Ungt og eksistensielt

TEATER

FRAMTIDA?: Sju av dei åtte unge dramatikarane. FOTO: ERIK JOHANSEN

(Punktum)
Av Emilie Lysø (16 år)
Med: Helle Ottesen og Trond-Ove Skrødal
Bibelmøte
Av Marianne Lauritsen (17 år)
Med: Helle Ottesen, Ragnhild Sølvberg og Janne Kokkin
Drømmen om Maja
Av Truls Sletvold (17 år)
Med: Kjersti Tveterås, Ole Christian Gullvåg og Jon Lockert Rohde
Netthinnepolaroider
Av Ingrid Hvidsten (16 år)
Med: Ole Christian Gullvåg, Stian Hovland Pedersen og Trond-Ove Skrødal

Regi: Rita Abrahamsen og Matilde Holdhus
Dramaturg: Elisabeth Egseth Hansen
Trøndelag teater, Teaterkjellaren

Prosjektet «Unge Dramatikere» er faktisk vel så spennande som dramalesing.

Tysdag denne veka hadde Trøndelag Teater og produksjonsselskapet Kjernehuset premiere på fire små einaktarar skrivne av ungdom mellom 13 og 19. (Sjå eiga melding av desse.) Laurdag var det premiere på fire tekstar til, denne gongen presentert som dramalesing.

I meldinga av dei fire dramatiserte tekstane, skreiv eg at tenåra er ei tid for mogning, for undring og for eksistensiell oppvakning, og at dette ser ein tydeleg i det ungdomane skriv. Slik også denne gongen. Det er dei store spørsmåla som opptek forfattarane, og her er relativt lite eksplisitt ungdomsstoff. Jamvel om det var stort spenn mellom dei fire lesestykka, hadde dei framleis noko sams, særleg i presentasjonen. Alle handla om eitt eller anna løynd som dei freista å avdekke lag for lag. Det krev at du legg ut spor, men at du aldri blir for tydeleg eller føreseieleg, og at sanningas augneblink blir det dramatiske høgdepunktet. Det var openbert ikkje like lett å handtere for alle.

«(Punktum)» var nok det mest vellukka i så måte. Det var ein tekst som hadde masse underfundig og subtilt ved seg, og som aldri avdekka meir enn høgst nødvendig, og knapt nok det. Gjennom fleire frittståande mono- og dialogar utan eigentleg indre samanheng, handla det vel i yttarste konsekvens om å leve kontra å eksistere, men her låg så mange føringar og ulike trådar at tolkingane blei like mangfaldige som livet sjølv. Og så greidde forfattaren på eit diskret vis å få ringen til å bli slutta i finalen. Eit lågmælt og nydeleg lite stykke poesi.

«Bibelmøte» handla om tre kvinner som møttest jamleg for å lese frå Bibelen. Men her låg masse løynde konfliktar og problem i kulissene. Bibeltekstane kommenterte sjølvsagt røyndomen for dei tre kvinnene, og forfattaren synte fint korleis vi pratar forbi kvarandre, og ser berre det vi vil sjå, samstundes som trivialitetar fort kan framstå som viktigare enn livet sjølv. Alt dette var fint presentert med god dramaturgisk stigning, men finalen blei for synleg og litt føreseieleg.

«Drømmen om Maja» var i tema særs likt den beste av dei dramatiserte tekstane («Abonnenten du prøver å oppdrive, eksisterer ikke»), ei tilsynelatande heilt konkret handling som etter kvart synte seg å vere noko ganske anna. Ideen var god, og teksten utmerka seg med masse fin humor der både skulesituasjon og kunstopplevingar verkeleg var tatt på kornet. Men forfattaren greidde nok ikkje å skape den naudsynte overraskinga då vi skjøna kva det i røynda handla om.

«Netthinnepolaroider» handla også om ein løyndom, og etter kvart forstod vi at det kunne vere noko forferdeleg som hadde skjedd. To venner treff kvarandre etter mange år, og minna om ei ugjerning blir friska opp. Men i denne lesinga er avdekkinga av fortida meir forsiktig, og vi får ikkje vite meir enn vi treng. Slik held forfattaren oss nyfikne, og greier også det kunststykket å avslutte ganske overraskande med ein replikk som gjer at det meste av det vi har tolka inn i staden blir hengande i lufta som eit stort spørjeteikn.

Alle tekstane er forbausande godt skrivne, og fleire av dei har i tillegg masse humor. Presentasjonen var som lesing utan rekvisittar og scenografi, og med minimal regi. Likevel var faktisk dramalesinga vel så spennande som dei fire dramatiserte stykka. Kanskje fordi tekstane her verkeleg fekk stå på eigne bein. Og det tolte dei.

One Response to “Ungt og eksistensielt”

  1. […] Og nokre meldingar har eg skrive eksklusivt for denne bloggen. « Ved verdas ende Ungt og eksistensielt […]

Leave a Reply