Frodig underskog

TERAPI: Pasient og terapeut eller berre pasient? FOTO: ERIK JOHANSEN

TEATER

Forventninger
Av Ingrid Torkildsdatter Schanke (13 år)
Med: Erling Gjeset, Wenche Strømdahl og Arne O. Reitan
Abonnenten du prøver å oppdrive, eksisterer ikke
Av Erling Gjeset (18 år) Med: Ole Christian Gullvåg og Hallbjørn Rønning
Brann av følelser
Av Ane Sofie Tønne Nesse (13 år)
Med: Erling Gjeset og Ibrahim Fazlic
Forleggjaren frå helvete
Tekst og musikk: Ragnhild Johanne Risnes (15 år)
Med: Ole Christian Gullvåg, Stian Hovland Pedersen og Wenche Strømdahl

Regi: Rita Abrahamsen
Dramaturg: Elisabeth Egseth Hansen
Scenografi: Marie Steen Löwendahl
Kostyme: Jenny Hilmo Teig
Trøndelag teater, Teaterkjellaren

Trøndelag Teater gir oss eit innblikk i dramatikkens purunge underskog.

For andre år på rad har Trøndelag Teater og produksjonsselskapet Kjernehuset (Rita Abrahamsen) invitert skrivelystne ungdomar mellom 13 og 19 til å sende inn manus. Etter suksessen i fjor, kom det i år inn heile 49 forslag frå meir eller mindre komplette tekstar til ideskisser. Åtte blei plukka ut, og i løpet av vinteren har dei unge dramatikarane fått utvikle tekstane gjennom workshops, i møte med skodespelarar og med hjelp av instruktør Rita Abrahamsen og dramaturg Elisabeth Egseth Hansen. Tysdag var det urpremiere for fire dramatiserte små einaktarar. Dei fire siste tekstane blir presentert som lesestykke i dagane som kjem.

Tenåra er ei tid for mogning, for undring og for eksistensiell oppvakning. Det ser ein tydeleg av dei fire stykka som, trass i stor ulikskap, likevel har ein god del fellestrekk. Eit stikkord som kan vere dekkjande er einsemd på ulike nivå. Men også større eksistensielle spørsmål, som kunstens rolle, er tema i to av framsyningane.

«Forventninger» handlar om ein litt dysfunksjonell familie der faren lever ut sine eigne, og ikkje realiserte draumar om ein fotballkarriere gjennom eit tøft press på sonen som langt heller vil satse på målarkunsten. Situasjonen med overambisiøse foreldre er lett å kjenne seg att i. Og mye er tatt på kornet sjølv om teksten nok er vel føreseieleg, og kanskje noko overteikna.

«Brann av følelser» er om eit litt aparte vennskap mellom to gutar der løyndom og skam er blant tema. Alt er ikkje like lett tilgjengeleg, men forfattaren avdekkjer etter kvart lag for lag,  til alle dei innestengde kjenslene til slutt eksploderer i ein dramatisk finale.

«Forleggjaren frå helvete» er ein absurd operette, nesten som ein parafrase på Jo Strømgrens «Pseudonymet» der vi på humoristisk og ganske surrealistisk vis får presentert både andssnobberi, bygdedyr og meir til. Ragnhild Johanne Risnes ausar av sitt overskot i denne frodige og lett surrealistiske humoresken.

«Abonnenten du prøver å oppdrive, eksisterer ikke» er den desidert mest mogne teksten, og er skriven av multitalentet Erling Gjeset som i tillegg spelar i to av dei andre stykka. Det er ein nesten Beckettsk dialog mellom to menneske på ein benk, tilsynelatande ein situasjon mellom pasient og terapeut, men både samtalen, påkleding, fakter og situasjonen fortel oss etter kvart at det kanskje ikkje er slik likevel. Det er ein utruleg god dialog, velskriven, naturleg og med uendeleg mye undertekst.

Regien til Rita Abrahamsen syner stor lojalitet til ideane til dei unge forfattarane, og med godt, men nøkternt spel og enkel scenografi blir dette særs tekstbasert teater. All ære til Trøndelag Teater for å låne kunnskap, hjelp, rettleiing og lokale til desse unge talenta. For den som er glad i teater lovar dette verkeleg godt for framtida.

One Response to “Frodig underskog”

  1. […] Amund Grimstad Velkomen til teaterbloggen min. Her vil du finne meldingar frå mange ulike scener, hovudsakleg i Midt-Norge. Dei fleste av meldingane har eg skrive for Klassekampen, men ei og anna melding kan òg vere publisert i andre aviser eller tidsskrift, som til dømes i Norsk Shakespeare- og teatertidsskrift. Og nokre meldingar har eg skrive eksklusivt for denne bloggen. « Frodig underskog […]

Leave a Reply