Ei kvinne på leiting

Ei kvinne på leiting

TEATER

LETT LAURDAGSUNDERHALDNING?: Kva er det Sara Fellman driv med? Er dette standup, er det quiz, eller kanskje berre enkel underhaldning ispedd song og litt tromming? Så feil kan ein ta. FOTO: TEATRET VÅRT

«Jeg har noen spørsmål»
Teatret Vårt, Storyville,
Av: Bjørnar Lisether Teigen
Regi: Bjørnar Lisether Teigen
Med: Sara Fellman

Det eg trudde ville vere litt lettvint underhaldning i kryssingspunktet mellom standup og quiz, viste seg å vere langt meir eksistensielt.

Vi sit på Storyville, biscena til Teatret Vårt i Molde ein sein laurdagskveld. Framfor oss står eit slagverk, og inn kjem Sara Fellman som seg sjølv og skal framføre ein monolog med tittelen «Jeg har noen spørsmål», og med undertittel «Kom på quiz». Monologen er skriven og regissert av Bjørnar Lisether Teigen, til vanleg skodespelar ved teateret. Eg må vedgå at eg rekna med å få litt lett underhaldning, meir i standup-sjangeren enn eigentleg spesielt seriøs dramatikk. Og opninga tydde på at eg hadde rett. Uformelt kledd i bukse og ein altfor stor strikkagenser, vender Fellman seg til publikum og lurer på om det ikkje kan bli vel mykje quiz. Ho spelar på oss i salen, stiller oss spørsmål og får svar ved handsopprekking. Slik det ofte er på standup ein sein laurdagskveld.

I tillegg har ho nyleg lært seg å spele slagverk og syr det heile saman med både roleg og heftig spel. Og song, som ho påstår å ha skrive sjølv. Så går ho med eitt over til å fortelje ei historie der eitt eller anna i den skal vere eit spor for eit framtidig spørsmål. Det blir ei spennande forteljing som gjer at eg fort gløymer quizen. Men så kjem det nye forteljingar, mellom anna om den altfor store genseren som ho har strikka sjølv, og om alle smykka som ho har smelta om til ein gullklump. Og om slagverk, song og mykje meir.

HEIMESTRIKKA, MEN AV KVEN?: Ein alt for stor genser, strikka av Sara Fellman. Eller? FOTO: TEATRET VÅRT

Sara Fellman er ein særs dugande skodespelar som kan det meste om timing, stemmemodulering, fysisk spel, handtering av publikum og mykje meir. Og på grunn av kompetansen hennar og at teksten har eitt eller anna fengslande, så følgjer eg med, men eg må vedgå at eg lenge sat og lurde på kva dette var.

Men så gjekk det opp nokre lys. Og den som har lese romanen «Hvis en reisende en vinternatt» av Italo Calvino, vil kunne skjønne kvifor. Det er ei bok der kvart av dei mange kapitla fortel ulike historier som aldri blir fullført, og når du har kome inn i ei historie og tatt til å engasjere deg, stoppar ho utan vidare for så å gå over til ei ny. Slik blir lesaren sitjande og irritere seg gjennom det meste av boka. Til dei siste sidene der alt det ein ikkje skulle tru hadde noko med kvarandre å gjere, likevel blir knytt saman til ei samanhengande og forståeleg forteljing. Du kjenner deg sjølvsagt litt lurt, men på ein god måte.

GULLE GOD: Sara Fellman byr på seg sjølv med det vi lenge trur er personlege vitnemål. FOTO: TEATRET VÅRT

Slik var det også med Sara Fellmans monolog. Det er mogeleg dette blir ein røpealarm, men det får våge seg. Mot slutten av monologen hennar forstod eg at dette handla ikkje om innhaldet i det ho fortalde, men kva ho ville med det. Det handla om ei ung kvinne på leiting. Det var jakta på sjølvet. Rein eksistensialisme. Og så fell alle brikkene på plass samstundes som ho avslutta med ei sår og nydeleg tolking av «What’s up» av Linda Perry og 4 Non Blondes.

Men framsyninga fekk for meg også eit etterspel då eg forstod at eg var lurt trill rundt nok ein gong. Sara Fellman var strålande. Ho spela seg sjølv og det blei understreka av at ho også baud på seg sjølv i uvanleg stor grad. Så jamvel om Bjørnar Lisether Teigen både hadde skrive og regissert monologen, rekna eg med at mykje også måtte vere laga av Fellman. Som historia om den sjølvstrikka genseren og alt det andre som verka så personleg. Men nok ein gong blei eg ført bak lyset, for dette var tvert om genseren til Teigen, Og det var han som hadde skrive alt, også det som eg trudde var personlege vitnemål frå Fellman. Men nok ein gong kjentest det likevel godt å bli lurt. Særleg fordi den intelligente teksten som ligg i botn for monologen, er så dyktig laga at han verka som eit ekte og personleg vitnesbyrd frå Fellman sjølv. Bjørnar Lisether Teigen har dei siste åra vist at han verkeleg har noko på gang, både som dramatikar og regissør, men også som skodespelar, for vi må ikkje gløyme at han i vår blei Heddanominert som beste skodespelar for tolkinga si av Peer Gynt.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Finn ut mer om hvordan kommentardataene dine behandles.