Teateråret 2016

Teateråret 2016

Klassekampen har bede meg og dei to andre teatermeldarane i avisa om å liste opp årets topp tre blant dei rundt 150 produksjonane som har hatt premiere i løpet av 2016. Eg har sett nærare 60 av dei på 17 ulike teater over heile landet frå Rogaland Teater i sør til Beaivváš i Finnmark i nord, og eg har skrive melding av 33 av dei, derav 29 i avisa og 4 berre på blogg. Her er mi topp-tre-kåring. Landet vårt er stort og mangslungent, og slik er det også med scenekunsten.

1.

Orlando. Foto: Stig Håvard Dirdal
Orlando.
Foto: Stig Håvard Dirdal

Orlando
Rogaland Teater

Virginia Woolfes ikoniske roman om meininga med livet, identitetsproblematikk, kjønnsroller, konvensjonar og seksualitet presentert som 500 års europeisk kulturhistorie i eit strålande ensemblespel slik berre Rogaland Teater kan det. Ei leiken og sjølvironisk framsyning som har alt. Absolutt alt.


2.

Tvillingenes dagbok Foto: GT Nergaard
Tvillingenes dagbok
Foto: GT Nergaard


Tvillingenes dagbok

Trøndelag Teater

Eit usminka krigsdrama der krigens gruvsame handlingar og kvardag blir sett gjennom augo til to 13 år gamle gutar som lagar seg forbløffande overlevingsstrategiar. Den nøkterne og naivistiske presentasjonen med ein kjøleg distanse til handlingane gjorde det heile ubehageleg nært og påtrengande aktuelt.

3.

Vår ære/vår makt Foto: Ane Bysheim
Vår ære/vår makt
Foto: Ane Bysheim

Vår ære/vår makt
Den Nationale Scene

Tore Vagn Lid og Cecilie Løveid har nyskrive Nordahl Griegs bitande mellomkrigsoppgjer med norsk reiarkapital og saman med scenograf Olav Myrtvedt laga ei multimediaframsyning der skiljet mellom scene og sal er borte og publikum fysisk får kjenne på klasseskilnadane. Underhaldande og velspela politisk teater.

(Oppsummeringa av teateråret 2016 stod i Klassekampen tysdag den 27. desember 2016.)

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Finn ut mer om hvordan kommentardataene dine behandles.