Eld i kjøleg miljø
TEATER

«Ildens historie»
Den Nationale Scene, Kjødehallen, Georgernes Verft
Av: Demian Vitanza
Regi: Miriam Prestøy Lie
Scenografi og lysdesign: Randiane Sandboe
Koreografi: Ane Evjen Gjøvåg
Komponist og musikar: Selma Fride Stang
Med: Jonas Stene Skjelde, Stine Robin Eskildsen, Kristian Berg Jåtten, Bjørn Willberg Andersen og Reny M Gaassand Folgerø
Oppføringa av «Ildens historie» syner at også ein iskald verkstadhall kan vere ei perfekt scene.
Den flotte jugendbygninga til Den Nationale Scene i Bergen er under oppussing, og i mellomtida er teateret i friviljug eksil på ulike spelestadar i byren. Det er sporty, og sjølvsagt er ikkje alle lokala like vellukka. Men oppføringa av Demian Vitanzas nyskrivne drama «Ildens historie» kunne knapt ha fått ei betre scene, og ville neppe ha hatt same sprengkraft på ei tradisjonell hovudscene.

Temminga av og kontrollen over elden er truleg det mest skilsetjande mennesket har gjort. Elden skapte varme, han gjorde kosthaldet rikare, og den sosiale samlinga rundt leirbålet er i tillegg teaterets uomtvistelege årestad. I det nyskrivne dramaet «Ildens historie» flettar Demian Vitanza denne gamle forteljinga saman med vår øydeleggjande jakt på stadig meir brensel og fossilt drivstoff. I Kjødehallen, ein tidlegare industrihall på Georgernes verft, sit vi benka som i eit amfi. Og trass i utdelte pledd og beskjed om å kle oss godt, er det lite som minner om eld og varme. Hallen er møblert med store stillas og kraftige draperi av trådverk. Med ei lyssetting som spelar spektakulært saman med scenografien, har Randiane Sandboe skapt eit rom der det er som å bli plassert inn i ein pulserande og levande kunstinstallasjon. På eitt av stillasa står musikaren og songaren Selma Fride Stang. Ho følgjer framsyninga med heftig og tidvis suggererande musikk og song som på utmerka vis nærast kommenterer det som skjer. Og som voiceover høyrer vi elden sjølv fortelje si historie gjennom den uskuldige barnerøysta til Solveig Anna Stang Skålnes.

Men forteljinga om elden er berre eitt av rammeverka for dette dramaet. Det er vintersolkverv, årets mørkaste natt, og fem oljearbeidarar går på nattskift på ein plattform langt ute i Nordsjøen. Snart er det jul og dei skal heim til sitt og sine, men først må dei nok ein gong bore djupare og djupare etter det svarte gullet. Fire av dei er røynde arbeidarar, medan Torgrim (Jonas Stene Skjelde) er ny på plattforma og har si første nattevakt. Vi blir kjent med dette arbeidsfellesskapet, eit lite minisamfunn i eit «lukka rom», og korleis dei fire røynde både hjelper og utfordrar Torgrim. Etter kvart får vi også deira eigne private historier. Alle har dei ulike problem på den heimebana dei snart skal heim til. Slik vekslar framsyninga mellom dei store historiske linene og fem personars mikrokosmos.

Miriam Prestøy Lie har bygd framsyninga opp på eit vis som saumlaust vekslar mellom den store forteljinga om elden, nattskiftet på riggen, og dei fem private historiene. Dramaturgisk er det fart, men også fine vekslingar og meir kontemplative parti. Skodespelarane går ut og inn av roller som oljearbeidarar på riggen og som familie og venner i det sivile. Koreografen Ane Evjen Gjøvåg har skapt flotte overgangar med dans der dei fem blir som ei koreografert eining meir enn einskildpersonar. Unnataket er Kristian Berg Jåtten, som trass kjeledress og stillas likevel får synt kor god dansar han er, og i den iskalde hallen dampar det bokstaveleg talt av han. Dei fem leverer framifrå ensemblespel der spesielt Jonas Stene Skjelde skil seg ut. Som den unge og urøynde får han på eit stillfarande og overtydande vis fram det litt usikre, men samstundes også viljen til å meistre.

Demian Vitanza har openbert gjort grundig research, og sjølv om eg aldri har vore på ein borerigg, verkar miljøskildringane autentiske. Ideen med å knyte saman dei store og små forteljingane er god, og her ligg mykje poetisk om menneskas hang til kontroll over naturen, og om einsemd og fellesskap. Dei private historiene blir diverre for føreseielege, og i for liten grad knytt til elden til at dette blir så eldfullt som ein kunne ønske. Men som ei både kjenslerik og audiovisuell framsyning, var ho noko av det mest spektakulære eg har opplevd på lenge.
(Meldinga stod i Klassekampen måndag den 23. november 2026.)