TEATER

«Det magiske havet»
Studentersamfundets Interne Teater, Sitatet
Av: Konstanse Fjellvang
Regi: Konstanse Fjellvang
Scenografi: Marte Ness
Kostyme: Sunniva Nyhamar
Lyddesign: Marcus Grand Michaelsen
Med: Haakon Staver Lagerqvist, Mari Peistorpet, Frida Gaarde, Ingvild Langås Hvalen, Viktoria Lunde og Jakob Eiklid
Ei leiken, opplysande og interaktiv framsyning om det vi veit altfor lite om.
Konstanse Fjellvang er ein uslipt diamant i Thalias teneste. Ho er 23 år gamal, frå Harstad og er student i Trondheim. Mykje av fritida si nyttar ho på arbeid med Studentersamfundets Interne Teater (SIT) der ho gjennom dei tre siste åra har synt uvanlege talent både som skodespelar, regissør, songar, musikar, komponist og dramatikar. Eg har hatt gleda av å følgje dette multitalentet gjennom ei rekkje ulike produksjonar og blitt meir og meir imponert. Så til trass for eit stramt tidsskjema, gjorde eg det eg kunne for å få med meg hennar siste verk. Og ho innfridde alle mine forventingar både med omsyn til manus og regi.
Denne gongen har Fjellvang, med eit brennande hjarte også for natur og miljø, skrive og regissert ei fabulerande framsyning om det magiske havet, det som opptek størstedelen av arealet på jorda, men som vi framleis veit altfor lite om. Og det har ho gjort i ei leiken oppsetjing for dei første trinna på barneskulen.
Sitatet, Studentersamfundets relativt nye intimscene, er bygd om til ei draumeverd. Vi blir møtte i foajeen utanfor av to havforskarar (Haakon Staver Lagerqvist og Mari Peistorpet) som på pedagogisk vis gir oss ein introduksjon om havet, om kor lite vi veit sjølv om vi driv rovdrift på ressursane, og i tillegg nyttar det som avfallsplass. Så blir vi inviterte med på ei reise ned i dette lite utforska universet. Som alle veit, kan vi ikkje puste under vatn, og tre kvarter er litt for lenge å halde pusten. Difor blir vi utstyrte med pustepulver som effektivt løyser det problemet før vi blir tatt med inn i scenerommet der rekvisitt- og kostymeavdelinga til SIT må ha gått amok og kosa seg glugg i hel med å skape kreative gevant, dyr og plantar i ei magisk eventyrverd. Dei to «forskarane» fortel oss kva og kven vi møter, og her er korallrev, fisk, plankton, ein blåkvalunge, krepsdyr og mykje, mykje meir. Alt presentert leikent, humoristisk og kreativt av skodespelarane Frida Gaarde, Ingvild Langås Hvalen, Viktoria Lunde og Jakob Eik som saumlaust vekslar mellom eit utal roller, eller rettare vesen og plantar. Og sjølvsagt skjer alt dette interaktivt.

Eg nemnde at kostyme og rekvisittar var kreative, men eit viktig tilleggselement er musikken og lydbildet som Marcus Grand Michaelsen, eit anna stortalent i SIT sine rekkjer, har skapt. Det supplerte stemningane frå det visuelle og gjorde opplevinga komplett.
På ekte forskarvis må vi som publikum sjølvsagt vere med på å bryte nye barrierar og kome oss lengre ned i materien, så medan vi stadig dukkar djupare ned i havet, blir det mørkare og mørkare, før vi til slutt nesten ikkje ser noko, samstundes som pustepulveret tar til å miste effekt så det til slutt er tryggast å kome seg opp til overflata.
Lakmustesten for slike framsyningar er sjølvsagt i kor stor grad dei treff målgruppa. Og sjølv om det i den framsyninga eg såg ikkje var så mange av dei, var det openbert at dette i så måte var innertiar. Og på dagtid går produksjonen som skuleframsyning, så da vil eg tru det er skikkeleg interaktivt.
SIT sluttar aldri å overraske. Dei har rett nok laga barneteater før, men stort sett i samband med UKA. Denne produksjonen syner at dette er ein sjanger dei gjerne kan gjere meir av.
