Innsiktsfullt og overraskande

TEATER

STOR PLASS?: Nokon er med, nokon tek stor plass, og nokon er utanfor.

«Tenk på barna»
Kepler Teater, Teaterkjellaren, Trøndelag Teater
Av: Christian Henrik Curcan Sørbye, Arturo Scotti og ensemblet
Konsept og regi: Christian Henrik Curcan Sørbye og Arturo Scotti
Med: Zoe Mæland Rodgers, Emma Bones, Martin Næss Hald, Erik Aarum Kirkegaard, Kristian Torgersen og Johannes Holmberg Wike

Nok ein gong syner Kepler Teater at dei ikkje berre kjenner sin eigen generasjon, men at dei også er i stand til å formidle kunnskapen intelligent, truverdig, underhaldande, – og ikkje minst overraskande.

Kepler Teater er eit Oslobasert teaterkompani, litt laust samansett av og med folk midt i tjueåra, og har halde på sia 2019. Eg såg den førre produksjonen deira, «Spis de rike» som blei vist i Oslo på forsommaren, og blei nesten slått i bakken. Ettersom eg er om lag tre gonger så gamal som desse folka, var eg redd det ville vere koder og referansar eg ikkje hadde noko forhold til. Men i staden ga dei meg eit av dei klokaste og mest innsiktsfulle innblikk i denne millenniumsgenerasjonen som har vakse opp med ein pseudorøyndom på sosiale medium, og der ein fort kan tru at kommunikasjon og interaksjon var i ferd med å bli overtatt av chatting, TikTok og kva veit eg. Men så viste dei oss at det framleis finst samhald, venskap, leirbålssamtalar og sosialt liv hjå ungdomen. Og dei gjorde det så naturleg at eg trudde eg var fluge på veggen på eit ungdomstreff i staden for publikum på eit teater.

Det var difor med høge forventingar eg vitja teaterkjellaren på Trøndelag Teater der Kepler Teater for tida viser framsyninga «Tenk på barna». Og berre så det er sagt med ein gong, – dei meir enn innfridde. Kepler har laga sin eigen sjanger, eit slags sosialt teater om du vil der den lause interaksjonen mellom dei på scena etter kvart utviklar seg til noko langt meir. Denne gongen inviterer dei oss med på det som ser ut til å vere eit møte i organisasjonen «Tenk på barna», og det startar sosialt med drikke, drøs og selskapsleik før vi benkar oss på tre sider om det som skal vere scena. Der sit Erik (Aarum Kirkegaard) som er ganske stille, Kristian (Torgersen) ein likande bergensar som openbert har vore langt nede, og Martin (Næss Hald) som var den som så og fekk Kristian på beina att. Dette er nærast som eit seminar, og på ei tavle skriv dei ordet «fellesskap» og lurer på kva vi forbind med det. Ved inngangen har vi fått kvart vårt pokemonkort, påført namn, så spørsmåla blir stilt til namngjevne personar i salen. Den første svarar litt kleint at ho tenker på jul, så er det ulike andre publikumsassosiasjonar før ein i salen blir svar skuldig og ikkje finn på noko fornuftig å svare. Det heile blir endå meir kleint og anstrengt. Og eg gruar for kva eg skal finne på å svare om dei spør meg. Men så kjem den stotrande personen på gli, og vi forstår at dette er Johannes (Holmberg Wike), og ikkje ein vanleg publikummar. Spørsmålet går så attende til den første, ho med jula, og det viser seg å vere Emma (Bones) som leverer ein forrykande og særs truverdig monolog om kor trasig det er når alt er på det jamne og heilt greitt.

Slik held dei fem fram med prating om laust og fast. Alle har dei sitt, men i «Tenk på barna», og under Martins venger, har dei funne ein friplass. Som i førre produksjon sit vi som fluger på veggen og følgjer relativt daglegdagse samtalar som er godt skrivne, vel formulerte, og som verkar heilt ekte. Og sjølv for ein som vaks opp før det var noko som heitte Barne-TV, er dei nostalgiske tilbakeblikka på desse programma, som nok kan ha vore traumatiserande også for generasjonane etter «Pompel og Pilt», lett å kjenne att. Kanskje var det her det gjekk feil?

Lenge er samtalane, leik på golvet og slike tilbakeblikk nok, men så tek eg meg i å kjenne på at det kanskje går litt på tomgang. Eg har dei to bakmennene og regissørane, Christian Henrik Curcan Sørbye og Arturo Scotti, mistenkt for at det er akkurat slik dei har tenkt og vil utfordre publikum. For brått skjer det eit overraskande skift. Ut av inkje kjem Zoe (Mæland Rodgers) og gir framsyninga ei heilt anna retning. Eg har alt røpa for mykje av det som skjer, så for ikkje å øydeleggje opplevinga, skal eg ikkje røpe meir, anna enn at nå blir det skikkeleg intenst. Og det vi trudde var, syner seg å ikkje vere. Det er intelligent og kreativt, og særs godt formidla. Spesielt spennande er det å følgje diskusjonane i gruppa og korleis ting gradvis kan utvikle seg til si eiga motseiing. Akkurat her er ikkje all argumentasjon og dialog like overtydande som resten, men nesten. Korleis det går, skal eg også halde meg langt frå å røpe, og det er for så vidt uinteressant, for det er formidlinga av prosessane og interaksjonen som er det interessante i denne oppsettinga.

Kepler Teater har nok ein gong synt at dei kjenner si eiga samtid og sin eigen generasjon, og at dei i tillegg er i stand til å formidle dette både humoristisk, innsiktsfullt og særs truverdig. For at framsyninga skal bli så ekte som ho verkar, vil eg tru at Christian Henrik Curcan Sørbye og Arturo Scotti har utvikla dette i tett samarbeid med ensemblet slik at dei kan vegetere på og nytte seg av seg sjølve og eigne erfaringar. Og dei gjer det med fingerspisskjensle. I ensemblet er det berre Zoe Mæland Rodgers som var med i førre produksjon. Emma Bones er for lengst godt kjend for dei fleste, og leverer så overtydande rolletolking at vi verkeleg kjenner på ubehaget hennar. Men sjølv om dei fire siste har vore ukjende for meg, til nå, syner dei ei innleving og eit scenisk nærvær som tyder på at dette er namn vi må merke oss. Og både konseptet, og ikkje minst regigrepa til Christian Henrik Curcan Sørbye og Arturo Scotti berre stadfestar det eg så i førre produksjonen deira. Dei byggjer opp, gjer det litt keisamt for så, når publikum har senka guarden, å kome med ein knyttneve av eit brot, rett i mellomgolvet. Det er herleg å gå på teater og bli overraska, og desse to fekk det verkeleg til.

Leave a Reply