Eit hav av undertekst

TEATER

REFERANSAR: Med tydelege populærkulturelle referansar framfører Espen Klouman Høiner sin monolog. FOTO: ALETTE SCHEI RØRVIK

«Vi, folket»
Bastard internasjonale scenekunstfestival
Teaterhuset Avant Garden, Trondheim
Av og med: Espen Klouman Høiner
Scenografi, kostyme og lys: Signe Becker
Musikk: Camilla Barratt-Due

Bastard internasjonale scenekunstfestival synte at det stundom er dei heilt lågmælte som er mest verd å lytte til.

Midt oppi siste hektiske planlegginga før flytting til nye lokale, har Teaterhuset Avant Garden i Trondheim likevel greidd å avvikle sin årlege internasjonale scenekunstfestival, Bastard. I løpet av seks dagar blei det vist heile elleve produksjonar frå mange forskjellige land. Sjølv har eg sett fire av dei. «Physics and Phantasma» av svenske Iggy Lond Malmborg, er vist før, og meld her i avisa alt i mars. «In many hands» av Kate McIntosh frå New Zealand utforskar det sanselege og taktile der publikum blir utsett for å lytte, lukte og ta på i lag med ukjende menneske, medan den austerriksk/belgiske produksjonen «Oh magic» av Simo Mayer/Kopf Hoch var eit sanseleg, men også delvis utmattande møte mellom teateret, robot-teknologi, musikk, kropp og ekspressiv dans.

Den framsyninga som gjorde mest inntrykk på meg var skodespelaren Espen Klouman Høiners første sjølvstendige eigenproduksjon, «Vi, folket». Det var ei unnseleg og stillferdig, lita oppsetjing, men med eit botnlaust hav av undertekst.

Vi, folket er dei to første orda i den amerikanske grunnlova. For rundt tjue år sia var Høiner utvekslingsstudent på ein liten stad i Midtvesten, og i fjor var han attende på vitjing. Monologen er blitt til etter samtalar med vertsfamilien hans. I eit kaninkostyme klyv han ned på scena med klåre referansar til «Alice in Wonderland», og ved nærare ettersyn har kostymet også element av western-kultur og Elvis Presley. Utan store fakter tek han til å fortelje historia til vertsmora, Rose. Ei historie utan store hendingar, men likevel eit levd liv. Det er trivialitetar og kvardag, arbeid, ekteskap og ungar, ein ørliten dash dramatikk, men stort sett alt på det jamne. Forteljinga er fleire små scener, brote opp av fine lydbilde frå Camilla Barratt-Due. Og når Høiner tar til att etter kvar pause, gjer han små poseringar som om han gjer seg til for ein fotograf, eller for å få fasaden rett.

I denne stillferdige monologen er det ikkje ein einaste referanse til korkje Trump eller dagens politiske situasjon. I staden gir Høiner oss eit bakteppe, og ein freistnad på å presentere eit heilt vanleg menneske i Midtvesten. Det er ein lågmælt situasjonsrapport som seier langt meir enn mange politiske analysar. Mellom alt det trivielle ligg det eit hav av undertekst for dei som vil høyre. Vi får ikkje noko svar, men berre ein flik av eit innblikk, gjort både intelligent, og illustrerande. Espen Klouman Høiners uvanleg lågmælte monolog er eit prov på at i eit samfunn der alle skrik, er det den som kviskrar som blir høyrt.

(Meldinga stod i Klassekampen tysdag den 18. september 2018.)

 

 

Leave a Reply