TEATER
«Sanger for bortkomne dager – og grønn tusj»
Trøndelag Teater, Teaterkjelleren
Basert på «Du kan ikke svikte din beste venn og bli god til å synge samtidig»
Dramatisering og regi: Maria Drangeid
Scenografi: Olav Myrtvedt
Tekstilinstallasjon: John K. Raustein
Lysdesign: Eivind Myren
Med: Maria Omarsdottir Austgulen, Synnøve Fossum Eriksen, Marianne Meløy og Hildegunn Eggen
Humoristisk, absurd og nyanserikt om einsemd og mangel på språk.
Teater treng ikkje alltid fortelje ei historie. Nokre gongar er sjølve opplevinga det viktigaste, og du må berre setje deg godt til rette, nyte det du ser, og ikkje vere for opptatt av å forstå. Slik er det så avgjort i Teaterkjellaren på Trøndelag Teater for tida. Maria Drangeid, som har lang fartstid i scenekunsten, er nå nyutdanna frå regilina på Kunsthøgskolen i Oslo. Ho har tatt tak i den tjue år gamle debutboka til multikunstnaren Kim Hiorthøy «Du kan ikke svikte din beste venn og bli god til å synge samtidig». I Drangeids dramatisering og regi er det blitt til framsyninga «Sanger for bortkomne dager – og grønn tusj» som hadde premiere laurdag. Gjennom eit nært og godt samarbeid med scenografen Olav Myrtvedt og tekstilkunstnaren John K. Raustein er det blitt både ein leiken parafrase over tema som einsemd og kontaktsøking, og samstundes nærast som ein kunstinstallasjon.
I eit landskap av ulike draperi, tekstilar og puteliknande gjenstandar møter vi fire aktørar. Ingen har namn, og kanskje er to av dei ein hest og ei ku. Etter ein nydeleg, lang og humoristisk ouverture der Maria Omarsdottir Austgulen med finslipt mimikk, augnekast og fysisk spel flørtar med publikum og gir oss absurde og samstundes urkomiske situasjonar, utan at vi forstår noko som helst, dukkar også Synnøve Fossum Eriksen opp. Og omsider blir det ein dialog. Men her er surrealismen total, og jamvel om vi forstår at dei to søkjer kontakt, truleg både mentalt og kroppsleg, snakkar dei meiningslaust og fullstendig forbi kvarandre. Etter kvart kjem også Marianne Meløy og Hildegunn Eggen inn, den eine mest som hest og den andre like mykje som ku. Medan dialogen er like absurd som han er humoristisk.
For meg blir dette fire forhutla vesen som freistar å nå fram til kvarandre, men som ikkje eig språket eller andre verkemiddel. Og slik blir framsyninga, i den grad ein kan snakke om ein ytre handling, ein parafrase over ulike former for einsemd. Men det er nok likevel det visuelle, det nyanserike spelet og opplevinga eg sit att med. Scenografien og tekstilane er eit lite kunstverk i seg sjølv og gir rom for opplevingsrikdom så det held. Og spelet til dei fire er utsøkt med ein detaljrikdom og mimikk av det heilt sjeldne der særleg Maria Omarsdottir Austgulen verkeleg briljerer.
Denne produksjonen er like uforståeleg som tittelen er absurd, men trass i at eg stundom lurte på kva i all verda eg såg, må eg vedgå at eg likevel kosa meg med det leikne, med humoren, det vakre og det uvanleg mangefasetterte og nyanserike spelet.
(Meldinga stod i Klassekampen tysdag den 8. mars 2022.)
[…] nå blir spela på teaterets studioscene. Dei to produksjonane eg har sett av Drangeid tidlegare, «Sanger for bortkomne dager – og grønn tusj» og «Den Gylne Drage», har båe særmerkt seg ved at i den grad det er noka forteljing, så bryt […]