Sanninga er kaotisk

Sanninga er kaotisk

TEATER

VED BARDISKEN: Ein gratis kopp te utviklar seg over år til eit mareritt og ein skog av problem for Richard (Iver Innset). FOTO: BERTINE MONSEN

«Baby Reindeer»
Nordland Teater
Av: Richard Gadd
Omsett av: Ketil Kolstad
Regi: Hanne Brincker
Scenografi og kostyme: Niels Secher
Lysdesign: Johan Haugen
Musikk og lyddesign: Ann Sissel Nilsen
Med: Iver Innset

Framifrå regi og ei uvanleg god rolletolking gjer «Baby Reindeer» til ei sterk og vond, men også underhaldande og humoristisk oppsetjing.

Stalking er ei personforfølging der nokon gir deg uønskt merksemd, systematisk følgjer etter deg og plagar deg. Slikt har truleg eksistert til alle tider, men med telefon, internett og sosiale media er det verre å verne seg. Det fekk den skotske dramatikaren og skodespelaren Richard Gadd oppleve då han etter ein hyggeleg gest som blei mistolka, opplevde årelang stalking med seksuell trakassering og oppringing til alle døgnets tider. Om dette skreiv han i 2019 ein monolog som seinare blei grunnlaget for miniserien på Netflix der han sjølv spela hovudrolla.

VANVIDD: Stalkeren Martha driv Richard (Iver Innset) til vanvidd. Han eig ikkje lenger sitt eige liv. FOTO: BERTINE MONSEN

Monologen er nå omsett til norsk og hadde norgespremiere på Nordland Teater. Hovudpersonen er Richard Gadd, men stalkeren er anonymisert og blir kalla Martha. Richard bur i London, er 23 år gamal, arbeidar som komikar med eige show, og sper på inntekta med ein jobb som bartender. Ein kveld kjem ei forhutla kvinne, dobbelt så gamal som han, og påstår ho er stjerneadvokat. Men paradoksalt nok har ho ikkje pengar til å kjøpe noko. Richard føler medynk med henne, og for at ho skal få sitje i baren, gir han henne ein kopp te. Det skulle sjølvsagt ha blitt med det, men som bartenderar flest, er han ein empatisk og sosial person, og innleier ein samtale i ein spøkefull tone.

For Martha er dette blodig alvor, og det blir det også for Richard når ho tar til å kalle han «baby reindeer» og sender han tusenvis av særs seksuelt lada meldingar. Han mistar kontrollen over eige liv, blir plaga til alle døgnets tider, og det heile øydelegg også forholdet til kjærasten hans. Men Richard har også si historie. Under skodespelarutdanning eit par år tidlegare har han vore offer for eit overgrep som han valde å ikkje gjere noko med. Det, kombinert med ei viss medkjensle for Martha, gjer at det tar halvtanna år før han melder saka til politiet. Men som mannleg offer, møter han liten velvilje. Først tre år seinare skjer det noko, men stalkinga held likevel fram i andre former.

HJÅ POLITIET: Når Richard (Iver Innset) endeleg melder stalkinga til politiet møter han lite velvilje. FOTO: BERTINE MONSEN

På Nordland Teater har den danske scenografen Niels Secher laga ein installasjon som er eit opplevingsrikt kunstverk i seg sjølv. Ei heil rekkje vertikale, mobile element kan nyttast til kva det skal vere samstundes som dei er ein skog å gå seg vill i for Richard. I eit tett og nært samspel med Johan Haugens lysdesign og musikken til Ann Sissel Nilsen gir dette ei unik audiovisuell ramme for framsyninga.

SCENOGRAFIEN: Niels Sechers scenografi er som eit edderkoppnett eller skog å gå seg vill i for Richard (Iver Innset). FOTO: BERTINE MONSEN

Hanne Brincker har regien i ei framsyning som, trass i at det er ein lang og ordrik monolog, likevel er fullstendig utan daudpunkt. Ho nyttar heile scenerommet i dette edderkoppnettet av ein scenografi og spelar dramaturgisk på stadige stigningar og uventa brot. Når du trur det er over, held det likevel fram med ein ny vri. Utstrekt bruk av voiceover med talemeldingar og hyppig skjermpresentasjon av e-postar bidreg også til den klaustrofobiske stemninga Richard opplever. Slik har Brincker greidd å lage ei sterk, dramatisk og vond, men også underhaldande og særs humoristisk oppsetjing.

Det hadde ho ikkje fått til utan Iver Innsets eineståande mange, gode rolletolkingar. For sjølv om han i hovudsak er Richard og spelar han i første person, sjonglerer han også saumlaust mellom åtte andre roller. Med finstemd mimikk, akkurat passe lange pausar, kroppsspråk, toneleie og overraskande god bruk av ulike dialektar som markørar, gir han identitet og liv til alle. Den trønderske politietterforskaren er ei tragikomisk oppleving i seg sjølv. Det er mange som meistrar slike språklege sprang, men aldri har eg opplevd det så perfeksjonert som det Innset gjer.

FORMIDABLE TOLKINGAR: Iver Innset spelar ikkje berre Richard, men også åtte andre og det med ei innleving og ei fingerspisskjensle som på overtydande og imponerande vis gir dei alle kvar sin særmerkte og tydelege identitet. FOTO: BERTINE MONSEN

Richard, som dei fleste av oss, vel ikkje alltid dei luraste løysingane, og det gjer at han ofte blir fanga i eige nett. Ved at han ikkje berre er eit uskuldsreint offer, får framsyninga ein ekstra dimensjon, og slik sett langt meir truverd. For det er som han sjølv seier, – sanninga er kaotisk.

(Meldinga stod i Klassekampen måndag den 2. november 2026.)

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Finn ut mer om hvordan kommentardataene dine behandles.