TEATER
Unge dramatikere 2016
Trøndelag Teater, Teaterkjellaren
Regi: Rita Abrahamsen
Dramaturgar: Elisabeth Egseth Hansen og Kristofer Blindheim Grønskag
Scenografi: Marie Steen Löwendahl
Kostyme: Jenny Hilmo Teig
Dagdrømmer
Av Anna Renolen, 16 år
Med: Christian Ruud Kallum og Jon Lockert Rohde
Ingen riper i lakken, eller?
Av: Elena Boglis, 17 år
Med: Madeleine Brandtzæg Nilsen, Mari Hauge Einbu og Wenche Strømdahl
Heimen
Av: Nora Synnøve Oma, 18 år
Med: Christian Ruud Kallum, Jon Lockert Rohde, Mari Hauge Einbu og Hallbjørn Rønning
På venterommet
Av: Maja Sæternes, 19 år
Med: Jon Lockert Rohde og Hallbjørn Rønning
Jeg er
Av: Kristin Raanes Vassdal, 18 år
Med: Christian Ruud Kallum, Wenche Strømdahl og Mari Hauge Einbu
Problem – løsning
Av: Martine Hattestad Kveli, 20 år
Med: Madeleine Brandtzæg Nilsen, Wenche Strømdahl og Hallbjørn Rønning
Humor og absurd dialog med masse undertekst.
For femte år på rad har Trøndelag Teater i samarbeid med Kjernehuset og Rita Abrahamsen invitert unge skrivelystne mellom 13 og 19 år til å sende inn dramatekstar eller skisser eller idear. Rundt tjuefem kom inn, og blant dei er seks valde ut til, gjennom samarbeid med dramaturgar og regissør, å arbeide fram seks små einaktarar på rundt 15 minutt. Laurdag var det urpremiere i teaterkjellaren, og som vanleg framført av skodespelarar frå Trøndelag Teaters ensemble.
Om ein skal ta innhald og tematikk frå desse tekstane som eit årleg barometer for kva ungdomen er oppteken av, har det dei siste åra vore temmeleg eksistensielt og dystopisk. Det har vore Havet, Døden og Kjærleiken, og dei store spørsmåla i livet. Men samstundes har det vore dei tekstane som har hatt litt humor som har fungert best. Årets seks framsyningar syner eit langt meir optimistisk og humoristisk syn på verda og tilværet, og om eg skulle trekkje fram ein raud tråd i årets produksjonar, må det vere absurd humor, og god og leiken dialog med mye undertekst.
Den første teksten, «Dagdrømmer», var ein særs leiken og litt småabsurd dialog mellom to personar, ein munter leik omkring kva som er røyndom og ikkje der to personar på eit litt Beckettsk vis ikkje ventar på Godot, men på ein tsunami medan dei boltrar seg i surrealisme og metateater.
«Ingen riper i lakken, eller» var den einaste teksten med eit skikkeleg narrativ. I tolv små tablå møtte vi to skuleveninnar og deira samvit eller indre røyst. Det handla om at det som er tilsynelatande ikkje alltid er slik du trur, og at bak fasadane kan røyndomen vere ganske annleis. Det var ungdomens kvardag tatt heilt på kornet, og skildra med den innsikta og kunnskapen berre ungdomen sjølv har, men kanskje litt føreseieleg.
«Heimen» var eit stykke om å stille opp og vere til stades. Teksten, som var på eit godt og munnleg nynorsk, låg både språkleg og tematisk i spennet mellom Vesaas og Fosse der det meste av innhaldet til den litt gåtefulle dialogen låg i ein undertekst som ikkje alltid var like lett å fatte, men som utfordra meg og gjorde at eg fekk lyst til å sjå meir.
«Problem – løsning» var ein humoristisk og litt pedagogisk parafrase over både det eine og andre, med spesielt skråblikk på eittbarnspolitikken i Kina, men også på mindre konfliktar i det heimlege. Her blei det spel på mange parallelle plan, og ein god porsjon metateater. For dei som kjenner litt til to av skodespelaranes familiære status, blei metanivået tatt ufriviljug (?) endå eit hakk opp.
Nivået i årets «Unge dramatikere» var like gledeleg høgt som det har vore tidlegare år, men det nye i år, var at det var særs jamt. Likevel var det to av tekstane som eg må få framheve som spesielt vellukka. Det var «På venterommet» av Maja Sæternes og «Jeg er» av Kristin Raanes Vassdal. Dei særmerka seg med å vere litt meir fullstendige og komplette enn dei fire andre.
«På venterommet» var ei absurd og særs humoristisk historie om Ola Nordmann som kolliderer og hamnar på venterommet til Perleporten der ein temmeleg byråkratisk engel skal handtere og sortere han. Utan å ha nokon moralistisk peikefinger får vi gjennom surrealistisk intervju og handsaming av den innkomne heilt klåre og humoristiske parallellar til norske asylmottak og flyktningpolitikk. Det er ein underfundig, leiken og særs intelligent tekst som på same tid er ikkje så reint lite politisk og religionskritisk.
I stykket «Jeg er» får vi bli med på eit durabeleg frukostoppgjer mellom dei tre skapnadene (eller kreftene i oss, om du vil) Orden, Kaos og Nøytral. Det er eit verbalt bikkjeslagsmål mellom dei tre om kven av desse essensane, som vi alle er utstyrt med gode porsjonar av, som er best for både personen sjølv og for omgivnadene. Det er høg temperatur, og ein innsiktsfull, sjølvironisk og humoristisk dialog der dei tre verkeleg kjempar om hegemoniet, og der eg sjølv (men det kan vere av høgst personlege grunnar) følte at Kaos vann ein knusande, overlegen og heilt fortent siger.
Etter fem år med så mange gode produksjonar, kan vi vel vere ganske trygge på at prosjektet «Unge dramatikere» er kome for å bli. All ære til Rita Abrahamsen og Trøndelag Teater for at dei brukar tid, krefter og kapital på å dyrke fram denne underskogen. Og så lenge det som blir presentert er av så høg kvalitet, er ikkje dette berre god pedagogikk og framtidssatsing frå teaterets side, men også rett og slett både interessant og spennande scenekunst.