TEATER

«Heimert»
Turnéteatret i Trøndelag
Av: Rasmus Rohde og Ane Aass
Regi: Ane Aass
Scenografi: Gjermund Andresen
Med: Karianna Sommerro, Jon Vegard Hovdal og Tore B. Granås
Varmt og humoristisk, men kanskje vel upretensiøst om ulike sider ved ruskulturen.
Frå inntak av rusmiddel via naturlege endorfinar til rein eufori har menneska til alle tider rusa seg. På godt og vondt er rusen ein viktig del av kulturhistoria vår. Turnéteatret i Trøndelag har difor latt Rasmus Rohde og Ane Aass skrive eit teaterstykke om ein del av ruskulturen som ser ut til å vere i ferd med å døy ut. Heimebrenning, eller heimert som ein seier i Trøndelag, var fleire stadar å sjå på som husflid, og mange i min generasjon har hatt sitt første møte med alkoholen gjennom kaffidokter eller karsk på grendehuset.
I «Heimert» møter vi den aldrande bonden og enkemannen Alf (Tore B. Granås) som held til på eit slite gardsbruk der han kosar seg med litt heimeavla i kaffien. Han har ramla og skadd seg, og sonen Lars (Jon Vegard Hovdal) kjem heim for å hjelpe faren før det offentlege trør til. Lars har flytta til Oslo, blitt urban kjendis med eige vinmerke. Så kjem den 17 år gamle Silje (Karianna Sommerro) som heimehjelpsvikar. Ho er treningsnarkoman og overambisiøs på eigne vegner. Her er tre personar som på tre ulike vis veit å ruse seg. Men er den eine rusen meir aktverdig enn den andre?

Gjermund Andresens scenografi er ein kreativ, men litt absurd framstilling av gardsbruket, og som på ikkje heilt vellukka vis kontrasterer realismen i spelestilen. Lag for lag avdekker regissøren Ane Aass historiene bak dei tre personane, deira løynde sider, og ikkje minst bakgrunnen for det vanskelege forholdet mellom far og son. Men trass i mange tunge bakteppe, er dette først og fremst ein varm komedie, proppa med heimert-humor i beste rorbua-stil. Tore B. Granås får briljere som eit oppkome i slike historier der nokre er bevisst kleine medan andre er hysterisk artige. Ideen til rammeforteljinga er god, men sjølve historia blir stundom litt føreseieleg. Det gjeld særleg rolla til sonen Lars. Gjennom godt spel greier Jon Vegard Hovdal likevel å gjere han litt meir mangefasettert. Karianna Sommerro er særs truverdig som den unge strevaren som etter kvart forstår at livet faktisk er til for å levast. Dei tre på scena utfyller kvarandre godt, det er presist samspel, replikkane sit laust og eg vil tru at mange vil kjenne seg att.
«Heimert» kunne nok ha bora litt djupare, men er likevel blitt ei upretensiøs, lun og humoristisk framsyning som er særs underhaldande.
(Meldinga stod i Klassekampen måndag den 9. mars 2026 men med både overskrift og ingress som var langt meir negativt ladd enn det eg hadde skrive.)
