Konfrontasjonen

Konfrontasjonen

TEATER

TESTLAB: I eit lukka rom let joggaren (Bjørnar Lisether Teigen) seg bruke til fysiske og mentale eksperiment orkestrert av Thorvald Steen på video. FOTO: ERIK BIRKELAND, TINGH

«Forsøket»
Teatret Vårt, Storyville
Av: Thorvald Steen og Bjørnar Lisether Teigen
Regi: Kristian Lykkeslet Strømskag
Scenografi: Kristian Lykkeslet Strømskag, Bjørnar Lisether Teigen og Jonas P A Fuglseth
Lysdesign: Jonas P A Fuglseth
Video: Sigurd Smemo
Med: Bjørnar Lisether Teigen og Thorvald Steen (på video)

Ei eksperimentell og tankevekkjande framsyning om store eksistensielle spørsmål.

Ein tilsynelatande tilfeldig joggar (Bjørnar Lisether Teigen) blir forfølgd av nokre hundar og søkjer tilflukt i det som syner seg å vere ei blanding av trimrom og laboratorium. I rommet er det kamera som følgjer han, og samstundes blir han konfrontert med ein person på video som stiller han alt frå banale til eksistensielle spørsmål. Personen, forfattaren Thorvald Steen, presenterer seg etter kvart også som seg sjølv, medan vi får vite lite om kven joggaren er. Det viktige er at Steen leitar etter det perfekte mennesket, og kanskje er joggaren akkurat det?

LUKKA ROM: I eit klaustrofobisk rom og bak gardiner som er trekte for mottek joggaren (Bjørnar Lisether Teigen) instruksar frå Thorvald Steen på video. FOTO: ERIK BIRKELAND, TINGH

Thorvald Steen er ein velrenommert forfattar med ei spesiell livshistorie han etter kvart har vore særs open om. Frå å vere ein meir enn habil skihoppar viste det seg at han også bar på ein løyndom om ein arveleg sjukdom i form av veksande muskelsvinn. Lenge fortrengte han dette og freista å leve som om inkje var feil. Men røyndomen innhenta han, og, trass skamkjensle, måtte han erkjenne at han var avhengig av rullestolen. Frå denne stolen, men i nærbilde der vi aldri ser meir enn torsoen hans, pressar han joggaren med spørsmål sentrert rundt forholdet mellom det fullkomne mennesket og dei med lyte og skader. Joggaren svarer som best han kan og let seg bruke som ein slags forsøkskanin i ulike fysiske eksperiment.

Ideen til tematikken i dette dramaet skriv seg openbert frå Thorvald Steen der han utforskar kva det vil seie å vere menneske, og ser nærare på kva som er normalt og ikkje, og om kven som sit med definisjonsmakta til slikt. Men i dramaturgien og utviklinga av denne særs gode teksten er det like openbert at dette er eit samarbeid med «joggaren» Bjørnar Lisether Teigen. Teigen har dei siste åra vist seg som ein dyktig dramatikar og ein dugande regissør i tillegg til bakgrunnen som skodespelar. Og dette har han tatt med seg inn i det som er blitt eit fruktbart samarbeid mellom dei to.

FYSISK UTFORDRANDE: Joggaren (Bjørnar Lisether Teigen) let seg presse til eksperiment der han utset seg sjølv for store fysiske påkjenningar. FOTO: ERIK BIRKELAND, TINGH

Scenografien på biscena Storyville i Molde er ein boks med kvite veggar på tre sider og ein glasvegg i front der gardinene er trekte for. I bakkant av rommet står det ein tredemølle. Over rommet er det to videoskjermar der vi vekselvis ser joggaren, eller Steen, eller båe. Gjennom fem kvarter blir vi vitne til ein ganske asynkron dialog mellom desse to der Steen nyttar joggaren både som sparring partner og forsøkskanin. Dette er sakteteater, og i starten skjer det lite fysisk. Men halvvegs ut i framsyninga dreg joggaren gardinene til sides, tek i bruk tredemølla, og let Steen presse seg kroppsleg til det ytste.

I Kristian Lykkeslet Strømskags regi er dette blitt ei framsyning som både skildrar og er eit eksperiment. I eit vellukka og fullstendig synkront samspel som varer heile framsyninga, er den eine skodespelaren fysisk til stades, medan den andre berre er i opptak på skjerm. Bjørnar Lisether Teigen er den lågmælte, spørjande og litt uforståande joggaren som etter kvart let seg bruke til alle mogelege fysiske eksperiment. Thorvald Steen er ein slags mentor med sin eigen agenda. Han imponerer som skodespelar, særleg i scenisk nærvær, stemmebruk og talande og detaljrik mimikk. «Forsøket» er ei framsyning til ettertanke og full av overraskingar heilt fram til finalen. Og kanskje var det ikkje ein så tilfeldig joggar likevel?

(Meldinga stod i Klassekampen måndag den 16. november 2026.)

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Finn ut mer om hvordan kommentardataene dine behandles.