Kilen leik

TEATER

FANGA: Litt skummelt, men stort sett berre artig og kilent. FOTO.SAMFUNDET.NO

Når Voksenmonsteret Våkner
UKA-13, Barneteatret, Teltet i Høgskoleparken
Av Forfattarkollegiet
Regi: Hanna Marie Buvik Sønderland
Scenografi: Ida Arnesen
Med: Thea Dihle, Solvor Skogseth, Emma Jones, Martin Næss, Martin Bergland og Eirik Fagerslett

Ein artig og velspela hyllest til leiken og barnet i oss alle.

Det første barneteatret på UKA såg dagens lys under Laugalaga i 1977, og dermed blei det tradisjon. Og sjølv unge tradisjonar skal ein ikkje tukle med i Studentersamfundet. Då folka bak Glasur i 2003 var frekke nok til å fjerne oppsettinga for dei yngste, og i staden innføre bussteater, blei det protestar og folkekrav, og jamvel om det ikkje fanst Facebookgrupper på den tida, våga ikkje UKA å gjere anna enn å lage ein ny barneproduksjon i 2005. Det året spela barneteatret skjorta av revyen, og sia har teater for dei yngste vore ein sjølvsagt del av kulturtilbodet under UKA.

Barneteatret har vore produksjonar av ulik kvalitet, men alltid nyskrive og eigenprodusert, og som oftast også med mange referansar og hint til dei vaksne i salen. Slik er det også i årets oppsetting der allereie tittelen leikar seg med litterære referansar frå Ibsen til Jack London. Og det er leik det dreier seg om denne gongen i ein artig, velspela, litt (men ikkje veldig) skummel og ganske underhaldande produksjon som tidvis også spela fint på det interaktive.

Robin, som faktisk er ei jente, lever i trygg og god harmoni med far sin, ein leiken pappa som har full forståing for at i barnas univers er fantasi og leik vel så viktig som tannpuss og vaksenrutinar. Det er lillebursdagen til Robin, og alle som har feira jul ein gong forstår at dette er dagen før dagen. Så kjem tanta og kusina Siv på helgebesøk, og tante er av dei supervaksne som prioriterer Dagsrevy og lutefisk framfor dottera, og som har null forståing for omgrepet lillebursdag. Det er kanskje greitt nok, om det ikkje var for at ho også stel barndomen og leiken frå Siv. Slikt går sjølvsagt ikkje ustraffa, men det er ei lang og intrikat historie som eg ikkje skal avsløre her, men som sjølvsagt får ei happy ending til slutt.

For som alle veit, bur det små monster i skap og skuffar og under senger på alle barnerom. Dei er harmlause og vil eigentleg berre vel, sjølv om dei har ein spesiell hang for høgresokkar (det er årsaka til at dei forsvinn, om du ikkje alt visste det), men kan stundom trå litt feil. Natta før ein bursdag skal desse monstra strø litt magisk pulver over jubilanten, men helvete er laus om dei skulle strø over den som IKKJE har dag. Ulukka vil at det er akkurat det som skjer, det er pappa som får pulveret, og han blir sjølvsagt ein heilt annan, ein vaksenvaksen som berre er opptatt av arbeid, Dagsrevy og lutefisk, og som endåtil vil brenne alle leikar.

Då er hundreogeitt ute for Robin, men saman med Siv, som etter kvart forstår kor artig og viktig leiken er, og ikkje minst dei to sjarmerande monstra som er livredde for å ha strødd feil og risikere som straff å hamne som monstermaster der du veit, greier dei å pønske ut ei kilen løysing som gjenopprettar barndomens leik og fantasi, og som gjer dei vaksne litt mindre vaksne.

Oppsettinga er godt formidla, leiken, og nyttar seg effektivt av det interaktive ved å ha barn i salen. Fine songar, god koreografi og mye artig er det også. Og langt frå så skummelt at nokon skulle kunne bli særleg redde. Kanskje er intrigen litt komplisert. Og dei som spela tante og pappa hadde også to langt skumlare roller som ikkje alltid var like lette å skilje frå dei to andre, men dette er bagatellinnvendingar. «Når Voksenmonsteret Våkner» er ei upretensiøs, sjarmerande og velspela oppsetting som er ein hyllest til leiken og barnet i oss, og som har ei særs kilen løysing av tilsynelatande uoverkommelege problem.

Leave a Reply