Fanget opp av
Author: Amund Grimstad

Ytre og indre konfliktar

Ytre og indre konfliktar

DANS «I det fjerne, Troja» Teaterhuset Avant garden, Trondheim Av og med Magnus Myhr Musikk: Bendik Giske Scenografi, lys og kostyme: Chrisander Brun Ekspressivt og sanseleg, men ikkje alltid like forståeleg om indre kamp mellom det maskuline og feminine. Hausten 2014 sette multitalentet Magnus Myhr opp ei sterkt sjølvbiografisk framsyning han kalla «Jeg satt på en stein og så utover «havet»» i regi av Rebekka Nystabakk og Huy Le Vo. På eit humoristisk vis utforska Myhr oppvekst som homofil og…

Les mer Les mer

Fargerikt i svart/kvitt

Fargerikt i svart/kvitt

TEATER «Tartuffe» Rogaland Teater, Teaterhallen Av: Molière og Rolf Alme Regi, scenografi og kostyme: Rolf Alme Med: Even Stormoen, Mette Arnstad, Eva Ragnhild Jørgensen Tysse, Marianne Holter, Oddrun Valestrand, Espen Hana og Anders Dale Ei ganske annleis framsyning med sine heilt eigne premiss, men godtek du dei, er dette rett så underhaldande. Kåte, religiøse sjarlatanar har eksistert til alle tider. Det får vi stadige prov på, og Molières bitande komedie frå 450 år attende syner at lite er endra. Tartuffe…

Les mer Les mer

Tydeleg, men uklår

Tydeleg, men uklår

TEATER «Hedda Gabler» Rogaland Teater, Hovudscena Av: Henrik Ibsen Regi og bearbeiding: Audny Chris Holsen Scenografi og kostyme: Åse Hegrenes Koreograf: Sigrid Edvardsson Komponistar: Halvor Lillesund og Vegard Fossum Med: Helga Guren, Marko Kanic, Nina Ellen Ødegård, Line Starheimsæter, Svein Solenes og Mattias Lech Ei velspela framsyning som vil så mye, og som er særs tydeleg i uttrykket, men på same tid ganske uklår i problematikken. Hedda Gabler er ei av Henrik Ibsens mest gåtefulle kvinner, og her ligg nok…

Les mer Les mer

Det er aldri for seint

Det er aldri for seint

TEATER «Lilly Valentin» Teatret Vårt, Arbeideren, Ålesund Av: Willy Russell Omsett av: Morten Krogstad Dialektbearbeiding: Astrid Overaa Regi og visuelt uttrykk: Philipp Stengele Lys: Jonas P A Fuglseth Med: Astrid Overaa Ei varm og inderleg forteljing som syner at det aldri, aldri er for seint å ta livet attende. Willy Russells monolog frå 1986 om den middelaldrande arbeidarklassehusmora Shirley Valentine frå Liverpool som stikk av frå mann og heim til ein fjorten dagars tur til Hellas der ho finn att…

Les mer Les mer

Overspel og plump humor

Overspel og plump humor

TEATER «Nordens Paris» Hålogaland Teater, Scene vest Av: Jo Strømgren Regi og scenografi: Jo Strømgren Kostymedesign: Yngvar Julin Lysdesign: Øystein Heitmann Med: Ketil Høegh, Finn Arve Sørbøe, Kristine Henriksen, Trude Øines, Jonas Delerud, Jørn Fuller-Gee og Marius Lien Eit umiskjenneleg og absurd Strømgrenunivers, men langt frå hans vanlege standard. Det er Nordlysfestival i Tromsø, og opningsframsyninga er ein urpremiere på Hålogaland Teater. Jo Strømgren har laga fleire produksjonar for teateret tidlegare, og denne gongen er han hyra inn for å…

Les mer Les mer

Leik med konvensjonar

Leik med konvensjonar

TEATER «Ubu» Trøndelag Teater, Hovudscena Etter «Kong Ubu» av Alfred Jarry Omsett av: Kjell Helgheim Konsept, tekst og regi: Tomi Janežič Scenografi: Branko Hojnik Kostyme: Marina Sremac Koreografi: Katja Legin Lysdesign: Eivind Myren Med: Karl-Vidar Lende, Stine Fevik, Mari Hauge Einbu, Mads Bones m. fl. Ein skikkeleg happening av ei framsyning, men kanskje med større ambisjonar enn berre å underhalde? Då Alfred Jarrys «Ubu Roi» hadde premiere i Paris i 1896 blei det total skandale og oppsetjinga blei tatt av…

Les mer Les mer

Vi og dæm

Vi og dæm

TEATER «Rotsekk» Turnéteatret i Trøndelag, Verkstadhallen i Trondheim Av: Ole Christian Gullvåg og Aslak Moe Regi: Aslak Moe Med: Ole Christian Gullvåg Eit varmt, ærleg, særs personleg og ikkje minst innsiktsfullt gløtt inn i eit univers som kan verke ganske uforståeleg for mange av oss. Kva er det som gjer at tilsynelatande heilt vanlege, oppegåande og intelligente menneske kan stå nærast i affekt og rope: «Hate, hate, hate Molde by!»? For dei fleste av oss er dette ganske uforståeleg, og…

Les mer Les mer

Endetidsdramatikk

Endetidsdramatikk

TEATER «Sluttspill» Trøndelag Teater, Gamle scene Av: Samuel Beckett Omsett av: Jan Erik Vold Regi: Øyvind Brandtzæg Scenografi og kostyme: Katrin Bombe Lysdesign: Roger Indgul Med: Trond Peter Stamsø Munch, Jon Lockert Rohde, Hallbjørn Rønning og Wenche Strømdahl.   Etter kvart som verda blir stadig meir absurd, framstår Samuel Becketts dramatikk i dag nesten som sosialrealisme. Det er dryge seksti år sia Samuel Beckett skreiv «Sluttspill», det dramaet som ved sia av «Vente på Godot» er hans viktigaste og mest…

Les mer Les mer

Teateråret 2017

Teateråret 2017

Klassekampen har bede meg og dei to andre faste teatermeldarane i avisa om å liste opp årets topp tre blant dei utallege produksjonane som har hatt premiere i løpet av 2017. Vi har til saman meld 70 oppsetjingar i avisa. Sjølv har eg sett litt over 75 framsyningar på 19 ulike teater over heile landet frå Rogaland Teater i sør til Beaivváš og Hålogaland Teater i nord, og eg har skrive melding av 53 av dei, derav 37 i avisa…

Les mer Les mer

Teatervitskap på NTNU

Teatervitskap på NTNU

I slutten av november fekk vi vite at det humanistiske fakultetet ved Universitetet i Bergen hadde bestemt seg for å kutte ei av tre stillingar på teatervitskap, og det ville føre til at det ikkje lenger var mogeleg å ta ein master i teatervitskap i Bergen. Spesielt ille var dette ettersom faget tidlegare hadde blitt lagt ned på Universitetet i Oslo, og at det no berre var Bergen som underviste i teatervitskap. Med andre ord ville kongeriket bli fritt for…

Les mer Les mer