For mange historier

TEATER

MENNESKE ELLER OBJEKT: Skal Armauer Hansen (Karl-Vidar Lende) ofre eit allereie sjukt menneske (Stine Robin Eskildsen) for å få gjennombrot i forskinga si? FOTO: SEBASTIAN DALSEIDE

«Doktor Armauer Hansen»
Den Nationale Scene, Marinehagen
Av: Stig Amdam
Regi: Stig Amdam
Scenografi og kostyme: Tora Troe
Lysdesign: Arne Kambestad
Med: Karl-Vidar Lende, Stine Robin Eskildsen, Tormod Løvold, Kjersti Elvik, Susann Bugge Kamberstad, Pål Rønning, Irene Waage, Reny M. Gaassand Folgerø, Lars Henrik Aarnes, Jonas Fuglevik Urstad, Harald Ottesen Nødtvedt mfl.

Armauer Hansens forskingsgjennombrot som viste at lepra korkje gjekk i arv eller var Guds straffedom, er vel verd eit drama, men denne oppsetjinga vil for mykje til at ho lukkast.

Spedalsksjuka, eller lepra, har til alle tider vore sjukdomen til dei utstøytte. På slutten av 1800-talet var det lite att av den i Norge, men på vestlandet hadde den klort seg skikkeleg fast. I Bergen var det til saman om lag 500 pasientar på fleire store institusjonar. Ein av dei fremste forskarane på området var overlegen Daniel Danielssen (1815-1894). Han meinte å ha ført prov for at sjukdomen var arveleg. Difor heldt ein dei sjuke isolert slik at dei ikkje skulle kunne formeire seg. I 1868 tilsette Danielssen den yngre legen Gerhard Armauer Hansen (1841-1912) som assistent på Pleiestiftelsen nr. 1 og Lungegårdshospitalet. Hansen fekk ikkje teorien om det arvelege til å stemme, og meinte at lepra i staden var smittsam. Gjennombrotet kom i 1873 då han gjennom mikroskopet oppdaga leprabasillen. Dette var eit internasjonalt vendepunkt i læra om bakteriar og smitte, og arbeidet hans danna også grunnlag for moderne patologi og epidemiologi. Men Armauer Hansens bruk av dyreforsøk i forskinga ga han ikkje ønska resultat. Så i 1879 poda han lepramateriale inn i auget på den 32 år gamle pasienten Kari Spidsøy utan hennar samtykke. Det blei opprør på sjukehuset, saka blei meld, og året etter blei Armauer Hansen frådømt stillinga si som lege ved Pleiestiftelsen, men han fekk halde fram med forskinga. Slik blei han den første som blei dømt for uetisk forsking i Norge.

LEPRA: Ved bruk av nyutvikla mikroskop greier Armauer Hansen (Karl-Vidar Lende) å oppdage Leprabasillen. Bak står sjefen og svigerfaren, Danielssen (Tormod Løvold), som i starten er skeptisk. FOTO: SEBASTIAN DALSEIDE

Lepra blir ofte kalla «Hansens sjukdom» og Armauer Hansen er ein av Bergens store søner. Dramatikaren, skodespelaren og regissøren Stig Amdam har difor skrive dramaet «Doktor Armauer Hansen» om mannen, forskinga hans, – og fallet. Den Nationale Scene i Bergen er for tida i eit nomadisk eksil på grunn av oppussing, så framsyninga blir vist i Marinehagen Amfi, eit lokale som i utgangspunktet ikkje er laga for teater. Det har scenografen Tora Troe løyst førebiletleg ved å gjere scena til eit stort, kaldt ope rom, nøkternt og sterilt, og slik fanga mykje av atmosfæren frå leprainstitusjonane. Amdam let oss følgje den femtenårige Kari Spidsøy (Stine Robin Eskildsen) frå ho som konfirmant oppdagar utsletta og blir innlagd på sjukehuset der syster hennar alt har vore ei tid. Så møter vi den unge, ambisiøse Armauer Hansen (Karl-Vidar Lende). Han får jobb hjå Danielssen (Tormod Løvold). Ein viktig person er også den myndige sjefssjukepleiaren (Kjersti Elvik). Alle desse fire leverer framifrå og overtydande rolletolkingar, og særleg gnistrar det av diskusjonane mellom dei to forskarane. Karl-Vidar Lendes oppgjer med dei som meinte at lepra var Guds straffedom, er i tillegg ei lita framsyning i framsyninga.

Vi følgjer forskinga og livet på sjukehuset som ein stor sosial roman. Den ulike årsaksforståinga til Danielssen og Hansen er gitt mykje plass. Her er det den unge sanningssøkjaren som set seg opp mot gamle autoritetar og etablerte sanningar, og i tillegg blir svigerson til den gamle. Danielssen let seg etter kvart overtyde og blir ein av pådrivarane for at Hansen skal gjere sine uetiske eksperiment.

UTAN SAMTYKKE: Armauer Hansen (Karl-Vidar Lende) påfører Kari (Stine Robin Eskildsen) smitte medan sjukepleiaren (Kjersti Elvik) hjelper til. FOTO: SEBASTIAN DALSEIDE

Stig Amdam har også regien, og i framstillinga av det komplekse forholdet mellom dei to forskarane, er han på sitt beste. God er også miljøskildringa frå institusjonen der ein stundom nesten kan kjenne luktene. Finalen med eksperimentet der ein pasient blir gjort til eit dehumanisert forskingsobjekt, og spørsmålet om kva ein kan gjere i tenesta til «det gode føremålet», er også sterkt formidla. Sjølv om eg personleg meiner Amdam kunne ha dvelt litt meir ved dette temaet.

For problemet til denne framsyninga er at ho vil så alt for mykje og ikkje greier å konsentrere seg om det viktigaste. Amdam har som dramatikar gjort grundig forarbeid, men som regissør har han ikkje vore kresen nok i valet av det han skulle presentere. I staden for eit tett drama om lepraens historie på vestlandet, om forskingsgjennombrotet og om lege-etikk og pasientrettar, er det blitt ei vareoppteljing av likt og ulikt. Stundom underhaldande, men sprikande og retningslaust slik at ein etter framsyninga lurer på kva Amdam eigentleg har ønska å fortelje.

(Meldinga stod i Klassekampen torsdag den 12. mars 2026.)

Leave a Reply