TEATER

«Den stygge»
Nordland Teater
Av: Marius von Mayenburg
Omsett av: Jørgen Norheim
Regi: Stef De Paepe
Scenografi, lys og kostyme: Amber Vandenhoeck og Renée Faveere
Med: Kristoffer Hjulstad, Linda Mathisen, Julie Sofie Reite og Stein Elvestad
Ein satirisk og tidsaktuell fabel om kva jakta på den perfekte utsjånaden kan føre til.
Den tyske dramatikaren Marius von Mayenburg set ofte eit kritisk, humoristisk og absurd skråblikk på kvardagsfenomen til både lått, attkjenning og ettertanke. Kroppspress og jakta på ein perfekt utsjånad har eskalert dei siste åra, og folk legg seg villig under kniven. Alt i 2007 skreiv von Mayenburg eit satirisk drama som sette eit skarpt søkeljos på fenomenet. «Den stygge» (Der Häßliche) hadde norgespremiere på Det Norske Teatret i 2010, og det er den gode omsetjinga Jørgen Norheim gjorde den gongen som Nordland Teater nå nyttar i si oppsetjing.

Ingeniøren Lette (Kristoffer Hjulstad) har utvikla ein revolusjonerande sterkstrømskontakt som skal presenterast på ein kongress. Litt overraskande er det at assistenten hans (Stein Elvestad), som ikkje har bidratt med mykje, skal gjere presentasjonen. Lette forstår lite av det, før sjefen hans (Linda Mathisen) etter mykje om og men fortel han det ho trudde Lette for lengst hadde forstått. Han er rett og slett for stygg til å vere i stand til å selje noko som helst. Når kona hans (Julie Sofie Reite) må vedgå at han er så lite tiltalande at ho berre ser han i det eine auget, og aldri i andletet, forstår Lette at utsjånaden han har vore fortruleg med heile livet, ikkje er brukbar. Han let seg overtyde til ein operasjon, og sjølv om legen er ein sjarlatan, blir resultatet uventa vellukka. Og suksessen følgjer. Kvinnene ligg flate for han, og i særleg grad den 93-årige eigaren av verksemda som vil kjøpe og produsere kontakten. Ho har sjølv vore gjennom eit utal operasjonar, er sprengkåt, og Lettes sjef meiner han må gi etter for den rike gamle damas attrå for å trygge salet av kontakten.
Så populær blir utsjånaden til Lette at alle vil sjå slik ut. Ettersom kirurgen ser ein gullkanta leveveg, men ikkje har så stort repertoar, blir det raskt ei heil rekkje menn som er til forveksling lik Lette. Kva skjer med identiteten din når du er prikk lik alle andre? Og når alle er like vakre, er det ikkje lenger Lette, men den som er billegast, som får arbeid og oppdrag. Med treffsikkert blikk og gjennom absurde, komiske, men likevel lett attkjennelege situasjonar, syner von Mayenburg oss kapitalens og medias nådelause jag etter det perfekte. Narsissismen blir leiande religion, og menneskeleg identitet er den store taparen.

Sjølv om dramaet har mange aktørar, har von Mayenburg understreka at det er skrive for fire skodespelarar der Lette er den einaste som spelar seg sjølv heile tida. Det vesle ensemblet gir oss eit strålande ensemblespel og greier på utmerka vis å gå ut og inn av roller utan kostymeskift, men berre med små brot. Gjennom tidvis ulike spelestilar gir dei oss eit mangefasettert menasjeri. Kristoffer Hjulstad syner oss på overtydande vis utviklinga frå den heilt vanlege ingeniøren som med ny utsjånad opplever både suksess og fortviling gjennom miste av eigenverd og identitet. Stein Elvestad har ei neddempa og diskré framtoning som assistenten til Lette, og som sonen til den rike dama. Julie Sofie Reite er Lettes kone, den rike, gamle dama og legeassistenten. Ho er heilt infam som den sprengkåte rynkefrie 93-åringen samstundes som ho gir godt liv til både kona og legeassistenten. Men det er Linda Mathisen som er den store komikaren i rollene som kirurgen og Lettes sjef. Med presis timing, godt kroppsspråk og komisk fingerspisskjensle tek ho det heilt ut utan å vere i nærleiken av overspel.
(Meldinga stod i Klassekampen måndag den 20. april 2026.)
