Varmt og sårt
TEATER

«Kaptein Nemos bibliotek»
Trøndelag Teater, Gamle scene
Av: Per Olov Enquist
Regi og dramatisering: Maria Drangeid
Scenografi og kostyme: Ida Grimsgaard og Anne Hoelsæter Hansen
Lysdesign: Eivind Myren
Komponist, lyddesign: Fredrik Storsveen
Med: Isak Holmen Sørensen, Fabian Heidelberg Lunde, Tone Oline Knivsflå, Ingunn Beate Strige Øyen, Jo Saberniak og Ingrid Bergstrøm.
Ei vond og vakker framsyning der du må godta å bli leidd inn i ei draumeverd der ikkje alt er til å forstå..
Nokre teateroppsetjingar gjer at du ikkje veit heilt om du har forstått alt samstundes som det likevel er noko som fengslar deg. Og etter kvart som framsyninga veks på deg, blir ho berre betre og betre. Slik er det av og til med Maria Drangeids produksjonar, og slik var det så avgjort med «Kaptein Nemos bibliotek» på Trøndelag Teater. Det er dette gåtefulle som gjer Drangeids oppsetjingar så gode og spesielle, særleg når ho lykkast så bra som denne gongen.

Per Olov Enquist (1934-2020) skreiv romanen «Kaptein Nemos bibliotek» i 1991. Det er ei trist bok om eit vanskeleg tema. To gutar blir forveksla ved fødselen og først etter seks år blir feilen oppdaga og gutane sende til sine biologiske foreldre. Men kva skjer når du er blitt knytt til dei du trur er foreldra dine og plutseleg må flytte til andre? Boka er bygd på ei sann historie og vi følgjer den eine guten og fostersystera hans når han nokre få år seinare ser det heile i retrospekt. At den første faren dør, den første mora deretter blir ein svartsynt pietist, den nye mora er sjuk, og miljøet samstundes er ekstremt religiøst fordømmande, gjer ikkje situasjonen enklare. Og når Jesus ikkje har tid (!), er det godt at den gåtefulle Kaptein Nemo dukkar opp i gutens draumeverd, ein person som kan gi trøyst og tilhøyrsle. Sentral er også den om lag jamgamle fostersystera Eeva-Lisa som har «kome i ulykka» og som har guten som sin einaste hjelp og trøyst.

Framsyninga tek meir utgangpunkt i romanen enn å vere ei rein dramatisering av han. Og for dei som ikkje har lese boka, er det berre å slappe av og la seg bli leidde inn i dette underfundige og ikkje alltid like forståelege universet mellom draum og røyndom. For i Maria Drangeids regi er vi nok meir i fantasien og draumane enn i realismen. På Gamle scene byggjer scenografien og kostyma til Ida Grimsgaard og Anne Hoelsæter Hansen opp om det same og spesielt at dette er ei framsyning med mange lag. Mykje av scenografien er lag på lag av draperi. Kostyma er outrerte, stiliserte og symboltunge. Slik er også spelestilen til alle på scena, noko som gir god distanse til realismen. Framsyninga er full av metaforar, ofte frå dyreverda. Eit katteskjelett er viktig, og når Eeva-Lisa føder ein fisk og ikkje eit barn, er dette sjølvsagt også meint metaforisk, utan at eg skal øydeleggje opplevinga med mi tolking.

Eit samspela ensemble byggjer godt opp under Drangeids berande idear. Fabian Heidelberg Lunde er som Kaptein Nemo eitt av få lyspunkt i dette svarte universet, og han er ein ekspert i å gi sjølv dei tyngste scener ein snev av noko humoristisk. Tone Oline Knivsflå er overtydande som den tragiske Eeva-Lisa, og samspelet hennar med guten er noko av det finaste i framsyninga. Men dette dreier seg først og fremst om «guten». Isak Holmen Sørensen nyttar heie det store registeret sitt når han vart og inderleg formidlar barnets opplevingar. Litt naivistisk og spørjande, og med stadige små hint til publikum, gir han oss eit strålande innblikk i eit sårt gutesinn på eit vis som er både varmt og trist.
(Meldinga stod i Klassekampen laurdag den 7. november 2026.)