Jammen sa eg krakk!

Jammen sa eg krakk!

TEATER

I STORE BOKSTAVAR: Borgarskap med høge hattar og kinnskjegg, og arbeidarar med enorme hender. FOTO: SOUTH COAST CREATIVE/NICO HAGEN

«Fra krakk til kamp»
Kilden teater og Kristiansand symfoniorkester
Av: Kristin Grue og Silje Storstein
Omsett til Arendalsdialekt av: Jørn-Bjørn Fuller-Gee
Regi og scenografi: Ole Anders Tandberg
Dirigent: Øyvind Bjorå
Musikalsk ansvarleg: Simon Revholt
Kostymedesign: Maria Geber
Lysdesign: Clement Irbil
Lyddesign: Simen Hefte Endresen
Med: Veslemøy Mørkrid, Henrik Rafaelsen, Jørn-Bjørn Fuller-Gee, Lars Emil Nielsen, Ann Ingrid Fuglestveit, Eirik Langås Jørgensen og Mina Try

Ei metaoppsetjing med for mange lag, og der mykje blir langdrygt og føreseieleg.

På slutten av 1800-talet var Arendal ein av landets rikaste byar med ein blomstrande skipsfart. Men i 1886 kom det dramatiske «Arendalskrakket». Tre bankar gjekk konkurs, i dragsuget gjekk også ei mengd verksemder over ende, og rundt 1200 blei arbeidslause. Verst gjekk det ut over nabokommunen Barbu. Krakket i 1886 førte til at det som i dag er Arbeidarpartiet, blei stifta i Barbu året etter.

KREATIV BOKFØRING: Forfalsking av rekneskapen var eitt av fleire middel Axel Nicolai Herlofson nytta for å halde det gåande. Her spela av Joakim Føniks Huvestad som blir spela av Jørn-Bjørn Fuller-Gee. (!?) FOTO: SOUTH COAST CREATIVE/NICO HAGEN

Årsakene til Arendalskrakket var mange. Skipsfarten var blomstrande, men seglskutene i tre, som var landsdelens varemerke, måtte vike for dampskip i stål. Verdskonjunkturane var også medverkande. Men den direkte og utløysande årsaka var Axel Nicolai Herlofson (1845-1910). Han var forretningsmann, skipsreiar og bankeigar, og i 1874 skipa han Arendals Privatbank som han dreiv som si eiga litle pengebinge, og alt frå 1878 i realiteten for kreditors rekning. Herlofson levde på stor fot, underslo 900 000 i dåtidas kroneverdi og forfalska rekneskapen. Då det heile blei avslørt, freista han å rømme til Amerika. Men han blei tatt på kaia i Kristiansand, der Kilden teater nå ligg, og dømd til seks års straffarbeid.

Denne spektakulære historia formeleg ropar på ei iscenesetjing. Eit par bøker er skrivne, men nå har Kristin Grue og Silje Storstein tatt tak i historia, og i førre veke var det premiere på Kilden teater. Grue og Storstein gjorde, saman med Johan Fasting, stor suksess som manusforfattarar til TV-serien «Makta» på NRK i 2023. Det var ei i hovudsak korrekt historisk framstilling av Arbeidarpartiet, men med ei rekkje spenstige surrealistiske innslag. Den same tilnærminga har dei tatt med seg når dei nå debuterer som dramatikarar for scene, men ikkje alltid like vellukka som i «Makta».

OVER EVNE: Borgarskapet i Arendal levde på stor fot med høg sigar- og champagneføring. FOTO: SOUTH COAST CREATIVE/NICO HAGEN

Bakteppet er sjølvsagt Arendalskrakket og skipinga av Det Norske Arbeiderparti, men oppsetjinga er i like stor grad ei framsyning om ei framsyning. Teateret har gjenoppliva Arendals gamle teaterkompani, og kalla dei glade amatørane for Nye Arendals Dramatiske Selskab. Under leiing av den ambisiøse regissøren Randi Lund (Veslemøy Mørkrid) skal dei setje opp dramaet om Arendalskrakket. Og til alt overmål har dei fått låne hovudscena på Kilden teater, og det i ein samproduksjon med Kristiansand Symfoniorkester. Det blir ei oppsetjing der det meste går gale. Regissøren er ikkje nøgd med korkje spel eller musikk og stoppar framsyninga fleire gongar. I starten er det artig, men etter kvart blir det føreseieleg og keisamt. I spennet mellom dei profesjonelle som spelar ganske ubehjelpelege amatørar på scena, og det botnsolide symfoniorkesteret i grava, får vi eit drama som sprikar ein del, og ikkje alltid er like underhaldande. Men i andre akt tek Ole Anders Tandberg, den verkelege regissøren, det heilt ut i den komplette surrealismen. Og med eit framifrå og særs fysisk spel av Henrik Rafaelsen som både den eine og andre, greier dei å redde framsyninga. Men finalen i den forrykande andreakta blir eit antiklimaks med to i overkant pedagogiske epilogar.

TATT HEILT UT: Best er framsyninga når surrealismen blir tatt heilt ut, som i denne scena der symfoniorkesteret blir supplert med heftige gitarsoloar. Men er gitaristen Einar Lund som spelar Axel Herlofson, eller er det Einar Lund som spelar fagforeiningsmannen Anders Andersen, eller er det kanskje Einar Lund som spelar seg sjølv? Det einaste som er sikkert, er at det er Henrik Rafaelsen som spelar Einar Lund. FOTO: SOUTH COAST CREATIVE/NICO HAGEN

Symfoniorkesteret spelar klassisk musikk som «Kjempeviseslåtten», «Skjebnesymfonien» og «Also sprach Zarathustra» for å understreke og illustrere handlinga. Slik knyter Ole Anders Tandberg band til stumfilmestetikken. Men problemet i denne oppsetjinga er at ein i tillegg til musikken frå eit heilt orkester også skal høyre skodespelaranes tale. Det er ikkje alltid like lett.

HEILPROFFE: Dei einaste som ikkje freista å spele amatørar, men som heile tida synte seg frå si mest profesjonelle side, var Kristiansand symfoniorkester. FOTO: SOUTH COAST CREATIVE/NICO HAGEN

Tandberg har også ansvaret for scenografien som er ei stor trapp og nokre trær som kan hevast og senkast. Det er ein scenografi som kunne vere ei amatøroppsetjing verdig, men som likevel fungerer, i hovudsak ved den dyktige lyssetjinga til Clement Irbil. Kostyma til Maria Geber er overdimensjonerte, som dei skal vere, for her blir det spela i store bokstavar. Med unnatak av det formidable spelet til Henrik Rafaelsen, er det vanskeleg å vurdere resten av ensemblet, for dei skriv seg på eit vis fri for kritikk ved å spele amatørar som sjølvsagt skal vere amatørar.

«Fra krakk til kamp» har eit spennande utgangspunkt, men greier ikkje heilt å bestemme seg for kor vill framsyninga skal vere. Best er ho når ho missar alle hemningar i den reine surrealismen i andre akt.

(Meldinga stod i Klassekampen laurdag den 19. september 2026.)

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Finn ut mer om hvordan kommentardataene dine behandles.