TEATER

«Draum om hausten»
Teatret Vårt
Av: Jon Fosse
Regi: Tatu Hämäläinen
Scenografi og lysdesign: Jakob Oredsson
Kostymedesign: Vilde Pettersen
Maske: Signe Becker
Komponist: Tatu Rönkkö
Med: Conrad James McLean, Johanna Mørck, Kjersti Sandal, Herman Bernhoft og Anette Sissener Amundsen
Ei poetisk og bilderik framsyning som appellerer til fabulering om dei store spørsmåla i tilværet.
På ein regntung haustdag møtest Mann (Conrad James McLean) og Kvinne (Johanna Mørck) på ein kyrkjegard. For mange år sia hadde dei to eit forhold, men så har han gifta seg og fått ein son, og ho har flytta frå heimbyen. Møtet deira er tilsynelatande tilfeldig, men båe ber på løynde draumar, og har truleg vore her fleire gongar i håp om kanskje å møtast. Samtalen mellom dei to er attkjenneleg og med både varme og humor avdekker Jon Fosse i «Draum om hausten» gamal kjærleik og undertrykt lengt. Dei veit båe at dette ikkje er greitt, og dei både vil og vil ikkje.

Så er vi på kyrkjegarden att nokre år seinare i samband med at bestemora til Mann skal gravleggjast. Der møter vi Mor (Kjersti Sandal) og Far (Herman Bernhoft) som er spente på om Mann kjem. Då forstår vi at han har gått frå kona og sonen og busett seg saman med Kvinne. Kontakten med foreldra, ekskona og sonen er broten. Gjensynet, og ikkje minst foreldras møte med Kvinne, blir langt frå hjarteleg, og betre blir det ikkje når ekskona Gry (Anette Sissener Amundsen) også dukkar opp, og samstundes kan fortelje at sonen Gaute er på sjukehus. Det blir fleire møte, for Gaute dør, og etter kvart også Far og Mann. Alle i dette universet er på veg mot det endelege, slik Fosses drama er ein tilbakeskodande refleksjon over døden. Og dermed også over livet. Var dette alt? Kva gjer vi med kvardagen, kjærleiken, og alt det andre som fyller den stutte tida før døden finn oss alle?
Teatret Vårt i Molde har henta inn den finske regissøren Tatu Hämäläinen for denne produksjonen. Han har dei siste åra sett opp både «Medea» og «Scener fra et ekteskap» ved det same teateret, to særs gode oppsetjingar med eit særeige scenespråk. Slik er det også denne gongen. «Draum om hausten» er blitt oppført ei rekkje gonger sia urpremieren i 1999. Dei fleste oppsetjingane eg har sett har vore framført ganske teksttru og realistisk, og utan mykje staffasje eller fysisk spel. Hämäläinen har vald ei anna tilnærming og tatt dramaets tittel på ordet. For både gjennom scenografi, kostyme og masker blir det vanskeleg å skilje kva som er draum, røyndom, det hinsidige eller her og nå. Det gjer framsyninga meir poetisk, fabulerande og reflekterande og der vi som publikum blir inviterte inn i draumeverda der både haust og kyrkjegard kan vere symboltunge metaforar.

Scenografien til Jakob Oredsson er eit stort ope rom med eit opplyst rektangel som ein manesje der handlinga skjer. Men på sidene, som fort kan representere ein annan dimensjon, skjer det også mye. Det er ikkje alltid like forståeleg, men til å undrast og fabulere over der nokre av personane kan verke meir hinsidige enn reelle. Kostymedesignen til Vilde Pettersen, og ikkje minst dei gåtefulle maskene til Signe Becker, byggjer opp under det same drøymande universet.
Conrad James McLean er relativt nyutdanna, og rolla som Mann er den første berande rolla eg har sett han i. I opningsscena set han og Johanna Mørck verkeleg standarden for denne framsyninga der dei på leikent og overtydande vis gir oss eit nølande møte, ein spennande og attkjenneleg dialog, mykje underliggjande humor i den alvorlege, og eigentleg eksistensielle samtalen som etter kvart får dampande erotiske undertonar. Herman Bernhoft har fått mindre å spele på, men er tydeleg og klår som ein overberande Far. Og Anette Sissener Amundsen som ekskona Gry, er ikkje heilt av denne verda, korkje i påklednad eller uttrykk. Ho minner meir om eit gjenferd som heimsøkjer Mann og hans samvit, enn eit verkeleg menneske.

Like mykje som dette handlar om livet og døden, og om sakn, og håp, handlar det også om forholda mellom menneska og alt det usagte. Og her er tolkinga Kjersti Sandal gjer av Mor formidabel. På elegant vis er ho både intrigant og infam, grensande til det vondskapsfulle. Ho gir oss ei kvinne blotta for sjølvinnsikt. For ho vil jo berre vel når ho i alt det indirekte og usagte plasserer ei mengd bebreidande kilar mellom Mann og Kvinne. Vi er ikkje alltid så gode med kvarandre, og det er ikkje lett å vere menneske.
(Meldinga stod i Klassekampen måndag den 16. mars 2026.)