Sjef over eige liv
TEATER

«Ser du dette?»
Nordland Teater og Rimfrost Produksjoner, Slipen scene, Rognan
Av: Sigrid Agnethe Hansen
Dramatisert av: Mari Andreassen
Regi: Morten Røsrud
Scenografi: Mari Lotherington
Komponist: Mie Bergh
Animatør og visuell designar: Emil Holmberg Lewe
Lyddesign: Thomas Hammer og Frode Fritjofsen
Lysdesign: Vegar Angel Andreassen
Med: Julie Sofie Reite, Kristoffer Hjulstad og Embla Persdottir
I dagens digitale verd skal ein stakkars tenåring vakte seg vel for ikkje heilt uforvarande og tankelaust å miste kontrollen over eige liv.
Anna går i niande klasse på ungdomskulen, men har nett skifta både bustad og skule. Ho og faren har flytta frå den gamle tettstaden og til farens opphavelege heimstad for å freiste å «ta til på nytt». I røynda er det snakk om flukt, for på den gamle plassen gjorde Anna noko dumt og kameraten hennar noko endå dummare. Ho delte eit bide av seg med vennen og kjærasten Lars som ho trudde ho kunne stole på. I denne alderen er det ikkje alltid like enkelt å fatte konsekvensane av eigne handlingar, og kor omfattande dei kan bli. For Lars delte bildet vidare, og før dei visste ordet av det, var det på alle telefonane på skulen. Korleis kan ei ungjente verje seg mot slikt? Det kan ho ikkje. Og jamvel om faren og andre stod på og konfliktråd blei engasjert, så låg bilda der, og Anna var ikkje lenger sjef i eige liv.

Dette er stutt fortalt historia i Sigrid Agnethe Hansens bok «Ser du dette?» frå 2022. Nå har Mari Andreassen dramatisert romanen, og i ein samproduksjon mellom Nordland Teater og Rimfrost Produksjoner turnerer stykket for tida Nordland fylke. Det er Morten Røsrud som har ansvaret for regien. Han er ein av dei fem faste i Rimfrost, og har regissert ei rekkje gode barne- og ungdomsframsyningar dei siste åra, både for Rimfrost og andre. Her har han laga ei tett og forenkla framsyning, godt egna for turné og små scener, og med berre tre skodespelarar. Dei spelar til gjengjeld heile åtte roller, og når Julie Sofie Reite berre er Anna, seier det seg sjølv at det blir mange hektiske skift for dei to andre. Det kan stundom bli litt heseblesande, men går i hovudsak greitt.

Scenografien til Mari Lotherington er ein enkel rigg med nokre veggar, møbel og fjorten skjermar. Og så er det sofabenkar som det ungdommelege publikummet blir inviterte til å sitje på for å illudere skuleklassen til Anna, samt at det gjer at framsyninga kjem nærare på dei unge. I denne settinga møter vi Anna (Julie Sofie Reite) og pappa (Kristoffer Hjulstad) i det dei flyttar inn i nytt husvære. Pappa er romsleg, raus og empatisk, men også litt fråverande og rastlaus ettersom han nok er på Tinder og andre plattformer for å få seg ny dame. På den nye staden bur også bestemora (Embla Persdottir) som er minst femti år framfor si tid. Ho har ei undertøys- og tobakksforretning, er steintøff, direkte, tidvis rå i kjeften og driv med aggressive korsstingsbroderi.
På første skuledag får Anna ei venninne, Tina (Embla Persdottir), som er alt det Anna ikkje er, i alle fall med tanke på musikk- og filmsmak. Og når Anna vil sjå bakemeisterskapet, vil Tina heller sjå skrekkfilm. Men dei finn likevel ein tone sjølv om det tek tid før Anna vågar å opne seg. Rykta går, eller gjer dei det? Når Anna møter nye klassevenner, og dei lurer på om dei har sett henne før, slik det ikkje er uvanleg å seie, går det likevel iskaldt gjennom henne.

Etter kvart som situasjonen i ny bustad og på ny skule er etablert, går framsyninga litt att og fram i tid og rom slik at vi får innblikk i kva som skjedde før pappa og Anna valde å flytte. Og det er når Anna og Lars (Kristoffer Hjulstad) i retrospekt viklar seg inn i tankelaus chatting og fotografering, og etter kvart bildedeling, at det verkeleg dreg seg til. Når det går opp for Anna at det som ligg på nettet er der til evig tid og utanfor hennar kontroll, blir det så vi sjølve kjenner på desperasjonen hennar. Ei slik historie har sjølvsagt inga enkel løysing, og same kva du gjer vil eit bilde på nett alltid kunne dukke opp att. Men det går an å få nye venner, og det er mogeleg å bli så trygg på seg sjølv at ein kan bli sjef i eige liv. Det er vakkert vist når Anna omsider vågar å fortelje Tina om kva som har skjedd, og det syner seg at bak den svarte musikken og skrekkfilmane skjuler det seg ei empatisk og varm venninne. Korleis det vidare går, er det ingen som veit, men det ser ut som Anna er på rett veg.
Julie Sofie Reite er trass sin unge alder alt ein røynd skodespelar. Kjenslevart og attkjenneleg formidlar ho den glade tenåringen som opplever at livet går i knas for så gradvis å bygge det opp att, men alltid med redsla for kva som kan dukke opp bak neste sving. Reites Anna er verkeleg til å tru på. Kristoffer Hjulstad og Julie Sofie Reite er for lengst blitt eit radarpar etter mange produksjonar på Nordland Teater, kjenner kvarandre godt, og står tilsvarande godt til kvarandre. Som pappa, som Lars og som nokre til, greier Hjulstad med enkle middel stort sett å takle alle skifta, sjølv om det kan bli vel mange av dei. Og det er i rolla som den forknytte og angrande, men likevel litt uforståande Lars, han verkeleg får vist seg, Embla Persdottir er med frå Rimfrost, men er så nyutdanna at det er meir korrekt å seie at ho kjem meir eller mindre rett frå skodespelarutdanninga på Nord. Men vekslinga hennar, spesielt mellom bestemora og venninna Tina, to på kvar si side temmeleg spesielle figurar, tek ho så overtydande og på så strak arm at det tyder på ein allereie røynd skodespelar.

Morten Røsrud har lagd ei framsyning som snakkar forståeleg og innlevingsrikt til ungdomen om eit tema som det er for seint å gjere noko særleg med når skaden først er skjedd, og som inviterer til grundige samtalar både på skulen og i heimane. Framsyninga er nå både del av Nordland Teaters turneprogram og Den Kulturelle Skolesekken. I regien nyttar Røsrud kanskje noko lang tid før det verkeleg dreg seg til, og det går som tidlegare sagt, vel raskt med nokre av skifta. Men i hovudsak er framsyninga godt dramaturgisk oppbygd. Bruken av dei fjorten skjermane og animasjonen til den visuelle designaren Emil Holmberg Lewe gir liv til framsyninga, både når det gjeld chatting og bilde, samstundes som dei er med på å styrke den klaustrofobiske kjensla Anna slit med. «Ser du dette?» er ei tematisk viktig framsyning, men er, særleg på grunn av gode skodespelarar, blitt noko langt meir enn berre eit pedagogisk lærestykke.
