Realisme eller fantasi?

Realisme eller fantasi?

TEATER

PÅ GALLERIET: Fanny (Mira Dyrnes Askelund) og Alexander (Thomas Jensen Takyi) blir reduserte til tilskodarar til sitt eige liv. FOTO: HARALD ØREN

«Fanny og Alexander»
Trøndelag Teater, Hovudscena
Av: Ingmar Bergman
Dramatisert av: Arne Lygre
Regi: Hanne Tømta
Scenografi: Even Børsum
Kostymedesign: Nora Furuholmen
Komponist: Åsmund Flaten
Lysdesign: Øyvind Wangensteen
Med: Thomas Jensen Takyi, Mira Dyrnes Askelund, Janne Kokkin, Øyvind Brandtzæg, Ragne Grande, Trond-Ove Skrødal, Marte M. Steinholt, Marianne Meløy, Maria Pontén, Hans Petter Nilsen, Elias Moussaoui Anseth og Karl Bekele Steinland mfl.

Ei vakker og velspela framsyning der det viktige forholdet til draumane og fantasien får for liten plass.

Mange har eit nært forhold til «Fanny og Alexander», Ingmar Bergmans tre timar lange Oscarvinnande filmepos frå 1982, særleg fordi den er blitt ein juleklassikar på fleire TV-kanalar. Men det er få som har freista å ta historia til scena før Arne Lygre i 2023 dramatiserte den for Rogaland Teater, og i haust har både Teatret Vårt i Molde og Trøndelag Teater nytta same dramatiseringa. Framsyninga i Molde var ei forenkla utgåve tilpassa turné, medan regissøren Hanne Tømta har kunna nytte langt breiare pensel på Trøndelag Teaters hovudscene.

ULV I FÅREKLÆR: Emilie (Ragne Grande) let seg sjarmere av biskopen (Øyvind Brandtzæg) og oppdagar for seint at han er ein tyrann. FOTO: HARALD ØREN

Vi er i ein svensk småby hjå herskapsfamilien Ekdahl på starten av 1900-talet. Her rår den myndige, men rause enkjefrua Helena (Janne Kokkin) og hennar to søner, Oscar (Øyvind Brandtzæg) og Gustav Adolf (Trond-Ove Skrødal). Oscar og kona Emilie (Ragne Grande) driv byens teater der ungane Fanny og Alexander får si oppseding i scenekunstens fantasifulle univers. Medan Oscar slit med å drive teateret, er broren Gustav Adolf ein notorisk livsnytar som tek for seg av alt det både kona og tenestejenta kan by på av kroppslege gleder. Det er jul, stor stemning og alle kosar seg. Men så dør Oscar brått og Emilie blir åleine med dei to ungane. Etter eit års tid vel ho å gifte seg med Edvard Vergérus, byens biskop (Øyvind Brandtzæg) som har hjelpt henne gjennom det tunge året. Det syner seg raskt at biskopen er ein svartsynt despot som har eit heilt anna syn på barneoppseding enn den liberale Ekdahlfamilien. Han tyranniserer ungane, og særleg går det ut over Alexander som ikkje let seg kue så lett. For barna, og etter kvart også for Emilie, blir bispebustaden reine skrekkabinettet, eit hus som i tillegg ber på ein svart løyndom. Utan å røpe for mykje, går det likevel godt til slutt ved at Isak (Hans Petter Nilsen) som er gamlefruas kjærast og som har litt magiske evner, greier å kidnappe ungane og få dei heim. Undervegs skjer det mykje vondt, og Bergmans epos har fleire parallelle historier og mange mogeleg tolkingar.

SPANSKRØRET: Biskopen (Øyvind Brandtzæg) nyttar både fysisk og psykisk tortur for å knekke Alexander, medan bispens mor (Maria Pontén) hjelper til. FOTO: HARALD ØREN

Even Børsum har nytta heile breidda og vel så det på teaterets hovudscene og laga ein scenografi som er eit mobilt stillas som kan illudere både rikmannsheimen og bispebustaden. Saman med Øyvind Wangensteens lyssetting gir det høve til mange ulike rom og fine skift. Nora Furuholmens kostyme er tidsriktige og illustrerande. Regissøren Hanne Tømta er god til å presentere framsyningar som eit sett av måleriske bilde, og sik er det også her. Det er store vakre tablå som gir gode illustrasjonar av det som skjer.

DOBBELTEKSPONERT: Alexander (Thomas Jensen Takyi) og Fanny (Mira Dyrnes Askelund) blir spela parallelt av to barnestatistar i rette alderen, på premieren tolka av syskenparet Signe og Severin Toftaker. FOTO: HARALD ØREN

Eit viktig grep er også å la Fanny og Alexander vere nærast dobbelteksponert. I tillegg til at dei blir spela av dei vaksne skodespelarane Mira Dyrnes Askelund og Thomas Jensen Takyi, blir dei samstundes også framstilt av to unge statistar, på premieren overtydande og vart tolka av syskenparet Signe og Severin Toftaker. Denne vekslinga gir handlinga meir autentisitet. Samstundes er det vald ei presentasjonsform der særleg Fanny, men også Alexander i for stor grad blir tilskodarar til sin eigen lagnad. Trass gode tolkingar, får dei to alt for lite å spele på og forteljinga blir ikkje i same grad som i filmen sett gjennom Alexanders auge. Ragne Grande er særs overtydande som Emilie, spesielt når det går opp for henne kven bispen i røynda er. Janne Kokkin gir oss ei varm og myndig husfrue. Og så greier Trond-Ove Skrødal, utan å overspele, å gjere maksimalt ut av den relativt vesle rolla som den skamlause hedonisten Gustav Adolf.

HEDONISTEN: Trond-Ove Skrødal gjer maksimalt ut av den vesle rolla som livsnytaren Gustav Adolf som tek for seg av det både kona og tenestejenta kan by på av kroppslege gleder. Her er det kona (Marte M. Steinholt) som blir forført. FOTO: HARALD ØREN

Bergmans forteljing har eit utal historier og lag. Sjølv om mykje er stroke, blir det i denne framsyninga likevel for mange tablå som ikkje får nok rom til å etablere seg. Forholdet mellom røyndomen og Alexanders draumar og fantasi blir i for liten grad problematisert, og eg sit att med eit spørsmål om kva teateret eigentleg vil fortelje oss bortsett frå å presentere ei mangesidig og god historie.

(Ei litt forkorta utgåve av denne meldinga stod i Klassekampen tysdag den 20. oktober 2026.)

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Finn ut mer om hvordan kommentardataene dine behandles.