Varme og sosial angst

Varme og sosial angst

TEATER

ÅLEINE PÅ DJUPT VATN: Elling (Olve Løseth) og Kjell Bjarne (Emil Olafsson) skal flytte for seg sjølv. Men korleis skal det gå? FOTO: ANTERO HEIN

«Elling & Kjell Bjarne»
Nye Hjorten Teater
Av: Ingvar Ambjørnsen
Dramatisert av: Axel Hellstenius i samarbeid med Petter Næss
Regi: Atle Knudsen
Scenografi og kostyme: Gjermund Andresen
Komponist: Sindre Hotvedt
Lysdesign: Eivind Myren
Lyddesign: Erlend Solli Aune
Med: Olve Løseth, Emil Olafsson, Ida Göransson og Henrik Bjelland

Ei varm og humoristisk framsyning med to engstelege unge menn det er lett å bli glad i.

Då Nye Hjorten Teater i Trondheim opna dørene for halvtanna år sia, var det som eit folkeleg musikal- og varietéteater. Teateret har satsa på relativt kjende musikalar og oppsetjingar som burde kunne nå og fenge eit stort publikum, sjølv om slikt ikkje er gitt berre med eit trygt repertoarval. Men teateret har også våga seg ut på noko meir usikker grunn med oppsetjinga «Mennesket og Maskinen» der Inga Strümke fekk drive folkeopplysing om KI forkledd som teater. Det var i alle fall ikkje gitt at den skulle bli ein suksess, men det blei den så avgjort. Det same galdt Lisa Tønnes høgst personlege monolog «Elsk meg i plenum». Med den siste produksjonen, «Elling & Kjell Bjarne», har teateret nok ein gong drista seg til å setje opp noko som ikkje er ein musikal, og sjølv om Ingvar Ambjørnsens varme forteljing for lengst er blitt folkeeige, både gjennom bøker, film og teateroppsetjinga på Oslo Nye i 1999, er det langt frå enkelt å setje opp noko der folk i så stor grad identifiserer det heile med skodespelarane Per Christian Ellefsen og Sven Nordin. Men i hovudsak må eg seie at Nye Hjorten lykkast.

Elling (Olve Løseth) og Kjell Bjarne (Emil Olafsson) er to unge menn som slit med sosial angst Her er det langt meir Ludvig enn Solan Gundersen, for alt, absolutt alt er skummelt. Elling er den danna, litt intellektuelle med ein poet i magen, og som gjerne vil framstå som utdanna og velartikulert, men som har ein agorafobi så stor at han korkje vågar seg på butikken eller å ta telefonen. Men likevel er han ganske høg på seg sjølv jamvel om hans sjølvinnsikt er stor nok til at han erkjenner sine eigne avgrensingar. Kjell Bjarne er ein langt enklare sjel, litt overvektig, rett fram, og definitivt ikkje den skarpaste kniven i skuffa. Han lir av at han aldri har fått pult, og i følgje Elling lærte han seg ikkje å lese før han fekk sitt første pornoblad.

SPORADISK TILSYN: Tilsynsleiaren Frank (Henrik Bjelland) stikk innom av og til, men elles må Kjell Bjarne (Emil Olafsson) og (Elling (Olve Løseth) greie seg sjølve. FOTO: ANTERO HEIN

Etter eit opphald på institusjonen Brøynes blir dei to vurderte som kanskje i stand til å klare seg åleine. Dei får ein trygdeleilegheit, og Frank (Henrik Bjelland) som er tilsynsleiaren deira, hjelper dei med innflyttinga før dei blir kasta ut på djupt vatn utan å vere særleg symjedyktige. Slikt blir det sjølvsagt både vanskelege, varme, vonde og ikkje minst komiske situasjonar av. Vi følgjer dei to og deira forskremte forsøk på sosialisering, som å ta telefon, gå på butikken og å gå ut og ete. Det meste er fåfengt.

Men rett før pause får vi ein cliffhanger når Kjell Bjarne finn ei nærast livlaus kvinne i trappa. Det syner seg å vere nabokvinna, Reidun Nordsletten, vart og nydeleg portretter av Ida Göransson. Ho er stupfull og gravid, og syner seg også å vere ein enkel person, om ikkje så enkel som Kjell Bjarne. Frå å vere redd for det meste, handlar han nå, nærast på instinkt, rett når det gjeld, og med ein slags medmenneskeleg ryggmergskjensle tar han seg av Reidun medan Elling berre vil la henne liggje til andre finn henne. Under over alle under, – det oppstår søt musikk mellom Reidun og Kjell Bjarne, og det er ikkje så lett for Elling å vere femte hjul på vogna. Men heller ikkje enkelt for Kjell Bjarne å vite korleis han skal gå fram. Her blir det mykje varme som fort kunne ha blitt sentimentalt kliss, men som styrer klårt unna ei slik fallgruve, og det blir masse lun situasjonskomikk. Utan at vi heilt eksplisitt får fortalt korleis det går, ser vi at både Elling og Kjell Bjarne veks med utfordringane dei får.

VANSKELEG FOR ELLING: Det blir kleint for Elling (Olve Løseth) når han og Kjell Bjarne (Emil Olafsson) får besøk av nabokvinna Reidun Nordsletten (Ida Göransson) som har fått eit godt auge til Kjell Bjarne. FOTO: ANTERO HEIN

Eivind Myrens lyssetting og Gjermund Andresens scenografi er relativt diskret og let handlinga og konversasjonen til dei to få vere det viktigaste. Scenografien er trygdeleilegheita (utan veggar) med interiør og rekvisittar frå nittitalet, og med forsiktig bruk av dreiescena. I dette vesle universet lever dei to i sin eigen boble medan verda går rundt og rundt (eller er det dei som gjer det?) utan at det ser ut til å affisere dei.

Atle Knudsen har hatt regien. Han har, etter det eg veit, berre gjort regi på ei større teaterframsyning tidlegare, men det var til gjengjeld «Hedda Gabler» på Hålogaland Teater i fjor (også den med Gjermund Andresen på scenografi), ei framsyning eg heldt fram som den beste eg såg i 2025. Og om han ikkje har gjort mykje teater, er han særs merittert frå TV med regi på så vellukka produksjonar som «Kristiania Magiske Tivoliteater» og delar av «Kampen for tilværelsen». I «Elling & Kjell Bjarne» har han vore tru mot Ambjørnsens forteljing og latt dei to få vere i sentrum utan mykje utvendig staffasje, og det er eit trygt, men også godt val. Han kunne kanskje ha freista å leggje inn meir av eiga tolking, men framsyninga står seg fint slik ho gjer.

VENNSKAP: Trass store skilnadar er det umake paret Elling (Olve Løseth) og Kjell Bjarne (Emil Olafsson) likevel gode venner. FOTO: ANTERO HEIN

Det skuldast i stor grad dei to hovudrolleinnehavarane. Olve Løseth har i mange år gjort den noko komiske og sjølvironiske homsen til sitt varemerke, og sjølv om Elling nok er hetero, har Løseth tatt med seg mykje av den litt keitete komikken som han er så god på, og ikkje minst finstemt mimikk, rulling med auge og talande kroppsspråk. Som forteljar vender han seg stadig til publikum, og flørtar også stundom med oss. Emil Olafsson har også tidlegare synt at han meistrar ein person med sosial angst, som sist i hans eminente tolking av Henrik Meisel i «Den spanske flue» på Nationaltheatret tidlegare i år. Den Kjell Bjarne han portretterer er ein person det er fort gjort å bli veldig glad i. Løseth og Olafsson utfyller og står godt til kvarandre. I første akt tok det litt tid å etablere rollene, men då den gravide og stupfulle Reidun Nordsletten entra scena, løyste det meste seg opp. «Elling & Kjell Bjarne» er ei relativt trygg framsyning utan dristige nye regival, og ganske tru mot originalen. Framsyninga pretenderer vel heller ikkje å vere nyskapande dramatikk, men meir god underhaldning. Og der lykkast den i stort monn.

One thought on “Varme og sosial angst”

  1. Enig med anmelder. En var, sår og også humoristisk fortelling. Gode skuespillere som gjør karakterene troverdige.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Finn ut mer om hvordan kommentardataene dine behandles.