Flyktige bilde i sand

Flyktige bilde i sand

TEATER

NASEN VEKS: Når Pinocchio (Fride Snipsøyr Holøs) lyg, ser Gepetto (Kornelia Melsæter) det straks. Det gjer også sandfigurane på bakteppet. FOTO: ERIK BIRKELAND, TINGH

«Pinocchio»
Teatret Vårt, Arbeideren, Ålesund
Fritt etter Carlo Collodis barnebok
Konsept, idé og koreografi: Zezé Kolstad
Dramatisering, romkonsept og regi: Kjersti Sandal
Komponist og lyddesign: Sindre Klykken
Sandanimasjon og lysteater: Olga Kryzhanovska og Svitlana Danilchenko
Kostyme: Elin Berg
Lys: Lasse Skrivarhaug
Lyd: Morten Haug Serigstad
Med: Fride Snipsøyr Holøs og Kornelia Melsæter

Framsyninga «Pinocchio» på Teatret Vårt i Ålesund er ei audiovisuell openberring.

Alle kjenner historia om den fattige treskjeraren Gepetto som ønsker seg ein son, og som ein dag opplever at ei marionettedokke faktisk får liv. Men Pinocchio, som han kallar dokka, bringer ikkje berre glede til Gepetto. Som ungar flest er Pinocchio litt vilter, gjer ikkje alltid som han skal, og når han lyg, veks nasen hans. Sia boka kom i 1883 har forteljinga tatt mange former, og mest kjend er nok Disneyfilmen frå 1940. Sams for dei fleste versjonane eg har sett, er stort sett opninga, og at både Gepetto og Pinocchio etter kvart blir slukte av ein kval som dei greier å kome seg fri frå. Men kva som skjer når Pinocchio skal på skulen, og seinare blir sirkusartist kan variere stort.

TIL SKULEN: Pinocchio (Fride Snipsøyr Holøs) skal ta til på skulen og Gepetto (Kornelia Melsæter) sel det lille han eig for å finansiere ein ABC. I bakgrunnen sandkunstnarane Olga Kryzhanovska og Svitlana Danilchenko. FOTO: ERIK BIRKELAND, TINGH

I versjonen Teatret Vårt i Ålesund presenterer, etter ein idé av Zezé Kolstad og i dramatisering og regi av Kjersti Sandal, er historia også nokså fritt etter originalen. Som oftast er Pinocchio ei marionettedokke, men her blir han livaktig og humoristisk tolka av Fride Snipsøyr Holøs. Gepetto og alle dei andre Pinocchio møter undervegs blir spela av Kornelia Melsæter som aksler alle scene- og kostymeskifta på strak arm. Men det som verkeleg gjer denne framsyninga til eit opplevingsrikt kunstverk, er det fantastiske animasjonsarbeidet dei to ukrainske sandkunstnarane Olga Kryzhanovska og Svitlana Danilchenko gjer.

SANDKASSE: Sandkunstnarane Olga Kryzhanovska og Svitlana Danilchenko. FOTO: ERIK BIRKELAND, TINGH

Kledde i svart, står dei på sida av scena med ei underlyst sandkasse med eit tynt lag sand, og der det som skjer i sandkassa blir projisert på scenas bakteppe. I sanntid tryllar dei fram ei mengd vakre teikningar i sanda, – andlet, bygningar, bølgjande landskap, for så å stryke dei ut og starte på nytt. Dette gjer dei i kombinasjon med små figurar som dei nyttar som skuggeteater. Slik får vi ein scenografi i konstant og saumlaus endring. Og ettersom bakteppet er halvtransparent, kan dei to skodespelarane også gå bak teppet, inn i scenografien og bli integrert i den som når dei til dømes blir slukte av kvalen. I tillegg til at desse scenografiske grepa både er kreative og overraskande effektive, er det heile useieleg vakkert. Berre å følgje det synkrone og kjappe teiknearbeidet til Kryzhanovska og Danilchenko er ei stor visuell oppleving i seg sjølv.

FANGA OG LURT: Pinocchio (Fride Snipsøyr Holøs) let seg lure av sirkusdirektøren (Kornelia Melsæter) og må tene han for å kome fri. Bakgrunnen er ikkje eit sceneteppe, men ei sandteikning av eit teppe. FOTO: ERIK BIRKELAND, TINGH

Men her er meir å gle seg over. Sindre Klykkens nyskrivne musikk følgjer det heile så tett at ein skulle tru teiknearbeidet er koreografert. Elin Bergs kostymedesign gjer at Fride Snipsøyr Holøs faktisk ser ut som ei tredokke, og hennar finstemte spel med litt hakkete rørsler gir same illusjon. Kornelia Melsæter er høgt og lågt som Gepetto og alle dei andre. Skodespelarane står godt til kvarandre og spelar med stor innleving, mykje varme og humor.

MAGI: Olga Kryzhanovska og Svitlana Danilchenko teiknar, strør og lagar magi ut av sandkassa.. FOTO: ERIK BIRKELAND, TINGH

Eg må vedgå at etter å ha sett eit utal oppsetjingar av «Pinocchio», stort sett som marionett-teater med ikkje alt for god dokkeføring, var eg ganske skeptisk til denne produksjonen. Men all tvil blei feid til sides. Framsyninga er rett og slett ei audiovisuell openberring, og ei stor oppleving både for femåringane og alle oss andre i salen.

(Meldinga stod i Klassekampen onsdag den 23. september 2026.)

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Finn ut mer om hvordan kommentardataene dine behandles.