Kompromisslaust forteljarteater
TEATER Ikke forlat meg Brageteatret, Union Scene, Drammen Av Stig Sæterbakken Dramatisering, regi og scenografi: Terje Skonseng Naudeer Video: Sabina Jacobsson Med: Eirik Risholm Velle Ei nådelaust ærleg forteljing om gryande seksualitet, kjærleik og sjalusi . Stig Sæterbakkens roman «Ikke forlat meg» frå 2009 er noko av det mest ærlege, nådelause og intense eg har lese om kjærleik og sjalusi. Ein skulle tru at verdslitteraturen for lengst var metta når det gjeld desse heilt fundamentale sidene ved menneskeleg eksistens, men…