg og modernisert tolking der det er lett å sjå at Ibsens kritikk råkar minst like treffsikkert i dag som for 150 år sia.

 

Leave a Reply