Varmt om det vonde

DEN DRAUMEN: Når systrene Ronja (Emma Deichmann) og Melissa (Madeleine Brandtzæg Nilsen) byggjer kvarandre opp med draumane sine, er denne framsyninga på det vakraste. FOTO: VEGARD EGGEN

TEATER

«Stargate»
Trøndelag Teater, Studioscena
Av: Ingvild H. Rishøi
Regi: Maria Drangeid
Scenografi og kostyme: Ida Grimsgaard
Komponist: Fredrik Storsveen
Lysdesign: Steffen Telstad
Med: Emma Caroline Deichmann, Madeleine Brandtzæg Nilsen, Patrick Hilmar Ingvaldsen, Paal Herman Ims, Synnøve Fossum Eriksen og Christian Eidem

Ei framsyning der poesien og det vakre druknar litt i surrealistiske påhitt.

Ingvild H. Rishøis vesle roman «Stargate» frå 2021 har for lengst blitt ein juleklassikar, ein moderne versjon av «Piken med svovelstikkene». Ti år gamle Ronja bur saman med faren og systera Melissa i eit slite husvære på Tøyen i Oslo. Ronja er ein drøymar medan storesystera på 16 er langt meir nøktern og har forstått det meste, slik det ofte er for ungar som ikkje får lov å vere barn. For sjølv om denne vesle familien har eit tett og varmt forhold, og openbert er svært glade i kvarandre, er pappa også glad i flaska. Han er arbeidslaus og likar seg best saman med sviresystera Sonja på puben Stargate. Det nærmar seg jul, og Ronjas fortrulege, vaktmeisteren, tipsar henne om at det er ledig jobb som juletreseljar. Ronja legg det fram for faren som, overraskande nok, får jobben. Så er kanskje jula berga? Faren får forskot, handlar inn mat, men drikk opp resten, og er ikkje lenger i stand til å arbeide. Melissa hoppar inn for faren, og saman med den kreative seljaren Tommy, og minst like kreativ bruk av Ronja som åte, går salet strykande. Ei stund. Meir skal eg ikkje røpe.

Boka er skriven frå ståstaden til ein tiåring, og er ei sosialrealistisk skildring av omsorgssvikt, fattigdom, rus og redsla for barnevernet. Men ho er også ei umåteleg vakker og poetisk forteljing om håp, vennskap og draumen om noko betre. Forteljinga om Ronja kan oppfattast som realisme heilt fram til finalen, men då blir likskapen med H.C. Andersens eventyr meir og meir tydeleg, og ein forstår at her er det draum og røyndom i skjønn foreining.

Trøndelag Teater har fått Maria Drangeid til å dramatisere og regissere «Stargate», som nå blir spela på teaterets studioscene. Dei to produksjonane eg har sett av Drangeid tidlegare, «Sanger for bortkomne dager – og grønn tusj» og «Den Gylne Drage», har båe særmerkt seg ved at i den grad det er noka forteljing, så bryt ho den opp. Med ei uærbødig og leiken tilnærming til innhaldet boltrar ho seg i staden i absurditetar og det surrealistiske. I dei to nemnde produksjonane har det vore svært vellukka. Dette regigrepet har ho tatt med seg i «Stargate» der ho alt frå opninga syner oss at dette ikkje er realisme.

Scenografien til Ida Grimsgaard er stua i husværet til Ronja. Framsyninga tar til med at ein figur kjem dalane ned på altanen, ikkje «englar i skjul», men vaktmeisteren (Christian Eidem). Dermed er magien, og det ikkje heilt realistiske, etablert på eit oppfinnsamt vis. Brotet med realismen blir også understreka ved at både scena med Lucia-markering på skulen og juletresalet ved bensinstasjonen også går føre seg i stua. Til nyskriven musikk av Fredrik Storsveen, i positiv forstand litt julete i forma, kjem det eine treet etter det andre vandrande inn i stua som slik blir både draumen og den triste røyndomen i Ronjas univers.

Emma Deichmann gjer ein formidabel rolleprestasjon som Ronja. Med barnets ståstad, utan å overspele, men med utsøkte detaljar og fin mimikk er ho verkeleg til å tru på. Det er også Madeleine Brandtzæg Nilsen som den omsorgsfulle og kloke storesystera. Samspelet mellom dei er formidla varmt, inderleg og vakkert. Patrick Hilmar Ingvaldsen gir oss på overtydande vis ein far som på eine sida er oppriktig glad i og stolt av jentene sine, men som samstundes ligg under for flaska. Personane rundt Ronja, som juletreseljaren Tommy (Paal Herman Ims) og den gamle naboen Aronsen (Christian Eidem) er gode menneske og blir framstilt slik. Medan dei vonde eller vanskelege personane, som alle blir spela av Synnøve Fossum Eriksen, blir karikerte og overspela, truleg slik ein tiåring vil oppfatte dei.

Så skulle ein tru at dette var ei vellukka dramatisering av Rishøis vakre, vesle juleforteljing. Men der Maria Drangeid tidlegare har treft med å løyse opp og lage absurd teater, lukkast ho ikkje i same grad med dette grepet i «Stargate». Det blir for mange påhitt, og for mykje surrealisme. Det vakre, og ikkje minst poetiske i romanen druknar diverre litt i alle påfunna. Men Ronjas monolog i finalen er til å grine av, og tek framsyninga ned dit ho i større grad burde ha vore.

(Meldinga stod i Klassekampen måndag den 11. november 2024.)

Leave a Reply