Surrealistisk utanforskap

TEATER

BORTGØYMD: Fiolinmusikken til Grete greier ikkje å overdøyve ulydane frå insektet Gregor når foreldra skal freiste å sjarmere ein framtidig leigebuar. FOTO.SAMFUNDET NO

«Metamorfose»
Studentersamfundets Interne Teater (SIT), Sitatet
Av: Franz Kafka
Omsett av: Øyvind Berg
Dramatisert av: David Farr og Gísli Örn Garðarsson
Regi: Eirun Asting-Kjesbu
Scenografi: Ingrid Valaker
Kostymedesign: Gisken Amble
Med: Filip Giertsen Øigarden, Rakel Vada, Jakob Eiklid, Emma Landsem Kjelvik og Solveig Smestad

Kva gjer vi med det uforståelege og dei som fell utanfor? Om dette handlar den siste produksjonen til SIT.

Studentersamfundets Interne Teater (SIT) set seg stadig store kunstnarlege mål. Franz Kafkas surrealistiske univers er ikkje det enklaste å ta tak i, men på Samfundets black box, biscena «Sitatet», har SIT nå presentert «Metamorfose» på eit vis som i hovudsak greier å formidle det meste.

Forfattaren Franz Kafka (1883-1924), tyskspråkleg, men fødd i Praha var utdanna jurist, og blir, trass ein ikkje alt for stor produksjon, rekna som ein av førre hundreårets viktigaste forfattarar. Hans dels sjølvbiografiske absurde historier om utanforskap har gitt namn til eit omgrep dei fleste nyttar, utan at dei har lese noko av han, som når dei seier at «det er heilt Kafka» i tydinga absurd eller uforståeleg. Dei to mest kjende litterære verka hans er romanen «Der Prozess» («Prosessen») som blei utgitt posthumt i 1925 og novella «Die Verwandlung» («Forvandlingen») frå 1915.

SIT har tatt tak i den siste og nytta dramatiseringa som David Farr og Gísli Örn Garðarsson gjorde for Nationaltheatret i 2012, og i Øyvind Bergs omsetjing. Av ein eller annan grunn har dei kalla framsyninga «Metamorfose», som er den engelske nemninga, medan den norske omsetjinga er «Forvandlingen». Men det får vere ein bagatell i denne samanhengen.

AVSTAND: Insektet Gregor (Filip Øigarden) blir sett på som motbydeleg av systera Grete (Rakel Vada) og foreldra (Jakob Eiklid og Emma Landsem Kjelvik. FOTO.SAMFUNDET NO

Forteljinga går ut på at den unge handelsreisande Gregor Samsa (Filip Øigarden) ein dag vaknar opp og er blitt eit insekt. Gregor bur saman med foreldra sine og systera Grete (Rakel Vada). Faren (Jakob Eiklid) har gått konkurs og mora (Emma Landsem Kjelvik) er sjukeleg. Så Gregor arbeider seint og tidleg for å brødfø familien. Arbeidet har gått på helsa laus, og kanskje er det dette som er årsak til forvandlinga? Når han blir eit insekt, kan han framleis høyre og forstå dei andre, men for dei blir talen hans berre uforståelege ulydar. Inn i denne vesle familien kjem også Gregors sjef, ein lege og ein mogeleg leigebuar, alle spela av Solveig Smestad.

Foreldra finn den nye Gregor fråstøytande medan Grete er meir forståingsfull og freistar å gi han mat og ta vare på han. Men etter kvart blir han dehumanisert og tingleggjort ikkje berre av foreldra, men også av Grete. Slik det ikkje er uvanleg å forhalde seg til alle som er annleis både for hundre år sia og i dag. Og ettersom det er stor skilnad på ein ting og eit menneskeliv, går det ikkje så bra med Gregor. I dette ligg det eit hav av ulike tolkingshøve, og korkje Kafka, eller SIT for den del, legg så altfor tydelege føringar. Men opninga, som tek seg opp att i finalen, tyder på at same kor forferdeleg tilværet er, så er det likevel business as usual, og trivialitetane som tel.

INSEKTET: Filip Øigarden har ein ro og eit nærvær som gjer tolkinga hans av Gregor spesielt god. FOTO.SAMFUNDET NO

På biscena Sitatet er scenografien til Ingrid Valaker enkel, men illustrerande. Det er familiens vesle univers, Gregors soverom og familiens spisestue, skilde med ein vegg med dør, men open mot salen. I tillegg blir det nytta nokre videoprojeksjonar og skuggebilde. Regissøren Eirun Asting-Kjesbu har valt ein stilisert spelestil der aktørane, med litt unntak for Gregor og Grete, blir meir representantar for haldningar enn heile menneske. Og spelet er i stor grad frontalt der dei snakkar nesten vel så mykje til salen som til kvarandre. Saman med det grå og nøytrale der fargar er fullstendig fråverande, gir regien det heile eit kaldt preg som både allmenngjer og umenneskeleggjer handlinga. Alt dette fungerer fint og dreg i same retning. Med unnatak av Filip Øigarden som verkeleg imponerte i Molières «Den innbilt syke» for eit år sia, og som også deltok i UKE-revyen i haust, har eg ikkje sett nokon av dei andre fire tidlegare. Øigarden har ein ro og eit nærvær som gjer tolkinga hans av Gregor neddempa, lett fortvila, og særs god. I denne ikkje heilt realistiske presentasjonen av det surrealistiske, har han ikkje fått eit insektkostyme, men ei svartare klesdrakt enn dei andre, og eg vil tru at sjølv dei som ikkje kjenner historia frå før, forstår poenget.

Rakel Vada har fått litt meir empati å spele på enn dei tre andre, og blir lenge eit humant bindeledd mellom den fortvila broren og dei avvisande vaksne, men til slutt blir det også for mykje for henne, kanskje litt for brått og umotivert? Jakob Eiklid, Emma Landsem Kjelvik og Solveig Smestad er i regien gitt meir symbolske roller enn personar av kjøt og blod, særleg når dei alvorstunge og litt teatralsk vender seg mot publikum. Det fungerer faktisk ganske godt, og i dette ligg det også mykje humor som er med på å løyse opp alt det svarte.

Framsyninga er består av ein handfull ulike scener eller tablå, og som blir avbrotne av at lyset blir sløkt. Desse sceneskifta er ikkje like elegant utført, og her har oppsetjinga eit forbetringspotensial. «Metamorfose» er bygd på ei novelle, og varer berre ein dryg time. Men framsyninga går litt i eitt og på det jamne, og kunne kanskje ha fått litt strammare dramaturgisk tilarbeiding. Men alt i alt kjem SIT nok ein gong brukbart frå det, og det med eit stykke og eit tema som ikkje er av det enklaste. Og i tillegg med aktørar som etter det eg forstår i hovudsak representerer eit generasjonsskifte. Slikt står det respekt av.

Leave a Reply