Ei rastlaus sjel

november 1st, 2006
TEATER

Trøndelag teater – teaterkjellaren
TAKORADI – en sjømanns historie
Av Torvald Sund
Regi: Rita Abrahamsen
Scenografi: Per Kristian Solbakken
Framført av Hallbjørn Rønning 

Bildet:Ketil Iversen er den maritime Peer som møter både Bøygen og Anitra medan det sit ei heime og ventar. Men Siv Anita har ikkje Solveigs tolmod. Foto: Vegard Eggen
Usminka fortellarteater om sjømannslivet på godt og vondt, men mest vondt.

Ketil Iversen gjekk til sjøs rett etter framhaldsskulen; – først på ein sildesnurpar, og deretter som dekksgut i utanriksfart. Han er etterkrigsungdomen med draumen i seg om raske pengar, store opplevingar, om å kome seg ut og vekk, og sjølvsagt om å ta for seg av dei gledene livet kan by på trass i moras medsende artiklar om kva sjømenn kan bli utsett for i framand hamn. Ketil Iversen er korkje betre eller verre enn andre. Dette er den usminka historia om ein temmeleg gjennomsnittleg norsk sjømann og dei folka han møter gjennom dei to-tre siste tiåra av norsk skipsfarts glanstid. 

Torvald Sund har skrive denne fortellinga, som ikkje er ei historie, men mange ulike anekdotar og tablå. Hallbjørn Rønning er både Ketil Iversen og alle dei han møter, og gjennom alle fortellingar, flashbacks og tablå formar det seg etter kvart eit nokså tydeleg bilde, ikkje berre av Iversen, men også av ei av dei mest myteomspunne yrkesgruppene i norsk etterkrigssoge. Her får vi stadfesta både mytar og fordommar. Pengane sit laust, og drikk og horehus er kvardagskost når ein er hamn. Men vi får og innblikk i sakna, draumen om å sette rot for personar som har fått det rastlause i blodet, om kjærleik, og om det umogelege i å kombinere eit vanleg familieliv med månader i utanriksfart. 

Torvald Sunds historier er frodige, burleske og fantastiske. I bøkene om Onkel Oskar har han synt dette til fulle, og i Takoradi boltrar han seg i same fortellarkunsten. Det som gjer denne drygt timelange monologen til noko meir enn berre nok ei sjømannshistorie, er nettopp dei gode fortellingane, det autentiske, men også det uventa og komiske. Som når vår mann møter Maria i Peru og må stadfeste at i Norge har vi stivna vatn! Og at vi går på skøyter på det stivna vatnet medan fiskane symjar under! Som ein maritim Peer møter Ketil verda, og legg han under seg. Han lyg og skryt, og han omtalar Lima, Hamburg, – og Takoradi (ein hamneby på vestkysten av Afrika) som om det skulle vere Hommelvik og Støren. Han er ein verdsmann, men får det ikkje til heime. 

Rita Abrahamsens regi har lagt vekta på det verbale, og det er eit fornuftig val. Her er nesten ingen scenografi, og berre nokre få enkle rekvisittar. Merksemda vår er på Hallbjørn Rønning og alle dei personane han presenterer oss for. Det kan tidvis vere litt problematisk å henge med i alle dei ulike figurane, for persongalleriet er stort og rolla tekstrik og krevjande. Men Rønning er særs fortruleg med stoffet, og det er lett å tru på han. Trass i alle løgnhistoriene!
Amund Grimstad 

(Meldinga stod i Klassekampen den 30. oktober 2006)

Å vekse seg ung

oktober 18th, 2006

TEATER

Trøndelag teater – studioscena
Ferdydurke
Av Witold Gombrowicz
Produsert og framført av Teatr Provisorium og Kompania Teatr
Regi: Witold Mazurkiewicz og Janusz Oprynski
Med: Jacek Brzezinski, Witold Mazurkiewicz, Jaroslaw Tomica og Michal Zgiet

Høgst realistisk surrealisme, – humoristisk, eksistensielt, men først og fremst særs velspela.

Det er polsk kulturveke i Trondheim, og i samarbeid med universitetet har det lukkast Teaterhuset Avant Garden og Trøndelag teater å få eit tredagars gjestespel av Teatr Provisorium og Kompania Teatr frå Lublin i Polen. Oppsettinga Ferdydurke er basert på Witold Gombrowicz’ roman av same namn. Produksjonen er sett opp nærare 400 gongar og har turnert i eit utal land sia premiera i 1999, har hausta eit tjuetals internasjonale prisar, og er særs etterspurd. I helga var det altså norgespremiere i Trondheim.

Den polske forfattaren Witold Gombrowicz (1904-1969), som levde mesteparten av livet i eksil i Argentina og Frankrike, skreiv romanen Ferdydurke i 1937. Det er ein sterkt satirisk roman om ein trettiårig forfattar som ein dag vaknar opp og finn ut at litteraturprofessoren hans har kidnappa han og ført han attende til skulebenken som femten-sekstenåring for der å lære alt om att på rette måten. I dag blir Gombrowicz rekna som Polens største forfattar i si tid, men det var ikkje alltid slik. Bøkene hans blei forbode av både polske nasjonalistar, naziregimet og seinare av stalinismen, noko som i følge Milan Kundera burde vere eit kvalitetsprov i seg sjølv. Ungdomsromanen Ferdydurke blei omsett til norsk i 1969, og er å rekne som ei av førre hundreårets undergrunnsklassikarar og ei skikkeleg kultbok.

Dramatiseringa til Teatr Provisorium og Kompania Teatr er ein nokså fri leik med brokkar og fragment frå boka. Å vakne opp, som den trettiårige hovudpersonen gjer i første kapittel, for så å finne ut at han er femten-seksten år, er i seg sjølv temmeleg absurd. Og slik er også framsyninga. Sjølv om stykket, bak all surrealismen, nok i stor grad handlar om mogning, blir eit innhaldsresymé ganske meiningslaust. Men likevel, bak og oppi det absurde, dukkar det stadig opp saker for ettertanken, og i skrivande stund, fleire timar etter framsyninga, kjem meir og meir fram i medvitet.

I ein temmeleg strippa scenografi der konturane av eit lite rom med ein benk, eit bord og eit vindauge er alt, greier dei fire aktørane å hoppe fram og attende i tid og rom i eit i dobbel forstand tett spel. Jamvel om det er mye dialog, er dette i høgste grad fysisk teater der mimikk og kroppsspråk er vel så viktig som det verbale. Dei fire er hovudpersonen, den ganske dominerande læraren hans, og to personar eg oppfattar som kameratar eller medelevar. I uttrykk er framsyninga tidvis ekstrem, pubertal, erotisk og plump, og inneheld ikkje så reint lite prompehumor. Men det er gjort intelligent og humoristisk, og etter kvart (og delvis etterpå) ser eg konturane av meir eksistensielle mogningsaspekt, som mellom anna ein kamp mellom det intellektuelle og høgverdige på den eine sida, og ønsket om det enkle livet hjå stallgutane på den andre. Naivisme vs. intellekt, eller det plumpe og puerile mot den ideale fordring, om du vil. Og det handlar mye om spel, om tvisyn og dualisme, – om å måtte vere sin eigen motsetnad når den sterkt manipulerande professoren tvingar dei tre inn i stadig nye roller. Men dette er langt frå det einaste ein kan tolke inn i denne framsyninga, så mangefasettert og innhaldsrik (ja, nettopp innhaldsrik!) som ho er. Det intense, tette, presise og krevjande kammerspelet der dei fire held deg fast i samfulle 80 minutt, er ei oppleving i seg sjølv. Og det er lenge sia eg har sett ei framsyning der ettersmaken er så sterk!
Amund Grimstad

(Meldinga stod i Klassekampen den 16. oktober 2006, og i Norsk Shakespeare og teatertidsskrift nr 3/4-2006)

Eit gløymd opprør

september 22nd, 2006

TEATER

Raud vinter
Av Torvald Sund
Musikk: Knut Anders Vestad
Regi: Arnulf Haga
Scenografi: Monica Nestvold
Torvteatret, Levanger

Ein lite påakta del av norsk historie har fått sitt songspel, – og det var på høg tid.

Den moderne nasjonsbygginga i Norge tok til i 1814, men det demokratiske prosjektet tok først for alvor fatt med Thranerørsla rundt 1850. At agitasjonen til Marcus Thrane blei møtt med fengsling, og endte med emigrasjon til USA, er godt kjend. Men at fengslinga av ein av Thranes agitatorar i Levanger i februar 1851 førte til opprør og militær unntakstilstand med det resultatet at fleire av dei lokale rebellane fekk seks til ni års straffarbeid på Akershus, er langt frå del av allmennkunnskapen i kongeriket. Nå har denne dramatiske hendinga fått sitt songspel, og ut denne månaden står Levanger på hovudet for å dokumentere at byen for 155 år sidan stod i revolusjonens første rekke, og skapte overskrifter i aviser over heile verda.

I februar 1851 kom verdsrevolusjonen til Levanger. Thranittaragitatoren Carl Johan Michelsen held møte for å skipe arbeidarforeining, og for å agitere for allmenn røysterett, og det som vi i dag ser som heilt sjølvsagte demokratiske rettar. Dette blei for dryg kost for borgarskapet i Levanger, og Michelsen blei fengsla. Men der gjorde proprietær og lensmann opp rekning utan vert. Arrestasjonen førte til eit opprør som sette Levanger på hovudet og verdskartet i tre dramatiske døgn i februar 1851. Det blei sjølvsagt eit nederlag, og alle leiarane fekk lange tukthusstraffar. Men opprøret gav gjenlyd, og varsla om kva som ville kome. Om dette skreiv Åke Jünge boka ”Tre dagar i februar” i 1994. Nå har forfattaren Torvald Sund saman med komponisten Knut Anders Vestad skrive eit songspel om dei dramatiske dagane, og laurdag var det premiere på det same torget der slaget stod for 155 år sia.

Songspelet til Sund og Vestad er tru mot det historiske bakteppet, men har lagt inn ei kjærleikshistorie for å krydre det heile. Det er blitt eit poetisk og vakkert lite spel i spelet, men eg er uviss på om ei så sterk hending treng slik krydring. Handlinga går føre seg på to plan, – det er det rasande opprøret til massane i Levanger mot ein uvanleg arrogant proprietær og valdsmakta hans, og det er altså kjærleikshistoria til to av dei sentrale opprørarane, tenestejenta Birgitta og skreddaren Paul Olsen.

Drygt 100 lokale amatørar utgjer det meste av ensemblet, og i dei mange masseopptrinna har instruktør Arnulf Haga gjort ein god jobb i å få fram raseriet og opprørstrongen. Her er det god personinstruksjon, synkronisering og koreografi. Like vellukka er ikkje all dialogen som tidvis ber litt for sterkt preg av at dette er amatørar. Men framsyninga står seg på at tre av dei sentrale aktørane syner gode sceneprestasjonar. Eg er skeptisk til kjærleikssoga, og ho var noko klisjeprega, men blei varmt og vart framstilt av Gunhild Sundli og Jon Asle Tronstad. Og Ingrid Elise Andersen synte eit stort register som Sild-Anna, eit fandenivaldsk kvinnfolk som berre vaks seg større og større gjennom framsyninga. Musikken til Vestad kler oppsettinga godt, men han er vanskeleg å synge, og det slit mange av aktørane med.
Raud vinter er eit imponerande dugnadsprosjekt som ikkje berre er Levanger si kollektive historie, men ein viktig del av Norgeshistoria. Det som nå blir spela på torget i Levanger, er noko uferdig både når det gjeld tekst, scenografi og spel. Men med litt justering, omarbeiding og betre personinstruksjon, har dette i seg stoff til å bli noko meir enn berre eitt av mange lokale spel.
Amund Grimstad

(Meldinga stod i Klassekampen den 20. september 2006)

Om livet, rett og slett!

september 6th, 2006

TEATER

Pingvinhjelpen
Av Erlend Loe
Regi: Anne Marit Sæther
Scenografi og kostyme: Gilles Berger
Musikk: Martin Smidt
Dei som er med: Marianne Meløy, Hildegunn Eggen, Stian Hovland Pedersen, Hans Petter Nilsen m.fl.
Trøndelag teater – Gamle scene

På sitt lågmælte, humoristiske og framleis naivistiske vis, får Erlend Loe formidla mye moral utan å bli moralistisk, og samstundes gir han prompehumoren ein velfortent renessanse.

Då Trøndelag teater for tre år sia sette opp Kurt koker hodet av Erlend Loe, blei det ein formidabel suksess. Ei særs medverkande årsak til det, var at regi og scenografi var ved duoen bak Cirka Teater, Anne Marit Sæther og Gilles Berger, og med Martin Smidt som komponist. Never change a winning team, heiter det, og slik har nok teatret tenkt når dei nå set opp eit nytt stykke av Erlend Loe. Same trekløveret er hyra inn for å ta hand om regi, scenografi og musikk. Det har vore eit lykkeleg val, for Pingvinhjelpen, som hadde urpremiere onsdag, er blitt prima teater for både barn og vaksne, – og særleg foreldre.

Ei gamal devise som skulle vere vel kjend for lesarar av denne avisa, er at det er rett å gjere opprør. I følge Erlend Loe, gjeld det og for ungar. Og i den settinga vi blir tatt inn i, er det ikkje vanskeleg å seie seg samd i det. Lone (Marianne Meløy) bur i ein strigla heim der foreldra (Hildegunn Eggen og Stian Hovland Pedersen) er opptatt av fasade, ting og at alt skal vere rett. Dei lever eit utvendig liv der det er lite rom for leik, varme og kjærleik. Lone skal vere tekkeleg og spele piano, men er elles ganske usynleg for foreldra. Vi kjem rett inn i førebuingane til eit middagsselskap som skal vere temmeleg A4, men som etter kvart tar ei heilt anna retning.

Eg skal ikkje eingong freiste å avsløre kva som skjer, til det er handlinga alt for surrealistisk, men berre fortelle at med eitt står det ein lys levande keisarpingvin med namn Bismarck på spisebordet. Og med det er vi i gang med fetisjisme, analhumor, militære nedbrytingsmetodar, restaurering av foreldre, øydelegging av det materielle og uendeleg mye meir! Oppi det heile finn vi parallellar til både dokumentarfilmen om keisarpingvinane og til innvandringspolitikk. På sitt litt lågmælte og framleis ganske naivistiske vis greier Erlend Loe å sy saman eit konglomerat av innfall og undertekst til ein herleg familiekomedie om noko så banalt og enkelt som at livet handlar om kjærleik og ikkje om ting. Midt oppi eit etter kvart ganske vulgært opprør, der prompe- og bæsjehumoren får ein formidabel renessanse, greier Loe likevel å seie vesentlege ting utan å bli moralistisk.

Anne Marit Sæters regi er vanlegvis prega av det visuelle. Denne gongen er det atskillig meir tekst, synkronisering av entre og sorti, og ein god porsjon koreografi. Det blir spela komedie i høgt tempo, og Sæther syner at ho også meistrar denne sjangeren. Men samstundes greier ho å flette inn poetisk og visuelt teater, spesielt ved ein utsøkt bruk av velkoreograferte, synlege sceneskift. Personinstruksjonen er også framifrå. Marianne Meløy greier å framstille ungjenta Lone på eit særs truverdig vis, og får rikeleg høve til å ause av det store registeret sitt. Og Hans Petter Nilsen imponerar som pingvin med rørsler og koreografi som tyder på grundige pingvinstudiar. Dramaturgisk har produksjonen eit ørlite problem i starten av andre akt, men det er lite å skrive heim om ettersom oppsettinga rett etter formeleg eksploderar i ein uvanleg vakker syntese av scenografi, lys og musikk.

Scenografien til Gilles Berger var denne gongen atskillig meir diskret enn han plar vere. Det heng sjølvsagt saman med at Gamle scene set klåre grenser for kva som er fysisk mogeleg. Ein stilig, men litt sjellaus retroheim, og nokre enkle mekaniske saker på rommet til Lone, i tillegg til ein artig bruk av rekvisita i to målestokkar. Utsøkt som alltid, men altså meir forsiktig enn vanleg, – trudde eg. For i slutten av første akt tar scenografien til å løyse seg opp, for så i midten av andre akt å gjennomgå ein fullstendig metamorfose der det stilege husveret med eitt blir eit islandskap i Antarktis! Og med eit musikalsk bakteppe der Martin Smidt verkeleg syner kva han er god for, blir matauken til ho-pingvinane ei poetisk, visuell og særs vakker oppsetting i seg sjølv. Og medan eg skriv om det visuelle, må eg få med at Espen Høyem og Turid Bjørnsen har laga pingvin og flodhest som er til forveksling lik originalane.

Pingvinhjelpen er ein mangefasettert oppsetting som både er humoristisk, varm, vulgær, intelligent, plump, moralsk, vakker og mye meir på same tid. Det verkeleg imponerande er at Loe får alt dette til å dra i same retning. For som Lone heilt korrekt oppsummerar til slutt, handlar framsyninga ganske enkelt om livet, rett og slett.
Amund Grimstad

(Meldinga stod i Klassekampen den 4. september 2006)

Visuelt

juni 13th, 2006

TEATER

Peter Pan
Av James Matthew Barrie
Musikk: David Barrett
Regi og koreografi: Marita Rødset
Scenografi: Bente Rødahl
Musikalsk leiar: Sunniva Hovde
Med: Teaterlaget i BUL Nidaros
Teaterlaget i BUL – Tårnet på Munkholmen

Ei særs visuell og velkoreografert oppsetting full av humor og ein god porsjon magi.

Den hundre år gamle historia om Peter Pan og Wendy, om Aldrilandet, indianarar, havfruer, sjørøvarar og gløymde barn har gitt opphav til mange ulike tolkingar frå rein underhaldning til Freudiansk psykologi. Det er den magiske historia om kva tenåringsjenta Wendy gjer siste natta som barn før ho får eige rom, om morsroller, og om unge menn som ikkje vil bli vaksne og ta ansvar. På eine yttersida har du Disneytolkinga som ei rein eventyrhistorie, og på den andre kanten den nærmast sjukelege Michael Jackson og hans Neverland. Når teaterlaget i BUL har vald å sette opp Peter Pan som årets sommarframsyning i tårnet på Munkholmen, har dei nok hella meir til eventyret enn psykologien, men utan å ramle ned i den klissete Disneytradisjonen. Det er blitt ei framsyning som ei reise i magi, og der uvanleg visuelt teater til BUL å vere, understrekar og gir tyngde til opplevinga og det magiske.

For dei som ikkje kjenner historia, dreier ho seg altså om Wendy og dei to brørne hennar som ei natt blir med Peter Pan til eventyrøya Aldrilandet der sjørøvarkaptein Krok og Peter Pan ligg i konstant strid, og der det lever indianarar og havfruer saman med dei gløymde barna som ikkje har noka mor. Aldrilandet er eit slags Shangri-La der elding er eit ukjend fenomen, og der leiken berre blir øydelagd av kaptein Krok og saknet av ei mor.

Det er ei fortelling på uendeleg mange plan, og med rom for minst like mange tolkingar. Marita Rødset har vald å lage ei leiken og humoristisk framsyning der magien og det visuelle blir viktigare enn sjølve historia. Det er masseopptrinn som er velkoreograferte, og det er spektakulære og imponerande sirkusliknande scener der aktørane blir reine trapeskunstnarar. Det er vakkert og poetisk og bind eigentleg framsyninga meir saman enn musikken og songinnslaga som her er nedtona i dobbel tyding. Det har vore eit godt val, for stemmeprakta til det særs unge ensemblet blir ikkje imponerande i dei vanskelege akustiske tilhøva i tårnet. Rødset har og greidd å ta vare på dei mange ulike laga i oppsettinga, og framsyninga kryr av undertekst og humor som gjer at både vaksne og unge får sitt. Ein god porsjon metateater er det og blitt.

Trass i særs ung alder, er det eit rutinert ensemble som blir leia av ein sjarmerande og trygg Niklas Ottar Kummeneje som Peter Pan. Wendy er framifrå spela av Mira Dyrnes Askelund, og samspelet mellom desse to gir oss ei varm og romantisk lita Romeo-og-Julie-oppsetting i miniatyr. Hanne Løkberg Riege sjarmerte alle som Tingeling, og gav oss ubetaleleg miming. Det rundt trettitals store ensemblet går ut og inn av nærare femti roller knapt utan at vi merkar sceneskifta. Det krev disiplin og god personinstruksjon. Sjørøvarslag, fekting, havfruedans og akrobatikk i stram koreografi gjer Peter Pan til ei visuell og opplevingsrik framsyning.
Amund Grimstad

(Meldinga stod i Klassekampen den 12. juni 2006)

Nedlagd, for fan!

mai 5th, 2006

PERFORMANCE

Intermezzo i arbeiderklassen
Panter Tanter og Karstein Solli
Idé: Berit Rusten
Med og delvis av: Panter Tanter, Lars Ove Seljestad, Marion Palmer, Jens Hoel, Rapgruppa G.O.D.S, LO teatertrupp og mange fleire.
Lilleby smelteverk

I ei perfekt setting og på den rette dagen stiller Panter Tanter det naive spørsmålet; Kor er det blitt av arbeidarklassen?

På nedlagde Lilleby Smelteverk i Trondheim blei det denne 1.mai-helga spela ganske annleis teater. Panter Tanter, med primus motor Berit Rusten i spissen, har henta inn kunstnarar og amatørar som med ulik bakgrunn set eit kritisk lys på ideen om at klassekampen er over og arbeidarklassen borte. For dei som ikkje har vore på eit smelteverk før, var nok scenografien åleine eit sjokk. I desse omgivnadene var det ein arbeidsplass med ein av Trondheims mest aktive klubbar for berre få år sia. Men så blei det slutt, – presentert på to heilt forskjellige vis av ein arbeidar frå ei naboverksemd, og av forfattaren Lars Ove Seljestad som sjølv har vokse opp ved og arbeidd på smelteverket i Odda. Fine ord som fleksibilitet og overtalligheit greier ikkje å dekke over røynda; – Det e’ nedlagd, for fan! Men om smelteverka er nedlagde, er det likevel ikkje slutt. Det forstår vi etter kvart. Gjennom dei mildt sagt utrivelege verkstadhallane som, trass i eit forferdeleg ytre miljø, likevel var ramma om ein god arbeidsplass, blir vi geleida rundt frå scene til scene, frå tablå til tablå. Seljestad les lett melankolsk og litt sorgtungt om slutten på smelteverket, rapgruppa G.O.D.S. (Gode ord dør sist) framfører særs gode og kontrastfylde tekstar, Panter Tanter syng og presenterer annleis maskefall, og LO teatertrupp er knappestøyparen som vil smelte om smelteverksarbeidaren. Jens Hoel, tidlegare leiar av Hotell- og restaurantarbeidarforbundet, men for gamle lesarar av denne avisa vel så godt kjend under signaturen Kit Carson, sit som eit orakel i tårnet og svarar på spørsmål om framtida for arbeidarklassen. Og på video set Berit Rusten det heile i perspektiv når ho syner at trass i newspeak og tilslørande språk, så er klasseskilnadane i ferd med å bli større. Arbeidarklassen er ikkje borte, og klassekampen slett ikkje over. Kapitalismen blir ikkje vakrare om du kallar han moderniteten.

Framsyninga er einsidig og unyansert, men samstundes befriande einsidig og unyansert om du forstår kva eg meiner. Alt skal ikkje vere på den eine og andre sida, og her er ein produksjon som ikkje legg skjul på kva og kor han vil. Ein performance som dette kan likevel lett bli moralistisk og humørlaus, men ein særs humoristisk, litt absurd, sjølvironisk og velskriven tekst av Marion Palmer balanserer det heile nydeleg, og syner at Bakvendtvisa til Prøysen kanskje fortener ein renessanse. Om ein skal tenke nytt, må ein ofte tenke litt bak fram!

Oppsettinga er særs ambisiøs, men likevel ganske upretensiøs. Ho blir presentert temmeleg grovt. Det går litt over stokk og stein, med ujamnt spel, lite regi og med mange tekniske problem. Men scenografien og settinga er så perfekt, spørsmåla så enkle og naive og difor så viktige, at eg gir litt blaffen i vanlege kriterium for kva som er godt og dårleg teater. Panter Tanter er Trondheims svar på Kjerringa mot straumen; – Det er umogeleg, men vi gir oss ikkje!
Amund Grimstad

(Meldinga stod i Klassekampen onsdag 3. mai 2006)

Fall for eige grep

mars 19th, 2006

TEATER

Hedda Gabler
Av Henrik Ibsen
Regi og bearbeiding: Per-Olav Sørensen
Scenografi, lys og kostyme: Pavel Dobrusky
Musikk og lydkulisser: Andreas Moxnes
Med: Anna Bache-Wiig, Ola G. Furuseth, Tone Mostraum, Pål Christian Eggen, Trond-Ove Skrødal og Janne Kokkin.
Trøndelag teater – Gamle scene

Bildet: Heftig: Eit heftig møte mellom Hedda og Eilert Løvborg, avslutta med Jazz på svenska. Om berre resten hadde vore slik. Foto:Lasse Berre

Ei modernisert og nær sagt gjendikta Hedda til tonar av tysk tungrock og Jan Johansson.

Trøndelag teater vil også markere Ibsenåret, og deira bidrag er ei fullstendig nytapping av Hedda Gabler. Per-Olav Sørensen, som i fjor fekk eit stort publikum med si oppsetting TanGhost der han på eminent vis miksa Gjengangere og heftige tangorytmar, har ikkje berre modernisert Hedda, men nærmast gjendikta stykket. Borte er dei lumre innestengde 1880-tals salongane og tunge draperia. I staden er det stilisert og forenkla scenografi og moderne metaforar, bakteppe og rekvisita. Referansane er mobiltelefonar, data og bilar. Språket og det oppjaga tempoet er dagens, og hushjelpa Berte er skifta ut med polske Renata. Samstundes er oppsettinga likevel ekstremt tekst- og Ibsentru der scenene i stor grad er attskapt slik dei står i originalmanuset. Og om dei innestengde romma fysisk sett er borte, så er settinga like lummer som originalen. Med meir direkte tale og spel, med moderniseringa og ikkje minst med dei tunge lydbilda, kan ein gjerne seie at bakteppet er sex and drugs and rock ’n’ roll. Det er eit imponerande stykke arbeid å ta med seg den opphavelege stemninga i ei så annleis oppsetting. Men spørsmålet er likevel om Sørensen oppnår det han har ønska, og om han kanskje har mista noko på vegen?

Gjennom åra har eg sett eit utal Ibsenoppsettingar som har vore både tradisjonelle og nyskapande. Det som heile tida slår ein, er kor moderne Ibsen var, og samstundes kor tidlause stykka hans er. Meir enn dei fleste toler han å bli fortolka og eksperimentert med. Catrine Telles Peer Gynt for få år sia, og Wolfgang Pintzka og Kari Gravklevs Gjengangere nokre år tidlegare, er to gode døme på dette frå Trøndelag teater. Men det må vere ein grunn til fornyinga. Det kan vere eit ønske om å få fram andre sider ved problematikken, å gjere noko tydelegare for dagens publikum, eller for å syne at tema er uavhengig av tid og stad. Det er her eg meiner Sørensen har eit problem. Hedda har satsa på det ho trudde var eit godt parti, ho sit fanga i sitt eige fengsel, ho har spela korta sine feil, ho kjeder livet av seg, og det enklaste blir til slutt pistol. Alt dette kan skje dagens kvinner, – og menn for den del. Men når Sørensen samstundes har vore så teksttru at orsaka til Heddas lagnad ligg i arkaisk renkespel, karrierisme og anna som er fjernt frå dagens generasjonar, blir det problem med truverdet. Når Hedda ved Eilerts død seier ”Endelig en dåd”, og at det er vakkert, så har eg vondt for å tru at det er orda ei 29 år gamal kvinne ville ha sagt i dag. Eit anna lyte ved oppsettinga er at Ibsens tvisyn og rom for ulike tolkingar har forsvunne, og det meste er blitt så altfor tydeleg. Det er mistillit til publikum når alt skal gjerast synleg og bli forklåra i detalj. Og alle tilvisingane til telefon, data, film og anna moderne, er artige gags i starten, men blir etter kvart litt slitsame.

Så mye om regigrep og gjendikting. Sørensen har satsa friskt, og når eg er kritisk til resultatet, er det ikkje fordi han har gått for langt, men meir av di han ikkje har gått langt nok. Trass i desse ganske grunnleggande innvendingane, er det likevel mye ved oppsettinga som grip meg. Mellom anna skuldast det særs gode aktørar i eit tett og intenst kammerspel utan mange kvileskjær. Anna Bache-Wiig er akkurat passe ufordrageleg som den intrigante og litt livstrøytte Hedda. Eg trur ikkje på alle replikkane hennar, men eg trur definitivt på spelet. Slik er det og med resten av ensemblet. Ola G. Furuseth er den naive, velmeinande ektemannen Jørgen Tesman som er oppslukt av arbeid og forblinda i kjærleik, men som i ei forrykande scene der han får vite at Hedda har øydelagt Eilerts eineståande manus, syner at han er langt frå temperamentslaus. Og Pål Christian Eggen gir oss ei innlevande tolking av Eilert Løvborgs vekst og fall. Tempoet i oppsettinga er dagens oppjaga og hektiske der det aldri er tid for ettertanke. I ei av framsyningas beste tablå ser vi tydeleg kva for kontrastar vi har gått glipp av. Etter eit heftig møte mellom Hedda og Eilert Løvborg, set han seg til pianoet og spelar Jan Johanssons arrangement av Emigrantvisa frå Jazz på svenska. Då får oppsettinga med eitt ein dimensjon, og eit rom for tolking som ho elles saknar.
Amund Grimstad

(Meldinga stod i Klassekampen den 17. mars 2006)

Gløymde kvinner

mars 12th, 2006

TEATER

PROFESORA
Av Catti Brandelius
Musikk: Uje Brandelius
Med: Catti Brandelius og Marcella Svensson
Teaterhuset Avant Garden, Trondheim

Sjarmerande og naivistisk førelesing om kvinner historia har gløymd.

I samband med feiringa av kvinnedagen, gjesta den svenske multikunstnaren Catti Brandelius Teaterhuset Avant Garden med ei oppsetting om akademia og den langt frå kjønnsnøytrale historieskrivinga. Det var ei sjarmerande framsyning som var ei lett blanding av performance, teater, konsert og førelesing. Catti Brandelius har på få år rukke å få seg ein solid CV i grannelandet, men ho er relativt ukjend hos oss. Medan ho tok si kunstfaglege utdanning, kalla ho seg Miss Universum og med dette alter ego gjorde ho for fire år sia furore med oppsettinga Modern Fart der ho mellom anna nytta ein kjempepenis for å intervjue store tenkarar som Platon og Aristoteles om kvinnesynet deira.

Nå har ho skifta alter ego og kallar seg Profesora. Ho vil vere klok, intellektuell og formidle kunnskap, og framsyninga har form som ei litt keitete og kaotisk førelesing framført på eit særs sjarmerande og lett naivistisk vis. Salen er studentane og ho er førelesar. Tema er dei skeive kjønnsforholda i akademia. Ho startar med å fortelle at heile 60 prosent av studentane i Sverige er kvinner medan kvinneprosenten blant professorane berre er seksten. Dette syns ho er merkeleg, og gjennom ein kjapp gjennomgang av dei siste tusen åra, dreg ho fram sterke, kloke, men relativt gløymde kvinner frå Hildegard von Bingen til den ikkje fullt så gløymde Simone de Beauvoir. Verda går nok framover, men ho går ganske seint.

Med seg på scena har Profesora Styret (Marcella Svensson) som korer på songane, og hjelper til med lydbildet, og i tillegg sjølvsagt ein overhead med amatørmessige foilar. Det er kunnskapsformidlinga til professoren som er viktig, og alt anna er staffasje. Brandelius dyrkar det litt keitete og naivistiske, og det gjer framsyninga humoristisk og ironiserande sjølv om det stundom er ganske sterke saker ho presenterer. Songane står godt til dei ulike historiene, og blir sleppt som eigen CD i desse dagar. Profesora er ei relativt upretensiøs, underhaldande og ironiserande framsyning om ei røynd som er langt frå humoristisk.
Amund Grimstad

(Meldinga stod i Klassekampen fredag 10. mars 2006)

Trua på mennesket

februar 28th, 2006

TEATER

Les Misérables
Av Alain Boublil og Claude-Michel Schönberg
Omsett av Bjørn Endreson
Regi: Bjørn Sæter
Koreografi: Lindsay Dolan
Scenografi: Per-Olav Austdahl
Kostyme: Mia Runningen
Arrangement og musikalsk leiing: Åsmund Flaten og Trond Hustad
Med: Erik Wenberg Jacobsen, Paul Ottar Haga, Evelyn Jons, Stephen Brandt-Hansen med fleire
Trøndelag teater – hovudscena

Bildet: FYRVERKERI: Samuel Lilleberg Suphellen, i rolla som Gavroche, tok Trøndelag teater med storm . Foto:Lasse Berre

Les Misérables er Trøndelag teaters størst løft nokon sinne. Og la det vere sagt med ein gong; det ber!

Les Misérables har alt. Stykket er, ikkje utan grunn, blitt kongen av musikalar, og eg kjenner knapt nokon som ikkje har vore i London (eller ein annan by for den del) og sett han minst ein gong. Mange var det og som fekk med seg framsyninga på Det norske for atten år sia. Oppsettinga er allemannseige, og korkje publikum eller dei som sit på rettane vil ha tukling med originalen. Alt skal godkjennast frå omsetting, musikalske arrangement, kostyme, scenografi og til detaljar som skrifttypane i programmet! For eit stykke som mellom anna handlar om at det er rett å gjere opprør, blir denne ekstreme kontrollen temmeleg paradoksal. Og det er sjølvsagt ein enorm kunstnarleg utfordring for dei som vil noko meir enn å lage norske blåkopiar. Trøndelag teater har likevel fått lov til ei viktig endring ved at orkesteret er redusert frå 24 til 12, og det har resultert i nye arrangement. Når eg nyttar så mye plass på å skrive om detaljstyringa frå London, er det for å gjere tydeleg at rammene for å sette opp denne musikalen er atskillig snevrare enn for vanleg dramatikk, og det er med dette som bakgrunn ein må vurdere oppsettinga.

Dei fleste kjenner historia som er basert på boka Les Misérables av Victor Hugo, ein av dei første store sosiale og politiske romanar som skildra fattigfolk og undertrykte som heile menneske som gjorde rett i å gjere opprør. Eg har freista å lage eit stutt resymé for dei uinnvigde, men denne historia er så omfattande og mangefasettert, og intrigen så komplisert, at det er umogeleg på avgrensa plass. Difor berre ei stikkordsmessig oppsummering (som likevel blir lang nok) for å sette tid, stad og noko av tema. Vi er i det revolusjonære Frankrike rett etter Napoleonskrigane og før Pariskommunen. Jean Valjean (Erik Wenberg Jacobsen) har sete 19 år i fengsel for å ha stole eit brød, og blir sett fri med meldeplikt til den meir enn nidkjære politimannen Javert (Paul Ottar Haga). Gjennom fire tablå møter vi vår mann att i ulike sosiale, kjenslemessige og politiske settingar. Gjennom ei skilsettande oppleving med ein biskop som syner Valjean nåde for første gong, bestemmer han seg for å bli eit godt menneske, og neste gong vi ser han att, har han arbeidd seg opp til å bli ordførar og fabrikkeigar. Men fortida og politimannen Javert innhentar han stadig, og han blir heile tida stilt overfor eksistensielle avgjerder. Bakteppet er fattigdom, revolusjon, kjærleik, hemn, svik, nåde og alt som skal til for å lage god dramatikk.

Bjørn Sæter har ansvaret for regien. Jamvel om rammene er tronge, så er det rom for ei viss dramaturgisk tilpassing som til dømes kva for vekt ein legg på dei ulike tablåa. Oppsettinga er stram, det er imponerande sceneskift, det er synkront til det fullkomne, og det er ei god blanding av suggererande masseopptrinn og rolege passasjar. I det store og heile kjem Sæter meir enn godt frå arbeidet. Men på nokre område kunne dette ha vore gjort annleis. Historia er mangslungen og intrigen komplisert, og du skal følge godt med for å få med alt. Ei tidleg scene der Fantine, ei av dei tilsette i fabrikken til Valjean, blir sparka av di ho ikkje lar formannen få vilja si, er heilt avgjerande for dei seinare vegvala til Valjean. Han meiner han svikta Fantine, og nærast som eit sonoffer tek han på seg oppgåva å fostre dottera hennar. Denne scena blir berre ei av mange i ei slags vareopptelling der det i starten går litt over stokk og stein før framsyninga finn roen og rytmen og kjem i gong. Les Misérables er, i tillegg til å vere eit mektig revolusjonsepos, også eit stykke om viktige eksistensielle val og trua på menneskeverdet og det gode i mennesket. Når Valjean gong etter gong tar tunge avgjerder, og når Javert etter kvart tar livet sitt, så er dette dramaturgiske høgdepunkt som i denne oppsettinga ikkje blir gitt nok rom og som endar opp i ei samling av likt og ulikt. Berre når Valjean oppdagar sin komande svigerson sterkt skadd på barrikadane, får Jacobsen tid og høve til verkeleg å få fram kjenslene. Eg stiller og spørsmål ved framstillinga av ekteparet Thénardier som overspela og parodiske i staden for det ynkelege krapylet dei i røynda er.

Les Misérables er ei mektig framsyning med store flotte masseopptrinn jamvel om ensemblet ”berre” tel 27. Ein stor del av æra for dette skal koreografen Lindsay Dolan ha. Det er velkoreografert, men likevel halde i diskrete taumar. Men det verkeleg spektakulære ved denne oppsettinga, er scenografien. Per-Olav Austdahl har gjort eit imponerande arbeid med effektiv bruk av dreiescene, ei fast bakgrunnskulisse, og alt det teaterverkstaden kan stille til rådvelde. Utan å bli pålessa, er det hyppige og presise sceneskift som gir akkurat den rette bakgrunnen. Med fabelaktig hjelp av lysdesignaren Eivind Myren tryllar Austdahl fram situasjonar og stemningar. Det gjer også Åsmund Flaten og Trond Hustad som er musikalske leiarar og har nyarrangert det heile for mindre orkester.

Trøndelag teater har hatt ein tendens til nynorskfobi, men heldigvis ikkje denne gongen. Teatret har nytta den eminente nynorskomsettinga til Bjørn Endreson, og det gjer tekstane meir songbare. Aktørane finn seg vel til rette i språkdrakta og det er faktisk uråd å høyre at Evelyn Jons (som spelar Fantine) er svensk. Ensemblet er veldrilla og kan sine saker. Ikkje minst er det fylt av særs gode songarar frå dei yngste amatørane til den det heile dreier seg om. Erik Wenberg Jacobsen er komfortabel og trygg i rolla som Valjean og har ein stemmeprakt og eit register som er imponerande. Han er først og fremst songar, men i tidlegare roller som Judas i Jesus Christ, og sist som Che Guevara i Evita, har han synt særs gode taktar også som skodespelar. Her slår han ut i full blomst. Vi ser det til dømes i det tidlege møtet med biskopen og nåden der Jacobsen ikkje seier stort, men der vi les det heile i andletet hans. Og samspelet med Paul Ottar Haga, som har motsett bakgrunn og først og fremst er skodespelar, er særs fruktbart. Haga syner seg som ein meir enn habil songar, og dei to står utmerka til kvarandre. Stephen Brandt-Hansen har same bakgrunn som Jacobsen, og har i fleire tidlegare oppsettingar slite som skodespelar. Her verkeleg trør han til som leiar for dei revolusjonære studentane i Paris i oppsettingas mektigaste og mest suggererande scene. Det er uråd å nemne alle i eit ensemble som struttar slik av energi og speleglede. Men ein verkeleg bonus var det å sjå og høyre den berre elleve år gamle Samuel Lilleberg Suphellen i rolla som Gavroche. I eit fyrverkeri av ei rolle tok guten salen med storm og sjarmerte oss alle trill rundt!

Trøndelag teater har gjort sitt største kunstnarlege og økonomiske løft nokon sinne med denne oppsettinga. Interessa er så stor at framsyninga alt i realiteten er utseld. Det er likevel godt å kunne melde at det kunstnarlege også er meir enn berekraftig. Det er blitt ei heilstøypt framsyning med stort trøkk, velkoreografert, med godt spel og først og fremst framifrå musikalske og songlege prestasjonar.
Amund Grimstad

(Meldinga stod i Klassekampen måndag 27. februar 2006)

Ungdom på leit

februar 8th, 2006

TEATER

FANTASTISKE PEPSI LOVE
Av Frode Sander Øien
Musikk: Hans Magnus Ryan
Regi: Jon Tombre
Scenografi og kostyme: Per Kristian Solbakken
Foto/video: Charlotte Blom
Med: Kyrre Hellum, Evy Kasseth Røsten, Cici Henriksen med fleire

Trøndelag teater – Studioscena

Bildet: DRAUM: Joakim (Kyrre Hellum) vil skrive noko fint, men blir det med draumen? Foto:Charlotte Blom

Premiera på Fantastiske Pepsi Love av Frode Sander Øien gav lovnadar om ein forfattar som har forstått mye av dramatikkens eigenart utan før å ha skrive for teater.

Trøndelag teater har eit prosjekt for å få fram ny norsk dramatikk. Det er eit meir enn prisverdig tiltak, for det er mange dyktige forfattarar der ute. Ein av dei heiter Frode Sander Øien. For fem år sia gav han ut boka Fantastiske Pepsi Love. Nå har han sjølv dramatisert boka for teater, og fredag var det urpremiere.

For meg blei dette ein slags Short Cuts på teater; mange ulike historier som dels grip inn i kvarandre, men som først og fremst skildrar ein ungdomsgenerasjon på leiting etter haldepunkt i livet, – etter kjærleik, karriere og den kortvarige gleda i dopen for å nemne nokre av tema vi er innom. Og det er skilsmissebarna som kan fortelle om ein foreldregenerasjon som svikta. Dette er teater om, for og av ungdom, – meir trur eg ikkje det er verd å seie om handlinga. For det er eigentleg ikkje innhaldet i seg sjølv som gjer dette så bra, men dei bilda forfattaren saman med skodespelarar, lyd, lys, projeksjonar, scenografi og regi greier å mane fram. Det er sjeldan å sjå ei framsyning som så klårt er ei verkeleg syntese av alle dei før nemnde elementa.

Per Kristian Solbakken sin scenografi er naken, kald og nesten steril, men i samspelet med lysdesignen til Eivind Myren og ikkje minst foto- og videoillustrasjonane til Charlotte Blom, blir det skapt eit utal ulike scener utan forstyrrande sceneskift. Musikken til Hans Magnus Ryan er tidvis nesten suggestiv, og gir driv og framdrift i oppsettinga. Det i hovudsak særs unge ensemblet ser ut til å finne seg vel til rette i stoffet, og går ut og inn av dei mange ulike rollene ubesværa og med høg presisjon. Den berande figuren er Joakim, spela av Kyrre Hellem. Han er kanskje den mest stillferdige på scena, men likevel særs tydeleg og tilstades. Evy Kasseth Røsten gir ei uvanleg sterk tolking av livet på catwalken, og Cici Henriksen viser at det lågmælte spelet ofte kan vere det mest synlege.

Jon Tombre har regien, og her ser ein klåre spor frå suksessframsyninga Lilleskogen for to år sia. Der Øien ikkje når heilt fram, kompenserer Tombre, og stundom er regissøren meir synleg enn forfattaren. Oppsettinga er stram, det er utmerka personinstruksjon og særs god timing. Men det manglar ein dramatisk nerve. Det er for mange historier, det skortar ein del på dramaturgien og oppsettinga blir litt uforløyst. Men for all del, – Frode Sander Øien er ein lovande debutant. Han er ingen ferdig dramatikar, men syner tydeleg at han er ein forfattar som skjønar scenespråket og som tenker i bilde og tablå.. Det er godt å vite at Øien alt skriv på eit nytt stykke for Trøndelag teater.
Amund Grimstad

(Meldinga stod i Klassekampen måndag 6. februar 2006)