Poetisk og kjenslevart

Poetisk og kjenslevart

DANS

IDYLL: Lykke og glede, men kor lenge skulle det vare?. FOTO: TORE SKOGLUND OG LISE SKJÆRAASEN

«En sorg som min»
Teater Innlandet, Fredevika, Gjøvik
Basert på C.S. Lewis’ roman «En sorg som min»
Koreografi: Therese Slob og Emilie Fuglestad
Komponist og musikalsk leiar: Andreas Ulvo
Scenografi: Lise Skjæraasen, Emilie Fuglestad og Olav Nordhagen
Kostyme: Emilie Fuglestad
Musikarar: Andreas Ulvo, Siri Snortheim og Åsne Valland Nordli
Med: Camilla Spidsøe og Sudesh Adhana

Kjærleik, sorg og sakn formidla kjenslevart, sanseleg og vakkert.

Den britiske forfattaren og essayisten C. S. Lewis (1898-1963) blei folkeeige med dei sju magiske bøkene om Narnia. Men han hadde også ein omfattande produksjon av andre bøker, både som lyrikar, essayist og forfattar. Ein av dei siste bøkene han gav ut, rett nok under pseudonym, var «A Grief Observed» («En sorg som min»). Den handla om tapet av kona, den amerikanske forfattaren Joy Davidman. Lewis var ugift fram til han i 1956 inngjekk eit proforma ekteskap med Davidman for å unngå at ho (som tidlegare kommunist) måtte returnere til USA under McCarthy-tida. Davidman var nok forelska i Lewis, men kjenslene hennar blei ikkje gjengjeld. I alle fall ikkje i starten. For så, utan at eg skal gå i detalj, utvikla forholdet seg etter kvart til kjærleik for båe, og i 1957 gifta dei seg også kyrkjeleg for å stadfeste at no var det verkeleg. Men Joy Davidman døydde alt i 1960, etter berre fire års ekteskap. Under pseudonymet N.W. Clerk gav Lewis i 1961 ut boka «A Grief Observed». Sjølv døydde han berre to år etter, i 1963.

HEFTIG: Kjensleladd, ekspressivt og heftig. FOTO: TORE SKOGLUND OG LISE SKJÆRAASEN

«A Grief Observed» er ei artikkelsamling om kva Lewis gjekk gjennom i sorga etter kona. Rett etter hans død, blei boka gitt ut att med rett forfattarnamn. På åttitalet blei ho dramatisert for scena og det blei laga ein fjernsynsserie basert på boka. Og i 1993 fekk ho fornya aktualitet med Richard Attenboroughs film «Shadowlands» som også baserte seg på «A Grief Observed».

SETTINGA: Musikarane Andreas Ulvo, Åsne Valland Nordli og Siri Snortheim. Og i bakgrunnen dansarane Camilla Spidsøe og Sudesh Adhana. FOTO: AMUND GRIMSTAD

Nå har Teater Innlandet, koreografane Therese Slob og Emilie Fuglestad, saman med komponisten Andreas Ulvo laga ei danseframsyning med bakgrunn i boka. Den hadde urpremiere i vasskanten mot Mjøsa, i Fredevika i Gjøvik 20. august. Ut månaden skal den turnere utandørs i Innlandet, hovudsakleg i Mjøstraktene, før den skal på innandørsturné i september. Framsyninga er ein co-produksjon med PS:Røst Produksjoner (Therese Slob og Emilie Fuglestad), og i samarbeid med Musikk i Innlandet. Som ein prolog ein halvtime før framsyninga, vil lokale barn og unge delta i kunstprosjektet «Vi bærer hverandre» der dei gjennom dans, eller meir koreograferte rørsler, utforskar menneskelege relasjonar, fråvær, sakn og sorg.


BØRA:
Sorga er ei tung bør å bere. FOTO: TORE SKOGLUND OG LISE SKJÆRAASEN

I Fredevika denne seinsommarkvelden var veret upåklageleg, Mjøsa låg nærast blikk stille og sola vermde. Dei sju lokale ungdomane, seks jenter og ein gut, ga oss ein fin ouverture medan publikum benka seg i vasskanten. Scenografien var stort sett naturgitt. Ein liten lagune, ei strand og Mjøsa som bakteppe. Bak lagunen var det eit lite hus for musikarane, nærast som eit heiltransparent leskur, og på stranda ein benk. Det var det heile, men også meir enn nok. For her var musikk, dans og sterke kjensler det viktige.

ELEMENTA: Bruken av den naturgitte scenografien gir framsyninga ein ekstra dimensjon. FOTO: TORE SKOGLUND OG LISE SKJÆRAASEN

Jazzpianisten og komponisten Andreas Ulvo har skrive musikken som blei framført, og på tangentar leia han sjølv det vesle ensemblet med cellisten Siri Snortheim og songaren Åsne Valland Nordli. Bak dei, på andre sida av lagunen, kom to personar til synes, vandrande hand i hand. Det var dansarane Camilla Spidsøe og Sudesh Adhana. Synkront med musikken ga dei oss ei reise i store kjensler frå dei første varsame famntaka, gjennom den store lidenskapen, og til døden, tapet og sorga. Eitt er at dans og rørsle var så ekspressivt formidla at ein slett ikkje trong å vere dansekunnig for både å forstå og nyte. Men dei to var også særs gode skodespelarar med eit stort register i diskré, men talande mimikk. Ikkje eitt ord blei sagt, berre nokre kjensleladde lydar. Men korleis dei nytta benken, sandstranda, vatnet, kvarandre, og korleis dei interagerte, dansa og bevega seg, sa meir enn tusen replikkar. Det var poetisk, sanseleg, vakkert, og sjølvsagt sårt. For når slutten kjem, ho (Camilla Spidsøe) dør og går roleg ut i vatnet medan han (Sudesh Adhana) fortvila står att, og reagerer både kroppsleg og på anna vis, er dei sterke kjenslene til å ta og føle på. Og alt skjedde synkront, utan merkbare skift, og heile tida i ein eineståande dialog med musikalsk og songleg følgje.

EI SORG SOM MI: Sudesh Adhana gjer sorga og saknet til eit raseri og ei fysisk fortviling. FOTO: TORE SKOGLUND OG LISE SKJÆRAASEN

Framsyninga varar berre snaue timen, men er innhaldsrik som ein roman. «En sorg som min» var ei sanseleg oppleving av det sjeldne. Bruken av og samhandlinga med naturen og vatnet gav ekstra dimensjonar, og eg er spent på korleis dei skal kompensere dette når dei flyttar produksjonen innandørs i neste månad. Kanskje blir det ei heilt anna framsyning? Men dei som vil, har i alle fall høve til å sjå og oppleve denne vakre forteljinga om kjærleik, tap, sorg og sakn utandørs til og med 1. september.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Finn ut mer om hvordan kommentardataene dine behandles.