Eit hav av undertekst
TEATER «Vi, folket» Bastard internasjonale scenekunstfestival Teaterhuset Avant Garden, Trondheim Av og med: Espen Klouman Høiner Scenografi, kostyme og lys: Signe Becker Musikk: Camilla Barratt-Due Bastard internasjonale scenekunstfestival synte at det stundom er dei heilt lågmælte som er mest verd å lytte til. Midt oppi siste hektiske planlegginga før flytting til nye lokale, har Teaterhuset Avant Garden i Trondheim likevel greidd å avvikle sin årlege internasjonale scenekunstfestival, Bastard. I løpet av seks dagar blei det vist heile elleve produksjonar frå…