Mollstemd heimkomst

Mollstemd heimkomst

TEATER

IRISH COFFEE: Pubvertinna Oddny (Solveig Andsnes) og den kreftsjuke og pensjonerte sjømannen Henry (Sven Henriksen) har eit godt forhold. FOTO: MOTIEJUS KURMIS

«Him igjen»
Haugesund Teater, Festiviteten
Av: Rolf Kristian Larsen
Regi: Morten Joachim
Scenografi: Gjermund Andresen
Musikalsk ansvarleg: Vegard Fossum og Halvor Lillesund
Lysdesign: Tom Erik Anfinsen
Med: Anderz Eide, Aslak Rossmann Rossehaug, Janna Kari Kvinnesland, Rikke Westerlund Lie, Peder Lauvås, Solveig Andsnes og Sven Henriksen
Musikarar: Vegard Fossum, Halvor Lillesund Almuth Siegel, Joakim Vikanes, Rudolf Fredly og Tobias Tellmann.

Det hjelper ikkje med gode songarar og flotte låtar når tekstgrunnlaget er så svakt.

For førti år sia kom Haugesund Teater for første gong inn på statsbudsjettet. Same året blei byens storstove, Festiviteten, bygd opp att etter brannen nokre år tidlegare. Det har dei funne grunn til å feire med ein jubileumskabaret med presentasjon av femten songar frå Haugalandets (og omegns) rikhaldige songkatalog. Dette er forsøkt sydd saman med ei historie om sju personar frå tre familiar, alle med meir bagasje enn dei fleste, og der det etter kvart sjølvsagt syner seg at alle og alt heng saman med alt.

Framsyninga tek oss attende til jula 1985. Eddie (Aslak «Rossmann» Rossehaug) har vore nokre år i England for å bli popstjerne, men der han berre blei gatemusikant. Nå kjem han heim til faren, Henry (Sven Henriksen), som er kreftsjuk og ikkje har så lenge att. På vegen blir han plukka opp av nyseparerte Oddny (Solveig Andsnes) som driv den insolvente baren «Håpet», og kanskje blir det søt musikk mellom dei to? Men så dukkar eksen hennar, Gisle (Anderz Eide), opp og ber om forsoning. I Haugesund bur også Eddies bror, Morten (Peder Lauvås), men dei to brørne er ikkje på talefot. Morten er gift med elskovssjuke Kristine Robin (Rikke Westerlund Lie) som fryktar at mannen er homse ettersom han likar å kle seg i kvinneklede. Og så er det Vivian (Janna Kari Kvinnesland), mora til Kristine Robin. Ho går på fylla fordi mannen akkurat har stukke av til Tyskland med ei anna dame. Forteljinga har eit menasjeri og eit utal intrigar det ikkje er så lett å halde styr på.

TO BRØR: Den heimkomne Eddie (Aslak Rossmann Rossehaug) og broren Morten (Peder Lauvås) har lite sams. I bakgrunnen Mortens svigermor (Janna Kari Kvinnesland) og kona hans (Rikke Westerlund Lie). FOTO: MOTIEJUS KURMIS

Alle dei sju på scena er framifrå songarar, og med solid tonefølgje frå orkestergrava får vi undervegs ei rekkje strålande framførte songnummer. Ofte i slike framsyningar, som er meir som ein teaterkonsert, blir songvala litt på sida og ikkje alltid heilt i tråd med handlinga. Men har tilfanget vore så stort at om ein ikkje visste betre, kunne ein tru tekstane var skrivne til framsyninga. Det er skodespelaren og dramatikaren Rolf Kristian Larsen som har skrive stykket, og her skulle det nok ha vore ein myndig dramaturg eller eit ytre auge. For historia er sprikande og alt for omfattande. Berre tidvis kjem vi under huda på dei sju og dei har heller ikkje fått nok å spele på til å bli heile personar.

Men unnataka finst. Janna Kari Kvinnesland speler mora til Kristine Robin, ei rolle heilt på sida av handlinga og som ikkje på noko vis er nødvendig for å drive dette framover. Likevel leverer ho ei av dei beste tablåa i det heile i ei infam tolking av ei forlate og stupfull middelaldrande kvinne. Heimkomsten, settinga og mange av songane er ganske mollstemde, og den som med innestemme og på lågmælt vis greier å løfte denne stemninga, er Sven Henriksen, den einaste i ensemblet som ikkje er vestlending. Hans finstemde kreftsjuke og pensjonerte sjømann er ein person eg trur på og som eg blir glad i. Og framføringa hans av 3 Busserulls «St. Pauli Blues» der han vil ha seksten lasaronar til å bere kista si, var både intens og gripande.

Gjermund Andresens scenografi er ein slags catwalk som også kan symbolisere Haugesunds bruer, og fungerer fint for både songpresentasjonar og for å dele scena i ulike seksjonar. Morten Joachim har hatt regien der personinstruksjonen er god, men han kunne nok med fordel ha stramma inn mykje og gjort framsyninga tydelegare og mindre sprikande. Alle dei godt framførte songane gjorde sjølvsagt at folk kosa seg, men med eit så lite vellukka tekstgrunnlag, er det eit ope spørsmål om ein rein teaterkonsert ville ha vore like bra.

(Meldinga stod i Klassekampen tysdag den 6.oktober 2026.)

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Finn ut mer om hvordan kommentardataene dine behandles.