Ei hårete historie

TEATER

HÅRETE: I Stavanger kvilar som vanleg alt på berre ei næring. FOTO: GRETHE NYGAARD

«Hårfagre – en skrønike»
Rogaland Teater, Stavanger konserthus
Av: Matilde Holdhus og Mathias Luppichini
Basert på ein tekst av Matilde Holdhus, Mads Bones, Kyrre Havdal og Olve Løseth
Regi: Jostein Kirkeby-Garstad
Scenografi og kostyme: Dagny Drage Kleiva
Komponist: Mathias Luppichini
Kapellmeister: Tove Kragset
Lysdesign: Trygve Andersen
Koreografi: Jane Victoria Harley
Orkester: Tove Kragset, Kurt Lisø, Tor Yttredal, Benedicte Aastveit Årsland, Mikaell Olsson, Frank Roger Haukås Eikeland og Alexander Flotve
Med: Glenn André Kaada, Mareike Wang, Kim Fairchild, Even Stormoen, Nina Ellen Ødegård, Mari Strand Ferstad, Svein Solenes, Helga Guren, Ragnhild Arnestad Mønness, Matias Kuoppala, Jonas Fuglevik Urstad, Ragnhild Jørgensen Tysse, Bhkie Male, Penda Faal mfl.

Humoristisk leik med metaforar og populærkulturelle referansar og ein fullstendig surrealistisk versjon av historia.

Rogaland Teater feirar 75 årsjubileum, og gjer det med eit skråblikk på at det kan vere 1150 år sia Harald Hårfagre samla landet til eitt rike. Matilde Holdhus og komponisten Mathias Luppichini har skrive sin eigen versjon av historia om nasjonssamlinga, «Hårfagre – en skrønike». Dette er teaterets største satsing til nå, og i lånte lokale i Stavanger konserthus, byens storstove, rullar dei ut ein musikal som truleg vil få rogalendingane til å gå mann av huse.

Trass i det lokale tilsnittet, kviler faktisk produksjonen på ei trønderskrøne. For ti år sia var Matilde Holdhus dramaturg på Trøndelag Teater der ho arbeidde saman med det ekstremt kreative trekløveret Mads Bones, Olve Løseth og Kyrre Havdal. I 2013 skreiv dei «Nøtteknekkeren» som korkje er Tsjajkovskij eller Hoffmann, men hemningslaus surrealisme, og etter kvart blei det meir i same gate før dei i 2021 skreiv skrøniken om Hårfagre. Medan dei tre andre har vidareutvikla denne nye teatersjangeren med produksjonar som mellom anna spelparodien «Slaget på Testiklestad», tok Holdhus med seg skrøniken til Stavanger. Der raffinerte ho teksten, og med komposisjonar av Mathias Luppichini og med songtekstar av dei båe, er det blitt ein forrykande, velspela, urkomisk og surrealistisk musikal.

Det er mange sprikande historier om Harald Hårfagre. Den mest vanlege er at han var son av Halvdan Svarte og Ragnhild, at han la under seg mange småkongerike, og at han ikkje ville klippe hår eller skjegg før heile landet var samla til eitt rike. Det siste skjedde i slaget ved Hafrsfjord ein gong på slutten av 800-talet.

DÅ SOM NÅ: Kva skal det bli av Stavanger når alle let hår og skjegg gro? Ikkje eingong Gyda (Mareike Wang), kjærasten til kongen (Glenn André Kaada), får gjere jobben sin. FOTO: GRETHE NYGAARD

I teaterversjonen er dette også grunnlaget. Harald (Glenn André Kaada) har lagt under seg alt utanom sørvestlandet. Stavanger er (som nå) basert på ei einaste stor næring. Der lever folk av å klippe håret på kvarandre slik også Haralds kjærast, Gyda, (Mareike Wang) gjer. Men kongens popularitet gjer at fleire let hår og skjegg gro, og dermed turkar hovudnæringa inn. Eit opprør er i emning, og den lokale rivalen, kong Sulke (Even Stormoen) og hans intrigante assistent, Therese (Nina Ellen Ødegård) nyttar protestane til å fremje si eiga sak. Therese er hår-analytikar, dåtidas svar på DNA og algoritmar, for ved å kjenne på håret til folk, veit ho alt om dei. Og medan Harald vil drepe og valdta, har han spinn-doktorar som legg smartare strategiar. Når kongen også har identitetsproblem, forstår vi at her er det flust med parallellar til vår tid. Meir skal eg ikkje røpe bortsett frå at vi nå ser kor Ibsen fekk ideen til andre akt av Peer Gynt!

I Dagny Drage Kleivas scenografi er det ei herleg blanding av element frå både nå og då. Kostyma er flotte, og relativt tidsriktige, medan skoa er frå i dag. Det understrekar både det historiske kaoset som blir framført, og ikkje minst alle metalaga denne framsyninga har. På imponerande synkront vis får vi ei mengd sceneskift og ulike settingar, og også i scenografien ligg det mykje humor. Det dyktige orkesteret har Kleiva plassert godt synleg på bakscena.

Jostein Kirkeby-Garstad har eit stort ensemble, mange statistar frå barne- og ungdomsteateret og ei rekkje scene- og kostymeskift å handtere. Trass i både dette og det omfangsrike materialet, har regien hans greidd å skape ei i hovudsak einskapleg framsyning. Men ho kunne ha vore stramma inn litt, for noko er litt omstendeleg, og alt er ikkje like artig.

FORRYKANDE: Kim Fairchild som kongsmora Ragnhild. FOTO: GRETHE NYGAARD

Det er eit formidabelt ensemblespel med ei mengd gode einskildprestasjonar. Kim Fairchild er forrykande som dronning Ragnhild og Mari Strand Ferstad er urkomisk som sørlending i scener som sikkert er endå artigare for dei som kjenner dei lokale kodane. Nina Ellen Ødegård er infam som hår-analytikar og Glenn André Kaada gir ein Harald med eit spennande og etter kvart forståeleg tvisyn. Mareike Wang er overtydande i rolla som Gyda, og stemmeprakta hennar gir i tillegg dei fine melodiane til Mathias Luppichini eit ekstra løft.

Det er imponerande å sjå kor mykje fornuftig ein kan seie om det meste ved å lage ein heilt surrealistisk versjon av historia og å boltre seg i metaforar og populærkulturelle referansar.

(Meldinga stod i Klassekampen laurdag den 10. september 2022. Ein feil i meldingas forteljing om når denne skrøniken blei til, er retta opp i denne bloggteksten.)

Leave a Reply