Ritar eller trolldom

Ritar eller trolldom

TEATER

TROLLDOM?: Er dette voodoo, hekseri eller berre nokre religiøse ritar? Det kjem an på augo som ser. FOTO: HANNE NYGAARD

«Heks»
Rogaland Teater, Intimscenen
Av: Olga Ravn
Omsett, dramatisert og regissert av: Maria Drangeid
Scenografi og kostyme: Katja Ebbel
Komponist og lyddesign: Fredrik Almstedt Storsveen
Lysdesign: Mathias Langholm Lundgren
Med: Ragnhild Arnestad Mønness, Malene Wadel, Malin Landa, Marianne Holter og Matias Kuoppala

Leikent, absurd og humoristisk om eit særs alvorleg tema.

For fire hundre år sia heimsøkte dei såkalla hekseprosessane store delar av Europa og Nord-Amerika. Det meste gjekk føre seg i dei reformerte landa medan dei katolske stort sett gjekk fri. Der hadde dei i staden inkvisisjonen. I dobbelmonarkiet Danmark-Norge skaut prosessane fart med forordninga som kong Christian IV signerte i 1617. Den la ned forbod mot all form for trolldom, både svart og kvit magi. Det siste førte til flytande grenser mellom kjerringråd og gamle ritar, og det som blei rekna som trolldom. Omgrepet «heks» kom først i bruk fleire år seinare. Over 300 blei brende for trolldom i Norge, og meir enn 80 % av dei var kvinner.

TROLLDOM?: Eit aparte lite kvinnekollektiv: Dorte Kjærulf (Malin Landa), Apelone Ibsdatter (Matias Kuoppala), Maren Kneppis (Malene Wadel), Christenze Kruckow (Ragnhild Arnestad Mønness) og Elisabeth Klyne (Marianne Holter). FOTO: HANNE NYGAARD

Den danske forfattaren Olga Ravn (f. 1986) har arbeidd lenge med trolldomstematikken, og i 2023 ga ho ut boka «Voksbarnet» basert på fem verkelege kvinners historier. Same året blei framsyninga «Hex» sett opp på Det Kongelige Teater i København, dramatisert av Olga Ravn, Jeanett Albeck og Liv Hjelm. Nå har Maria Drangeid omsett, dramatisert og regissert framsyninga for Rogaland Teaters intimscene, og det er blitt både underhaldande og alvorleg, men først og fremst ei særs heilskapleg gjennomført framsyning, og ganske annleis i all sin absurditet.

I Katja Ebbels teikneserieaktige scenografi og med kreativ lyssetting av Mathias Langholm Lundgren opnar det med ein pulserande og flammeliknande bakvegg. Inn kjem fem kvinner som var dei ein sams kropp og i koreografert rørsle. Dei viser seg å vere eit slags kvinnekollektiv som møtest og dyrkar både rite, litt kvit magi, og kanskje også noko meir? Det er adelskvinna Christenze Kruckow (Ragnhild Arnestad Mønness) som lenge nyt godt av posisjonen som patrisiar. Det er prestefrua Elisabeth Klyne (Marianne Holter) som til slutt bergar skinnet ved å vitne mot dei andre. Dorte Kjærulf (Malin Landa) blei enke på akkurat passe tid, ung nok til å kunne ha eit liv, men for gamal til å måtte gifte seg på nytt. Apelone Ibsdatter (Matias Kuoppala) går etter kvart frå forstanden. Og Maren Kneppis (Malene Wadel) innleier eit lesbisk forhold til Christenze. Dei fem er tydelege einskildpersonar, eit slags kvinnekollektiv som driv med sine ting. Men dei går også ut og inn av andre roller og blir både aktor og andre personar.

NAIVISTISK: Eit absurd og litt teikneserieaktig univers i scenografien og kostyma til Katja Ebbel. FOTO: HANNE NYGAARD

Maria Drangeid har vald ei gjennomført absurd og leiken tilnærming, litt naivistisk i forma, og der dei fem framstår både som heile personar og samstundes noko sjablongmessig og passe overspela. Drangeid har openbert hatt ein klår idé med denne framsyninga, og gjennom å vere tru mot den, har ho skapt ein uvanleg heilskapleg gjennomført produksjon. Lys, scenografi og i særleg grad kostyma til Katja Ebbel bidreg i same retninga. Og heilt avgjerande for det vellukka resultatet er Fredrik Almstedt Storsveens musikk og songar, framført både solo og i kor, og som gjer framsyninga nesten til ein musikal.

Rogaland Teater har i mange år vore kjend for godt ensemblespel, og sjølv om det er mange gode einskildprestasjonar, kanskje spesielt Kuoppalas infame tolking av Apelone, er dette eit velsynkronisert samspel der dei fem stundom framstår som ein kropp før dei løyser seg opp i fem ulike individ.

NESTEN VANLEGE?: Fem aktørar (Marianne Holter, Malin Landa, Matias Kuoppala, Ragnhild Arnestad Mønness og Malene Wadel) som alle har ein ironisk distanse til rollene sine og det som skjer. FOTO: HANNE NYGAARD

Framsyninga er leiken, humoristisk, og framstiller ikkje kvinnene som fullstendig sakeslause offer. Dei har sine historier og driv med voksdokker (ein slags voodoo) og både kvit og svart magi utan at dei blir troll av den grunn. Gamle ritar, som ei Luciafeiring, kan fort bli noko heilt anna når angjevarane blir for ivrige. Og med Drangeids absurdhumoristiske tilnærming blir kontrasten så ekstra sterk når vi mot slutten får presentert prosessane, torturen og avrettinga. Framleis absurd, men ikkje spesielt humoristisk.

(Meldinga stod i Klassekampen laurdag den 3. oktober 2026.)

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Finn ut mer om hvordan kommentardataene dine behandles.