Det er normalt å vere unormal

TEATER

NORMALT?: Det er ikkje så uvanleg å synge karaoke, og heller ikkje å vere gravid, men påklednaden er kanskje ikkje heilt etter boka. FOTO: THOR LØNNING AARRESTAD

«Normaliteten»
Vinterlys, Nordland Teater, Black Box
Av og med: Normaliteten
Manus: Tuva Hennum med tekstutdrag av Gunleik Groven
Regi: Tuva Hennum, Ylva Owren og Judith Humer
Scenografi: Ylva Owren
Masker og gravidmage: Maria Magdaléna Lý Auraaen
Med: Benjamin Lønne Røsler, Hannah Karine Giske, Tobias Aksdal og Tuva Hennum

Eit uvanleg lovande frampeik om ei gruppe eg er overtydd om at vi vil høyre meir til i åra som kjem.

Det gror i underskogen av norsk teater, artsmangfaldet er stort, og sjølv om kvaliteten kan vere noko ujamn, er det mange svoltne og ambisiøse scenekunstnarar og frigrupper som fortener eit større publikum. På festivalar får mange av dei høve til å vise fram kva dei står for, og på «Vinterlys» i Mo i Rana fekk eg i helga møte eit kompani eg aldri hadde høyrt om, men som eg er overtydd om at både eg og fleire vil høyre meir til etter kvart. Kompaniet heiter Normaliteten, og det heiter også debutproduksjonen deira.

For snart femti år sia var spørsmålet kven er dei galne på alle sine lepper etter at Nationaltheatret sette opp det svenske dramaet «Tillståndet» av Kent Andersson og Bengt Bratt med norsk tittel «Hvem er de gale». Det stykket handla om ti pasientar på ein institusjon, men tittelen renn meg i hu når Normaliteten syner oss ein heilt vanleg kjernefamilie med mor (Hannah Karine Giske), far (Benjamin Lønne Røsler), son (Tobias Aksdal) og dotter (Tuva Hennum), den siste openbert gravid. Det mangla berre rekkjehus, bikkje og Volvo i garasjen på at det skulle vere familien Medelsvensson, eller Ola og Kari Normann vi møtte. I Ylva Owrens ganske opne scenografi der rekvisittane er heilt ordinære møbel, ei rekkje stålamper, kvitevarer av ulike slag, skjermar og gullfiskbollar berre for å nemne nokre, er det lett attkjennelege element frå ein kvar heim. Men møbleringa og samansetjinga er ikkje akkurat som ein interiørarkitekt ville ha gjort det. Det er normale element, men i eit omfang og ei plassering som gjer det kaotisk eller ganske unormalt.

Slik er det også med dei fire i den vesle familien. Med bakgrunn i stutte, kloke og ettertenksame tekstar av Tuva Hennum og Gunleik Groven, tekstar dei kallar kvardagspoesi, og det er nettopp det dei er, får vi presentert små tablå der dei fire personane fortel eller spelar ut sine ulike avvik frå det som er gjengs framferd. Men slik er det jo med oss alle. Vi har alle våre særmerke som isolert sett kanskje ikkje er så sære, og som vi også lett kjenner oss att i når vi får dei presentert på ei scene. Det er ikkje noko menneske som er heilt gjennomsnittleg, det ville i så falle ha vore fullstendig unormalt, og alle har vi fleire avvik frå «normalen». Difor er det anormale eigentleg det normale. Men kor anormale skal vi vere før vi også kan diagnostiserast som unormale? Rundt dette temaet leikar kompaniet seg medan dei er hyggjelege og serverer oss te, slår om seg med ein stor torsk som etter kvart gir lukt til heile teatersalen, og er langt frå hyggjelege med kvarandre. Det er eit sinnrikt og relativt stillferdig spel på kontrastar i ei både naturleg og litt surrealistisk setting.

Dei fire spelar overtydande og godt, og det er ikkje vanskeleg å få tak på og forstå kva det er dei problematiserer og set fingeren på. Regien kunne nok ha vore stramma opp noko sjølv om dei mange skifta mellom alle tablåa flyt greitt. Og så kunne det nok også ha vore arbeidd litt meir med dramaturgien for å skape stigning, pausar, skifte og ulike brot. Men trass i innvendingar om at Normaliteten framleis har eit stykke å gå, er denne produksjonen eit uvanleg lovande frampeik om ei gruppe som eg er overtydd om at vi vil høyre meir frå i åra som kjem. Dei har alt skapt seg eit særeige scenisk språk, litt i slekt med Verdensteatret og Verk Produksjoner, (og det er ikkje dei verste å bli samanlikna med), dei skriv gode og gjenkjennelege tekstar basert på framifrå observasjonsevne, og dei har openbert både vilje og ambisjonar om å skape noko.

One Response to “Det er normalt å vere unormal”

  1. Bjørn Krogstad sier:

    Så bra at du setter anmeldelsen inn i en historisk sammenheng!

Leave a Reply