Når det koker i teateret

NATIONALTHEATRET

Lesarinnlegg i Klassekampen 27.11.2025

Tenk deg ein fredag ettermiddag i Oslo sentrum, nærare bestemt i og ved Nationaltheatret. Om ein times tid er det premiere på hovudscena. På båe biscenene er det også framsyningar denne kvelden. Heile bygget er ei sydande gryte. I garderoben og sminka er det nervøs og oppglødd stemning. Blomsterbukettane har alt tatt til å kome. I foajeen er det fullt av forventingsfulle publikummarar. Nokre skal på Hovudscena, andre på Amfi. Og nokre som skal på Malersalen held varmen i foajeen medan dei ventar på å bli sleppte inn. Theaterbaren er opna og folk snakkar saman. Dei møter tilfeldigvis ein nabo eller ein kollega, og avtalar eit glas eller eit måltid etter framsyning på ein av dei mange serveringsstadane i nærleiken. Seinare på kvelden blir det utveksla inntrykk og opplevingar. Og ho som var på Malersalen, fekk lyst til å gå på Hovudscena etter å ha høyrt kva naboen fortalde om den oppsetjinga. I fleire timar formeleg koker det i og rundt teateret.

UNDER EITT TAK: Prosjektet «Ny framtid for Nationaltheatret» vil raskt, og truleg til lægre pris enn andre framlegg, kunne samle alle scener under eitt tak, og samstundes utvikle det historiske aksekorset mellom så sentrale nasjonale institusjonar som Slottet, Stortinget, Universitetet og Nationaltheatret. ILLUSTRASJON: LPO ARKITEKTER

Denne situasjonen er det kulturministeren og regjeringa vil fjerne, eller i beste fall pulverisere. Det som har vore tre aktive scener under eitt tak, vil dei splitte opp i ein oppussa museumsscene i det gamle bygget på Johanne Dybwads plass, medan dei to biscenene, produksjon og administrasjon skal flyttast til ei ikkje bestemt tomt ein stad ved eller innanfor Ring 3. Om dette i det heile tatt blir realisert, vil det ta tid, – særs lang tid. Framlegget til løyvingar i årets statsbudsjett tyder heller ikkje på at tomtekjøp eller rehabilitering er planlagd med det første. Mens graset gror, dør kua, og Nationaltheatret forfell. Det er ei nasjonal skam.

Men det treng ikkje vere slik. Framlegget «Ny framtid for Nationaltheatret» med eit tilbygg til dagens teater vil kunne bli realisert i løpet av fem år, og utan driftsstans. Då vil dagens tre scener, samt ein prøvesal som også kan ta publikum, pluss det meste av det som teateret elles treng (med unnatak av noko administrasjon og produksjonslokale for dei største kulissane) vere under eitt tak. Og det i eit historisk bygg som saman med Universitetet, Slottet og Stortinget dannar eit nasjonalhistorisk aksekors som mange hovudstader vil kunne misunne oss. Prisen vil høgst truleg vere lægre enn dei luftslotta Lubna Jaffery held på med. Så mi oppmoding til regjeringa og kulturministeren er at dei i alle fall tek seg tid og råd til å vurdere framlegget.

For det er ein vesentleg synergieffekt ein skuslar bort om ein delar opp teateret i to geografisk godt avskilte avdelingar. Å ha tre (i røynda fire) scener under same tak, er eit privilegium som du berre finn hjå dei aller største teaterhusa i landet. Trøndelag Teater er i ei særstilling med heile fem scener i same hus. Det Norske Teatret, Rogaland Teater og Den Nationale Scene har tre. Spør dei kva dette betyr for å skape eit kulturelt samlingspunkt der det stundom verkeleg koker. For teateret er ikkje berre den individuelle sceneopplevinga der og då, men like mykje det sosiale rundt og ikkje minst den kollektive samtalen som følgjer. Utan den vil dramatikken skje i eit vakuum.

(Dette lesarinnlegget stod i Klassekampen torsdag den 27. november 2025.)

One Response to “Når det koker i teateret”

  1. Ellen Horn sier:

    Kjempegodt innlegg og takk for ditt engasjement for Nationaltheatret.

Leave a Reply