Inn i draumen

Inn i draumen

TEATER

TIL HEST: Jonatan (Matias Tunold) og Kavring (Kurt Baatz Strandberg) på kvar sin «hest» framom ballongen der Katarina Caspersen skapar dei vakraste illustrasjonar i sanntid. FOTO: DAG JENSSEN

«Brødrene Løvehjerte»
Teater Ibsen, Skien
Av: Astrid Lindgren
Dramatisert av: Toril Solvang-Kayiambakis
Regi: Jon Tombre
Scenografi og kostyme: Even Børsum
Visuell kunstnar: Katarina Caspersen
Koreografi: Jannicke Irwin Abrahamsen
Musikk og lyddesign: Peter Baden
Lysdesign: Tuva Grøterud
Med: Matias Tunold, Kurt Baatz Strandberg, Sander Lid Fiskå, Nicolai Lopez og Jannicke Irwin Abrahamsen mfl.

Ei uvanleg vakker, multimedial og poetisk framsyning som tek deg rett inn i fascinasjonen.

Astrid Lindgrens forteljing om dei to brørne Jonatan og Karl Løve er ei fabulerande historie som kan tolkast på mange vis, både heilt konkret og som i ei draumeverd. I utgangspunktet er det ei forteljing om kjærleik, redsle, mot og håp, men også om død, eit tema det var heilt uvanleg å ta opp i barnebøker i 1973. Jonatans litlebror, Karl, som han kallar Kavring, er tæringssjuk og døyande, og Jonatan trøyster han med forteljingar om Nangijala, eit land bortanfor vår verd. Så vil lagnaden det slik at heimen til gutane brenn, Jonatan tek Kavring på ryggen for å redde han og hoppar ut av vindauget, men dør i fallet. Når Kavring kort tid etter også dør, møtast dei to i landet Nangijala. Her er diverre ikkje alt som det skal, ein tyrann og ein drake er i ferd med å ta over, og dei modige to gutane set ut for å rydde opp. For lever dei ikkje opp til det nye kallenamnet sitt, Løvehjerte, så er dei «berre ein liten lort». Stundom må du overvinne redsla. Historia er alt for omfattande til å gi eit fullstendig resymé, men det sluttar med at båe gutane tar nye dristige val og til slutt endar opp i landet Nangilima.

MOT: Det er ting som må gjerast sjølv om dei er farlege. For elles er ein ikkje eit menneske, men berre ein liten lort. Slik tenker Jonatan (Matias Tunold) når han tek broren Kavring (Kurt Baatz Strandberg) på ryggen for å redde han frå brannen. FOTO: DAG JENSSEN

I Toril Solvang-Kayiambakis’ dramatisering og Jon Tombres regi er framsyninga til Teater Ibsen blitt ei fabulerande og poetisk reise inn i ei draumeverd. Even Børsums scenografi er nøktern og tilsynelatande enkel. Ein stor ballong fyller deler av scenerommet. For meg illuderte den kosmos, men her er nok tolkingshøva legio. Det viktige er måten ballongen blir nytta som sentralt visuelt element. Den dyktige teiknaren Katarina Caspersen, ofte synleg på scena, lagar frå brettet sitt dei nydelegaste teikningar som blir projiserte på ballongen i sanntid. Saman med den nyskrivne musikken til Peter Baden, koreografien til Jannicke Irwin Abrahamsen og nærast stilistisk spel av unge statistar, gjer dette denne framsyninga til ei vakker og lyrisk reise inn i ei verd av draumar.

VAKKERT: Katarina Caspersen skapar dei vakraste illustrasjonar i sanntid. FOTO: DAG JENSSEN

Sjølv om framsyninga følgjer den faktiske historia, rett nok med mange særs vellukka innstrammingar, har Jon Tombre vald ein regi som i større grad tek både ungane i salen, og oss andre med inn i ei fabulerande historie om redsle og motet som trengst for å overvinne henne, om kjærleik og håp. Jonatan (Matias Tunold) og Kavring (Kurt Baatz Strandberg) framstiller dei to brørne tidvis nesten stilistisk, og sjølv om framsyninga berre varar i fem kvarter, skjer det meste ganske dvelande og med god tid. Med ungar som er vande til at alt skal skje hurtig, og der konsentrasjon og kontemplasjon kan vere vanskeleg, kan ein slik spelestil fort ende i uro og bråk i salen. Men eg høyrde ikkje eit knyst, og publikum i alle aldrar let seg openbert leie inn i denne magiske, poetiske, vakre og multimediale draumeverda som «Brødrene Løvehjerte» på Teater Ibsen er blitt.

(Meldinga stod i Klassekampen måndag den 19. oktober 2026.)

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Finn ut mer om hvordan kommentardataene dine behandles.